Karita Bekkemellem
Karita Bekkemellem (fødd 15. januar 1965), som gift Karita Bekkemellem Orheim, er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet fødd på Lillehammer. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar.
I stortingsvalet 2005 blei Bekkemellem vald inn til sin femte periode for Møre og Romsdal fylke. I regjeringa Stoltenberg I var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet, og då denne gjekk av blei ho fraksjonsleiar i Kyrke-, utdannings- og forsningskomiteen på Stortinget. I regjeringa Stoltenberg II var ho frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 barne- og likestillingsminister. Ho var òg leiar for Arbeidarpartiets kvinnerørsle.
Kort tid etter at ho slutta i regjeringa, vart ho styremedlem i meklarhuset Car asa, samen med tidlegare Hydro-direktør Cecilie Ditlev-Simonsen. Bekkemellem er også ein av fleire faste programleiarar i debattprogrammet Studio 5 som går på fjernsynskanalen FEM.
Bekkemellem har to ungar. Ho er fødd i Lillehammer, flytta seinare til Molde og er no busett i Rygge.
Bakgrunnsstoff[endre]
.
| Norske barneministrar | |
|---|---|
| Matz Sandman (1991) · Grete Berget (1991-96) · Sylvia Brustad (1996-97) · Valgerd Svarstad Haugland (1997-2000) · Karita Bekkemellem Orheim (2000-01) · Laila Dåvøy (2001-05) · Karita Bekkemellem (2005-07) · Manuela Ramin-Osmundsen (2007-08) · Anniken Huitfeldt (2008-09) · Audun Lysbakken (2009-2012) · Inga Marte Thorkildsen (2012- ) |
- Fødde i 1965
- Folk frå Lillehammer
- Folk frå Molde
- Norske politikarar
- Arbeidarpartipolitikarar
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal