Linda Hofstad Helleland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linda Cathrine Hofstad Helleland.jpg

Linda Cathrine Hofstad Helleland (fødd 26. august 1977 i Klæbu) er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke frå 2001 til 2009, og møtte fast for Børge Brende frå 2001 til 2005 mens han sat i regjering. Helleland møtte igjen fast etter at Brende i 2008 vart samtykka i permisjon for å arbeide som direktør i Verdas økonomiske forum. I 2009 vart ho valt inn på Stortinget på eige mandat.

Helleland har examen artium frå 1997, og studerte ved NTNU frå 1998 til 2000. Ho arbeidde som sekretær i Sør-Trøndelag Høgre frå 1997 til 1998. I yrkeslivet har ho erfaring som servitør og deretter pleieassistent, inntil ho vart valt inn på Stortinget. Helleland var medlem av Trondheim bystyre frå 1999 til 2001, og leiar av Høgres kvinneforum frå 2004 til 2010.

Ho er gift med stortingsrepresentant Trond Helleland frå Buskerud.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]