Sylvia Brustad
Sylvia Brustad (fødd 19. desember 1966) er ein norsk Arbeidarparti-politikar som har vore statsråd og stortingsrepresentant fleire gonger, sist som statsråd i Nærings- og handelsdepartementet frå 2008 til 2009. Før ho vart politikar på heiltid i 1989 arbeidde ho i eit par år som journalist.
Brustad er fødd i Elverum i Hedmark. Ho vart uteksaminert frå vidaregåande skule i 1983, og byrja deretter på medielinja ved Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole i Ringsaker i 1985. Då ho var ferdig der, i 1987 byrja ho å arbeide som journalist i bladet LO-aktuelt. Dette året vart ho også medlem av Hedmark fylkesting. Året etter byrja ho i Ap-bladet Aktuelt perspektiv.
Deretter, i 1989, vart ho vald inn på Stortinget frå Hedmark. Ho har vore stortingsrepresentant i alle periodar sidan då. Brustad har vore varamedlem og medlem av ymse stortingskomitéar, i tillegg til leiar i Sosialkomiteen (1993–1996) og Kommunalkomiteen (1997–2000). Forutan varamedlem i ulike grupper og delegasjonar på Europa-nivå, har ho sidan 1998 vore delegat til Generalforsamlinga i SN, i tillegg til at ho var medlem av Europautvalet frå 1997 til 2000. Ho har også hatt tillitsverv i eige parti, som medlem av det kvinnepolitiske utvalet til Arbeidarpartiet (1990–1992) og seinare leiar (1992–1998). Dessutan har ho vore, og er, medlem i sentralstyret til Arbeidarpartiet (1992–1998, 2003– ).
Den fyrste regjeringsmedlemskapen sin fekk ho som barne- og familieminister i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. Då Arbeidarpartiet igjen kom i regjering i 2000, vart ho kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg I. I den noverande regjeringsperioden har ho hatt to ulike postar. Fyrst var ho helse- og omsorgsminister frå oktober 2005 til juni 2008, då ho vart nærings- og handelsminister fram til oktober 2009.
Kjelde [endre]
- Biografi på Stortinget.no
- Artikkelen «Sylvia Brustad» på Wikipedia på bokmål og riksmål.
.
| Norske barneministrar | |
|---|---|
| Matz Sandman (1991) · Grete Berget (1991-96) · Sylvia Brustad (1996-97) · Valgerd Svarstad Haugland (1997-2000) · Karita Bekkemellem Orheim (2000-01) · Laila Dåvøy (2001-05) · Karita Bekkemellem (2005-07) · Manuela Ramin-Osmundsen (2007-08) · Anniken Huitfeldt (2008-09) · Audun Lysbakken (2009-2012) · Inga Marte Thorkildsen (2012- ) |
| Norske kommunalministrar | |
|---|---|
| Ulrik Olsen (1948-58) · Andreas Cappelen (1958-63) · Oskar Skogly (1963) · Bjarne Lyngstad (1963) · Jens Haugland (1963-65) · Helge Seip (1965-70) · Odvar Nordli (1971-72) · Johan Skipnes (1972-72) · Leif Jørgen Aune (1973-78) · Arne Nilsen (1978-79) · Inger Louise Valle (1979-80) · Harriet Andreassen (1980-81) · Arne Rettedal (1981-86) · Leif Haraldseth (1986-87) · William Engseth (1987-88) · Kjell Borgen (1988-89) · Johan J. Jakobsen (1989-90) · Kjell Borgen (1990-92) · Gunnar Berge (1992-96) · Kjell Opseth (1996-97) · Ragnhild Queseth Haarstad (1997-99) · Odd Roger Enoksen (1999-2000) · Sylvia Brustad (2000-01) · Erna Solberg (2001-05) · Åslaug Haga (2005-07) · Magnhild Meltveit Kleppa (2007-09) · Liv Signe Navarsete (2009-) |
- Fødde i 1966
- Arbeidarpartipolitikarar
- Norske barne- og familieministrar
- Norske kommunalministrar
- Norske helseministrar
- Norske nærings- og handelsministrar
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Ap-statsrådar
- Folk frå Engerdal
- Stortingsrepresentantar for Hedmark