Carl Philipp Emanuel Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Philipp Emanuel Bach
Bach Carl Philipp Emanuel 1.jpg
Carl Philipp Emanuel Bach
Fødd 8. mars 1714, Weimar i Tyskland
Død 14. desember 1788 (74 år), Hamburg
Periode Klassisismen
Sjanger Kammermusikk, solokonsertar, klavermusikk
Aktive år 1725-1788
Yrke Komponist

Carl Philipp Emanuel Bach (8. mars 171414. desember 1788) var ein tysk musikar og komponist, og den andre av Johann Sebastian Bach og Maria Barbara Bach sine fem søner. Han var ein essensiell komponist i overgangsperioden mellom barokken og wienerklassisismen, og er kjend som den fremste bidragsytaren til den musikalske Sturm und Drang-rørsla.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Då Bach var ti år byrja han ved St. Tomas-skulen i Leipzig, der faren Johann Sebastian Bach var kantor. I 1731 byrja han på ein grad i rettsfilosofi ved universitetet i Leipzig. Denne fullførte han i 1738, 24 år gamal, men han bestemde seg på same tid for å leggja frå seg alle karriereplanar innanfor rettsvesenet, og byrja i staden som komponist.

Nokre månader seinare blei han tilsett ved hoffet til Fredrik II «den Store» av Preussen (då kronprins), og etter kroninga til Fredrik i 1740 blei han medlem av hofforkesteret. Han var på denne tida rekna som ein av dei fremste klaverspelarane i Europa, og skreiv ein stor mengde klaververk; Av desse bør i sær dei om lag tretti sonatar for cembalo og klavikord nemnast, og ein rekkje karakterstykke. Av sistnemnde er kanskje La Caroline mest kjend.

Det var klaversonatane som skulle syrgja for at han fekk framgang ved hoffet til Frederik II. Etter at han i 1746 dediserte to sett klaversonatar respektivt til Fredrik II og storhertugen av Württemberg blei han forfremma til kammermusikant ved det kongelege hoffet, og spela i 24 år her saman med namn som Carl Heinrich Graun, Johann Gottlieb Naumann, og kapellmeister Johann Joachim Quantz.

Under denne perioden skreiv Bach fleire store verk: I 1749 var hans Magnificat ferdig, eit verk som enno er godt kjend, og som kanskje ligg nærare opp mot barokken enn resten av produksjonen hans; I 1756 fullførde han ein påskekantate; Han skreiv fleire symfoniar og konsertverk for fullt orkester; minst tre bøker med songar, nokre verdlege kantater og fleire andre småverk. Han la likevel mest vekt på produksjonen av klaververk. Medan han var i Berlin skreiv han nesten to hundre sonatar og andre solistverk, inkludert nokre av verka i für Kenner und Liebhaber-serien. Han gav og ut ei bok kalla Versuch über die wahre Art das Clavier zu spielen, ein klavermetode som var særs populær i samtida, og la grunnlaget for mange av klaverlærebøkene som har kome ut sidan, i sær dei pedagogiske verka til Muzio Clementi og Johann Baptist Cramer.

I 1768 tok Bach over den avdøde Georg Philipp Telemann (som elles var gudfaren hans), si stilling som kapellmeister, og i dette embetet skifta han i stor grad fokus mot kyrkjemusikk. I denne perioden skreiv han oratoria Die Israeliten in der Wüste («Israelittane i ørkenen») og Die Auferstehung und Himmelfahrt Jesu («Jesu oppstode og himmelfart»), det fyrstnemnde komposisjon som viser fram mot Felix Mendelssohn sitt oratorium Elias, skrive nesten femti år seinare, og sistnemnde ein favoritt til dei tre store wienerklassikarane Haydn, Mozart. I åra 1768-1788 skreiv han 21 musikalske adapsjonar av pasjonane, om lag 70 kantater og mindre liturgiske verk. Han døydde i 1788, og er gravlagd i St. Mikaelskyrkja i Hamburg.

Han gifta seg med Johanna Maria Bach (Dannemann) i 1744. Berre tre av borna deira overlevde barndommen - Johann Adan (1745-89), Anna Carolina Philippina (1747-1804) og Johann Sebastian (1748-78); Ingen av dei blei musikarar.

Ettermæle og musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

På andre halvdelen av 1700-talet stod C.P.E. Bach si stjerne særs høgt på den kompositoriske himmelkvelvinga. Mellom anna skreiv Wolfgang Mozart at "han er faren, vi er borna."[1] Stordelen av Joseph Haydn si kompositoriske trening kom frå studiar av verka hans. Ludwig van Beethoven snakka og høgt om han.

Trass i at alle tre ved ulike høve rosa komposisjonar som Die Auferstehung und Himmelfahrt Jesu, er det liten tvil om at det var klaververka til Bach som sikra han så høg ein posisjon hjå den neste generasjonen komponistar. Desse er karakteristiske ved at dei fullt ut utnyttar dei dynamiske moglegheitene til instrumenta på den tida (dei var hovudsakleg skrivne for klavikord, ikkje cembalo, som er eit instrument utan moglegheiter for variasjon i speleintensitet), og at dei har ein karakteristisk fridom frå tida sine standardiserte former: Dei bryt laus frå den italienske og den wienske skulen, og bevegar seg mot sykliske og improvisatoriske former som blei introduserte i wienerklassisismen, og seinare var særs populære hjå dei romantiske komponistane. Brota med samtidige former gjorde at verka hans er og fulle av overraskingar, og kunne innehalda store emosjonelle kontrastar i ein enkel sats (i motsetnad til komponistane i barokken, som hovudsakleg gav ein sats ein emosjon eller affekt). Dette gjer at han kanskje er den fyrste komponisten til å nytta seg av ein fri bruk av harmonisk farge sidan Orlando Lassus, Claudio Monteverdi og Carlo Gesualdo.

Dette siste punktet var særs viktig for utviklinga av den wienerklassiske stilen, som baserer seg på ei dialektisk oppløysing av kontrastar. C.P.E. Bach introduserte i verka sine harmoniske overraskingar og ekstreme emosjonelle forskjellar; Joseph Haydn skulle ta desse innovasjonane vidare, og setta dei inn i ein dialektisk samanheng, der kontrastane gjennom ein musikalsk «konflikt» blir oppløyst symmetrisk (sjå artikkelen om sonatesatsform for meir informasjon). Men Bach sin innverknad var på ingen måte avgrensa til den fyrste wienerskulen: Av samtidige, nordtyske komponistar som tok inspirasjon frå Bach kan namn som Georg Anton Benda, Bernhard Joachim Hagen, Ernst Wilhelm Wolf, Johann Gottfried Müthel og Friedrich Wilhelm Rust, nemnast, og han skulle og vera ein viktig læremeister for tidlege romantiske komponistar som Felix Mendelssohn og Carl Maria von Weber.

I løpet av 1800-talet (om lag samtidig som at Johann Sebastian Bach sin musikk gjennomgjekk ei nyoppblomstring) fall musikken hans inn i den historiske periferien. Robert Schumann sa til dømes om C.P.E. at «som ein kreativ musikar var han langt bak far sin» [2]; Til samanlikning blei han heldt i høg akt av Schumann sin protesjé, Johannes Brahms, som og tok på seg å få gjeve ut nyutgåver av enkelte verk. På 1960-talet byrja dirigent Helmuth Koch å spela inn symfoniane hans, og dette har leia til ein ny interesse rundt musikken hans. I skrivande stund blir det jobba med å få spela inn ein komplett utgåve av alle verka hans.

Stilistisk blir gjerne Bach sine verk lagt inn i stilane Empfindsamkeit eller Sturm und Drang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rochlitz, Friedrich, Für Freunde der Tonkunst, 4 vols. (Leipzig, 1824-32), pp. 308f. n. Sitert i: Ottenberg, Hans-Günter, Carl Philipp Emanuel Bach , OUP, 1987, ISBN 0-19-315246-0, p.191.
  2. Hubeart Jr., T. L. (14 July 2006). A Tribute to C. P. E. Bach. Henta ut 17.05.08

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Gratis partitur på nett[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Carl Philipp Emanuel Bach