Vågekval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vågekval

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Vågekval
Vågekval

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Bardekvalar
Familie: Finnkvalfamilien
Slekt: Balaenoptera
Art: B. acutorostrata
Vitskapleg namn
Balaenoptera acutorostrata
Lacépède,, 1804

Vågekval, eller Nordleg vågekval, Balaenoptera acutorostrata, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Vågekvalen finst i så godt som alle hav, frå om lag 65 grader sør til 80 grader nord. Fram til 1990-talet rekna ein berre med éin art av vågekval. Frå 2000 har Den internasjonale kvalfangstkommisjonen definert sørleg vågekval, som lever på den sørlege halvkula, som ein eigen art, Balaenoptera bonaerensis. Om lag samstundes vart det klart at "dvergvågekvalen" på den sørlege halvkula var ein variant av Balaenoptera acutorostrata. Vågekvalen er den einaste arten det vert driven kommersiell kvalfangst på i Noreg. På 1950-talet vart det fanga over 4000 individ i året, men på 1980-talet vart fangsten heilt innstilt. I 1993 vart den kommersielle kvalfangsten i Noreg teken opp att.[1] Bestanden i norske farvatn er anslått til 107 000 dyr.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vågekval