Help!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Help!»
Singel av The Beatles
frå albumet Help!
B-side «I’m Down»
Utgjeve 6. august 1965
Innspelt Abbey Road 13. april 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 2:18
Selskap Parlophone (UK)
Capitol Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Ticket to Ride»
(1965)
«Help!» «Yesterday»
(1965)

«Help!» er ein song av The Beatles som var tittelsporet på både albumet Help! og filmen Help!. Han vart òg gjeve ut på singel og nådde førsteplassen i mange land, inkludert Noreg, Storbritannia og USA. Songen er hovudakleg skrive av John Lennon, men tilskriven til Lennon/McCartney (som alle Beatles-songar skrive av desse to).[1] Lennon fortalte seinare at tittelen kom av desperasjon.[2] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 29. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Innhaldsliste

Inspirasjon [endre]

When I was younger, so much younger than today

Lennon skreiv teksten til songen for å uttrykket presset på bandet etter den raske vegen til toppen av hitlisten etter fleire år som ukjend band. Sidan Lennon sin utryggleik motsa bilete av Beatles som eit optimistisk og sjølvsikkert band, følte Lennon at det nesten var umogeleg får tilhengjarane å forstå opphavet til songen. Forfattar Ian MacDonald skildrar songen som den første sprekka i skalet som Lennon nytta til å verne kjenslene sine i tida då Lennon vart verdskjende og at dette var ein viktig milepåle i måten han kom til å skrive songar på.

I 1970 fortalte Lennon at sidan songen var så ærleg var det ein av favorittsongane hans av The Beatles, men han hadde ønskt at dei hadde spelt han inn i eit seinare tempo.

Medverkande [endre]

Innspeling og utgjeving [endre]

The Beatles spelte inn songen på 12 forsøk den 13. april 1965 i Abbey Road Studio Two. Dei første åtte forsøka var utan vokal.[3]

Singel- og album-versjonen er så smått forskjellige. Den amerikanske utgåva starta med ein James Bond-aktig instrumental.

I Noreg låg songen inne på VG-lista 14 veker, seks av dei på førsteplassen.

Andre versjonar [endre]

Kjelder [endre]

  1. Barry Miles, Paul McCartney, s. 199
  2. William J Dowlding, Beatlesongs, s. 97
  3. The Beatles Bible: Help! Vitja 11. oktober 2008