Niccolò Jommelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niccolò Jommelli
Niccolò Jommelli.jpg
Niccolò Jommelli
Fødd 10. september 1714, Aversa i Italia
Død 25. august 1774 (59 år), Napoli i Italia
Periode Klassisismen
Sjanger Opera
Aktive år 1743-1774
Yrke Komponist

Niccolò Jommelli (10. september 171425. august 1774) var ein italiensk komponist. Han var fødd i Aversa og døydde i Napoli. I lag med andre komponistar i Det tysk-romerske riket og Frankrike gjorde han viktige endringar i operaen og gjorde stjernesongarane mindre viktige.

Niccolò Jommelli var ein nyskapande opera seria-komponist. Han gjorde endringar i operaen og nytta orkesteret i ei enno større dramatisk rolle enn tidlegare, og kom opp med nyskapande måtar å oppnå dette på. Då Jommelli starta å komponere musikk. var den italienske operaen dominert av virtuose songarar, og dramaet var mindre viktig. Publikum kom for å høyre favorittsongaren eller komponisten sin. Stadige straumar av resitativ og avsluttande ariar, slik at publikum kunne applaudere og songaren kunne kome attende på scenen, var grunnlaget i opera seria, og hadde liten samanheng med dramaturgi. Jommelli og andre ønskte å endre dette. Jommelli sine komposisjonar nytta meir obbligato resitativ, der orkesteret var meir involvert som ein dramatisk partnar i lag med songaren. Seinare skreiv han òg ensemble og korverk, som då var fullstendig ut av moten i Italia.

Samtidige napolitanske komponistar som påverka han var både Hasse go Leo, som begeg var med på å endre opera seria-forma for godt. Jommelli hadde først suksess med komiske operaer, men dei seriøse operaene hans var òg populære. Det var frå Hasse at han lærte å skrive obbligato resitativ i staden for den forma for resitativ som dominerte italiensk opera på denne tida.

I 1741 skreiv Jommelli operaen Ezio med tekst av Metastasio. Det vart ein stor suksess, og han fekk bestillingar frå Bologna, Venezia, Torino og Padova. I 1743 vart han musikalsk leiar for Ospedale degli Incurabili i Venezia. For jentene der skreiv han oratorium, motettar, messer og korverk. Operaen var likevel framleis det han likte best å skrive.

I 1749 vart han maestro coadiutore i pavekapellet, og han komponerte mykje kyrkjemusikk. Han fekk framleis bestillingar på operaer frå mange store byar, for Roma var eit internasjonalt senter. Ein av dei viktigaste bestillingane hans i denne tida kom frå byen Wien. Jommelli sette operaen Achille in Sciro opp for hoffet i Wien. Metastasio, som var den beste librettisten på denne tida, var hoffpoet i Wien, og han var så imponert over Jommelli at han ein periode vart ein stor favoritt for hoffet i Wien. I 17553 flytta Jommelli til Stuttgart, der hertugen særleg godt likte italiensk opera. Han fekk der fullstendig kontroll over operaproduksjonen, og fekk nesten uavgrensa ressursar. Han hadde dei beste songarane og musikarane i heile Europa. Han utvikla obbligato resitativ med stor formell variasjon og skapte dramatiske kompliserte og livlege scenar. Då han døydde hadde derimot dei lettare stilane i opera buffa teke over, og operaene hans var ikkje lenger populære.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • L'errore amoroso (Napoli, 1737) – libretto av Antonio Palomba
  • Odoardo (Napoli, 1738)
  • Ricimero re de' Goti (Roma, 1740)
  • Astianatte (Roma, 1741) – libretto av Antonio Salvi
  • Ezio (Bologna, 1741) – libretto av Metastasio
  • Semiramide riconosciuta (Torino, 1741) – libretto av Metastasio
  • Merope (Venezia, 1741) – libretto av Apostolo Zeno
  • Don Chichibio (Roma, 1742)
  • Eumene (Bologna, 1742) – libretto av Apostolo Zeno
  • Semiramide (Venezia, 1742) – libretto av Francesco Silvani
  • Tito Manlio (Torino, 1743) – libretto av Gaetano Roccaforte
  • Demofoonte (Padova, 1743) – libretto av Metastasio
  • Alessandro nell'Indie (Ferrara, 1744) – libretto av Metastasio
  • Ciro riconosciuto (Bologna, 1744) – libretto av Metastasio
  • Sofonisba (Venezia, 1746) – libretto av Antonio Zanetti e Girolamo Zanetti
  • Cajo Mario (Roma, 1746) – libretto av Gaetano Roccaforte
  • Antigono (Lucca, 1746) – libretto av Metastasio
  • Tito Manlio (Venezia, 1746) – libretto av Jacopo Antonio Sanvitale
  • Didone abbandonata (Roma, 1847) – libretto av Metastasio
  • L'amore in maschera (Napoli, 1748) – libretto av Antonio Palomba
  • Achille in Sciro (Vienna, 1749) – libretto av Metastasio
  • Artaserse (Roma, 1749) – libretto av Metastasio
  • Ciro riconosciuto (Venezia, 1749) – libretto av Metastasio
  • Demetrio (Parma, 1749) – libretto av Metastasio
  • La cantata e disfida di Don Trastullo (Roma, 1749)
  • Cesare in Egitto (Roma, 1751) – libretto av Giacomo Francesco Bussani
  • Ifigenia in Aulide (Roma, 1751) – libretto av Mattia Verazi
  • La villana nobile (Palermo, 1751) – libretto av Antonio Palomba
  • L'uccellatrice (Venezia, 1751) – libretto av Carlo Goldoni
  • Ipermestra (Spoleto, 1751) – libretto av Metastasio
  • Talestri (Roma, 1751) – libretto av Gaetano Roccaforte
  • I rivali delusi (Roma, 1752)
  • Attilio Regolo (Roma, 1753)
  • Bajazette (Torino, 1753) – libretto av Agostino Piovene
  • Fetonte (Stuttgart, 1753) – libretto av Leopoldo de Villati
  • La clemenza di Tito (Stuttgart, 1753) – libretto av Metastasio
  • Il paratajo (Paris, 1753) – revision of L'uccellatrice
  • Don Falcone (Bologna, 1754)
  • Catone in Utica (Stuttgart, 1754) – libretto av Metastasio
  • Lucio Vero (Milano, 1754)
  • Il giardino incantato (Stuttgart, 1755)
  • Enea nel Lazio (Stuttgart, 1755) – libretto av Mattia Verazi
  • Penelope (Stuttgart, 1755) – libretto av Mattia Verazi
  • Il Creso (Roma, 1757) – libretto av Giovacchino Pizzi
  • Temistocle (Napoli, 1757) – libretto av Metastasio
  • Tito Manlio (Stuttgart, 1758)
  • Ezio (Stuttgart, 1758)
  • L'asilo d'amore (Stuttgart, 1758)
  • Endimione (Stuttgart, 1759)
  • Nitteti (Stuttgart, 1759) – libretto av Metastasio
  • Alessandro nell'Indie (Stuttgart, 1760)
  • Cajo Fabrizio (Mannheim, 1760) – libretto av Mattia Verazi
  • L'Olimpiade (Stuttgart, 1761) – libretto av Metastasio
  • L'isola disabitata (Ludwigsburg, 1761) – libretto av Metastasio
  • Semiramide riconosciuta (Stuttgart, 1762)
  • Didone abbandonata (Stuttgart, 1763)
  • Il trionfo d'amore (Ludwigsburg, 1763) – libretto av Giampiero Tagliazucchi
  • Demofoonte (Stuttgart, 1764)
  • Il re pastore (Ludwigsburg, 1764) – libretto av Giampiero Tagliazucchi
  • La pastorella illustre (Stuttgart, 1764) – libretto av Giampiero Tagliazucchi
  • Temistocle (Ludwigsburg, 1765)
  • Imeneo in Atene (Ludwigsburg, 1765)
  • Il matrimonio per concorso (Ludwigsburg, 1766) – libretto av Gaetano Martinelli
  • La critica (Ludwigsburg, 1766)
  • Vologeso (Ludwigsburg, 1766) – libretto av Mattia Verazi
  • Il matrimonio per concorso (Ludwigsburg, 1766)
  • Il cacciatore deluso (Tübingen, 1767) – libretto av Gaetano Martinelli
  • Fetonte (Ludwigsburg, 1768)
  • L'unione coronata (Solitude, 1768)
  • La schiava liberata (Ludwigsburg, 1768) – libretto av Gaetano Martinelli
  • Armida abbandonata (Napoli, 1770) – libretto av Francesco Saverio de' Rogati
  • Demofoonte (Napoli, 1770)
  • Ifigenia in Tauride (Napoli, 1771) – libretto av Mattia Verazi
  • L'amante cacciatore (Roma, 1771)
  • Achille in Sciro (Roma, 1771)
  • Le avventure di Cleomede (1771) – libretto av Gaetano Martinelli
  • Cerere placata (Napoli, 1772)
  • Il trionfo di Clelia (Napoli, 1774) – libretto av Metastasio
  • Arcadia conservata
  • La Griselda
  • La pellegrina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Niccolò JommelliAllmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]