Numenius
| Numenius | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Numenius | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Numenius | ||
Numenius er ei biologisk slekt av åtte spovar, karakterisert av lange, slanke, nedkurva nebb og spraglete brun fjørdrakt. Saman med spovar i slekta Limosa som liknar, men har rett nebb, er dei ei av dei eldste linjene i snipefamilien.[1]
Numenius-spovar beitar i gjørme eller veldig mjukt underlag, og søkjer etter makk og andre virvellause dyr med dei lange nebba sine. Dei vil òg ta krabbar og liknande dyr.
Desse spovane har ein verdsomspennande distribusjon. Dei fleste viser sterke trekkvanar og dermed kan ein eller fleire artar treffast i ulike årstider på Dei britiske øyane, Iberia, Island og i Afrika, Søraust-Asia, Sibir, Nord-Amerika, Sør-Amerika og Australasia.
Artslista[endre]
Numenius-spovane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. [3]
- Dvergspove, Numenius minutus
- Eskimospove, Numenius borealis
- Småspove, Numenius phaeopus
- Alaskaspove, Numenius tahitiensis
- Austspove, Numenius madagascariensis
- Smalnebbspove, Numenius tenuirostris
- Storspove, Numenius arquata
- Langnebbspove, Numenius americanus
Kjelder[endre]
- Første versjon av denne artikkelen bygger på «Curlew» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2011
- ↑ Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A. & Székely, Tamás (2004): A supertree approach to shorebird phylogen BMC Evol. Biol. 4: 28. doi:10.1186/1471-2148-4-28 PDF fulltext Supplementary Material
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff[endre]
- Videoar av spovar hos the Internet Bird Collection