Småspove
| Småspove | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Numenius | |
| Art: | N. phaeopus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Numenius phaeopus | ||
Småspove er ein art i snipefamilien.
Innhaldsliste |
Utbreiing og taksonomi [endre]
Fuglen hekkar i Nord-Amerika, det nordlege Europa, og i Asia, først og fremst i Sibir.
Arten vert delt i tre eller fire underartar:
- Numenius phaeopus phaeopus hekkar på det nordaustre Grønland og i Nord-Europa, frå Island aust til Tajmyrhalvøya.
- Numenius phaeopus alboaxillaris hekkar på stepper nord for Kaspihavet.
- Numenius phaeopus variegatus hekkar i det nordaustre Sibir.
- Numenius phaeopus hudsonicus hekkar i Alaska og Canada.
Nokre taksonomar kategoriserer N. p. hudsonicus som eigen art (N. Hudsonicus).
Kjenneteikn [endre]
Småspoven liknar storspoven, men er mindre, noko som kan vere vanskeleg å fastslå i felt utan andre fuglar å samanlikne med. Nebben er proporsjonalt noko kortare. Fuglen er 37-45 cm lang. Nebben utgjer 6 til 9 cm. Vengespennet er på 76-89 cm. Småspoven er mest gråbrun, men venga har mørke handsvingfjør. Nebben er bøygd og lengst på vaksne hoer. Småspoven har ei tydeleg lys midtstripe på hovudet og kraftigare teikningar enn storspoven. I flukt stikk beina ikkje ut bakom stjerten. Nominatform N. p. phaeopus som hekkar i Europa har kvit rygg, overgump og vengeunderside, og tverrender på den gråbrune stjerten.
Forvekslingsart [endre]
Småspove kan berre forvekslast med storspova.
Læte [endre]
Lokkelæta er ei visling, medan spellæta er ein serie vislingar som går over i ei trille.
Forplanting [endre]
Vanlege hekkeplassar er fjellheiar, myrer, og steppemarker. Det er vanleg at fleire par hekkar nær kvarandre i ein koloni. Reiret er ei grop på marka. Hoa legg 3-5 egg. Begge foreldra rugar og vaktar sidan ungane mot inntrengjarar. Dei kan til og med angripe menneske som kjem for nær.
Næring [endre]
Fuglen et ulike smådyr som han plukkar på marka.
Trekktilhøve [endre]
Småspoven er trekkfugl og overvintrar langs kystar i Afrika, Sør-Amerika og det sørlege Nord-Amerika, det sørlege Asia og Australia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Småspov» frå Wikipedia på svensk, den 8. januar 2012.