Olaus Michael Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olaus Michael Schmidt (11. juli 17845. juli 1851) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og statsråd.

Schmidt var fødd i Trondheim, der faren var kjøpmann. Han vart student frå katedralskulen i fødebyen i 1801, og cand. theol. i 1806. Adjunkt ved borgarskulen i Trondheim 1806-10. Han reiste så til København for å studere vidare, og tok juridisk embetseksamen i 1812.

Same året, 1812, vart han auditør og regimentskvartermeister ved sønnafjellske dragonregiment. Frå 1817 var han assessor ved stiftsoverretten i Kristiansand, justitiarius ved same retten i 1828. År 1829 vart han høgsterettsassessor.

Schmidt sat på Stortinget i 1827 og på det overordentlege storting 1828 som 1. representant frå Kristiansand. På begge tingsamlingane var han sekretær i Lagtinget, og mellom anna medlem av fullmaktskomiteen. Han var med i riksrett både 1827 og i 1836, siste gongen i eigenskap av høgsterettsassessor.

År 1828 var Schmidt formann i ein kongeleg kommisjon om havarivesenet.

I perioden 1838–48 hadde Schmidt sete i statsrådet. 22. januar 1838 vart han sjef for Justisdepartementet, og styrte dette i fleire bolkar. 1846-47 var han leiar av Finansdepartementet. I tre periodar var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm. Han tok avskjed 19. april 1848.

Schmidt døydde i Teplitz under ein ferietur (ei såkalla badereise). Broren Peter Schmidt var medlem av riksforsamlinga i 1814.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914