Peter Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Schmidt
none  Peter Schmidt på eit måleri av Knud Bergslien frå 1887 som tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Peter Schmidt på eit måleri av Knud Bergslien frå 1887 som tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd 12. juni 1782
Trondheim
Død 5. mars 1845 (62 år)
Trondheim
Nasjonalitet Norsk
Parti Unionspartiet
Yrke Kjøpmann
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Trondheim
Wikimedia Commons: Peter Schmidt

Peter Schmidt (12. juni 17825. mars 1845) var ein norsk kjøpmann og eidsvollsmann.

Schmidt var fødd i Trondheim, der far hans var kjøpmann. Han tok sjølv til som kjøpmann i fødebyen i 1803. 1833-42 var han børskommissær. Dessutan dreiv han frå 1840 som vrakar og vegar. Konstituert inspektør ved tukthuset i byen frå 1839.

I 1809 var Schmidt og faren med på ei dansk jakt som segla frå Jylland med kurs mot Noreg. Jakta vart kapra av ein engelsk fregatt og ført inn til Göteborg, der dei ei kort tid sat fanga i eit prisonskip.

Schmidt vart vald til 2. utsending frå Trondheim by til riksforsamlingaEidsvoll våren 1814. Truleg røysta han med unionspartiet i dei avgjerande spørsmåla.

Han døydde i heimbyen Trondheim. Olaus Michael Schmidt var ein yngre bror.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]