Radon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
86 AstatRadonFrancium
Xe

Rn

Uuo
Radon i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Radon, Rn, 86
Kjemisk serie Edelgass
Gruppe, periode, blokk 18, 6, p
Tettleik, hardleik 9,73 kg/m3, (ikkje SI)
Utsjånad Fargelaus
Radon
Atomeigenskapar
Atommasse (222) u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 134 (120) pm
Kovalent radius 145 pm
Ioneradius NA pm (ladning: +1)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [Xe]4f145d106s26p6
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 32, 18, 8
Oksidasjonstrinn (oksid) 0 (ukjent)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt 202,2 K (−71,0°C)
Kokepunkt 211,3 K (−61,9°C)
Molart volum 22800 cm3/mol
Fordampingsvarme 16,40 kJ/mol
Smeltevarme 2,890 kJ/mol
Damptrykk (?) Pa ved  K
Ljodfart (?) m/s ved °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 2,2 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 94 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,00364 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 1037 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
211Rn (kunstig) 14,6 timer α
ε
5,965
2,892
207Po
211At
222Rn 100% 3,824 døgn α 5,590 218Po
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Radon er ein radioaktiv edelgass. Grunnstoffet har kjemisk symbol Rn og atomnummer 86.

Radon blir danna som nedbrytingsprodukt frå andre radioaktive stoff, ofte radium, i jordskorpa, og stig opp gjennom fjellsprekkar og jord. Ut frå kva slags mineral og berggrunn som finst i eit område, varierer mengda av radon mykje frå stad til stad. Mengda av radon i fri luft er uvesentleg (10−19% i gjennomsnitt), men i kjellarar i bygningar som står der radon kjem opp frå bakken, kan gassen samla seg og bli pusta inn av menneske, som då kan få auka risiko for kreft på grunn av radioaktiviteten. Radon er særleg skadeleg fordi han gjev frå seg alfastråling. Kor mykje radon som samlast er avhengig av byggteknikk og ventilasjon, og sjølv i radon-rike område kan ein få helsemessig akseptable nivå innomhus ved hjelp av bygningsmessige tiltak.

Konsentrasjonen av radon i grunnvatn er større enn i overflatevatn og luft. Radon blir difor brukt som indikator i hydrologisk forsking, mellom anna for å undersøkja kvar det kjem grunnvatn inn i elver og sjøar.

Radon i bustadhus[endre | endre wikiteksten]

Radon som stig op frå berggrunnen, har liten evne til å binde seg til materialar, og gassen kan difor lett komme ut i lufta vi pustar. Radongass er usynleg og luktfri, og berre målingar kan fastslå radonkonsentrasjonen. Radonkonsentrasjon vert angitt i Bq/ inneluft.[1]

  • < 100 Bq/m³ vert rekna som ein normal radonkonsentrasjon, og er tiltaksgrensa som gjeld frå 2009
  • > 200 Bq/m³ vart av Statens Strålevern definert som ei tiltaksgrense for enkle tiltak fram til 2009
  • > 1000 Bq/m³ vert rekna som ein svært høg radonkonsentrasjon.

For radon i hushaldsvatn er tiltaksgrensa sett til 500 Bq/l.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]