Songlerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Songlerke


Alauda arvensis
Alauda arvensis

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Alaudidae
Slekt: Alauda
Vitskapleg namn
Alauda arvensis

Songlerka (Alauda arvensis) er ein fugl i lerkefamilien. Arten er ført opp på norsk raudliste 2006.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Songlerka er gråbrunt spraglete med lyse fjørkantar på oversida. Hals og bryst er kvite, med ein gul tone, og tette svartaktige flekkar som sluttar tvert mot den ustrekete buken som er kvit med svakare gul tone. Oversida av svingfjørene er svartaktige med raudbrune kantar og oversida av vengane har ein kvitaktig bakkant, medan undersidene av vengane er gråkvite. Velet er trefarga: dei ytre styrefjørene er i ulik grad kvite, sidan følgjer svarte styrefjør meda dei mellomste para er brunaktige. Songlerka er 16-18 cm lang, har eit vengespenn på 30-36 cm og veg 33-45 gram.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Hannen framfører songen oftast i ei songflukt, mindre ofte og samstundes kortare medan han sit på marka. Songen varer lenge, 3 -15 minutt, og er sett saman av ei rask ubroten følge av vekslande og delvis rytmiske rullande og trillande og zirpande tonar med nokre imitasjonar fløgt inn i det heile. Songen kan høyrast straks fuglen kjem om våren, og vidare framover til juli månad, og kjem frå morgongryet til kvelden. Hoa syng også iblant, men mindre intenst og berre medan ho sit på marka.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten er utbreidd i eit breidt belte frå Europa og Marokko mot aust til Kamtsjatka og Japan. Tolv underartar er skildra, og i Noreg er det nominatunderarten arvensis som hekkar. I Europa reknar ein 25-45 millionar par. Arten har vore i tilbakegang i heile det vestlege Europa, og ein reknar med at intensiveringa av jordbruket er årsaka.

Biotop og utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Songlerka er knytt til kulturlandskap med kort vegetasjon. I Noreg er hovudutbreiinga på Austlandet rundt Oslofjorden og i Mjøs-traktene, vidare langs kysten av Sørlandet og opp til Trøndelag. Arten finst sparsamt lengre nord. I Noreg hekkar 100-400 tusen par, og arten er i tilbakegang.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglen lever mest av frø og insekt, med dominans av insekt om sommaren.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Songlerkeegg.

I næringsrike område kan songlerka førekome i glisne koloniar men vanlegast er at dei hekkar kvar for seg. Sanglerka bygg reir av gras på marka, og hoa legg 3-6 egg som vert klekte etter rundt 11 døgn. Egga er grågrøne i botnen og er dekte av brune flekkar. Hoa rugar egga aleine. Ungane flyttar ut før dei er flygedyktige, etter ti døgn. Sanglerka legg ofte to kull per år.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste fuglane flyg frå Noreg i siste halvdelen av september og i oktober. Somme kan overvintre, særleg på Jæren og Lista. Nominatunderarten overvintrar truleg langs vestkysten av det kontinentale Europa sør til den iberiske halvøya. Her møtast dei skandinaviske og dei nordaust- og austeuropeiske bestandane. Hoene startar trekket tidlegare om hausten enn hannane. Dei første songlerkene flyg frå vinterkvartera i januar, og kjem til Noreg i februar og mars. Hannane kjem først.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]