Stagger Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stagger Lee»
«Stack O' Lee«
«Stack-A-Lee«
Låtskrivar Tradisjonell
Publisert 1911
Språk engelsk
Form mordballade
Innspelt av Herb Wiedoeft's Cinderella Roof Orchestra (1924)
Ma Rainey (1925)
Frank Hutchison (1927)
Furry Lewis (1927)
Mississippi John Hurt (1928)
Woody Guthrie (1931; 1944)
Sonny Terry (1944)
Lloyd Price (1959)
Nick Cave and The Bad Seeds (1995)

«Stagger Lee», òg kjend som «Stagolee» og andre variantar, er ei populær amerikansk folkevise om mordet på Billy Lyons av «Stag» Lee Shelton i St. Louis jula 1895. Songen vart først publisert i 1911 og vart første gong spelt inn i 1923 av Fred Waring's Pennsylvanians. Ein versjon av Lloyd Price nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 i 1959.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den historiske «Stagger Lee» var Lee Shelton, ein afroamerikansk hallik som budde i St. Louis seint på 1800-talet. Han hadde kallenamnet «Stag Lee» eller «Stack Lee», anten fordi han went «stag», eit engelsk uttrykk som tyder utan vener, eller tok kallenamnet frå ein kjend elvebåtkaptein som heitte «Stack Lee»; eller i følgje John og Alan Lomax tok namnet frå ein elvebåt som familien Lee i Memphis kalla Stack Lee, som var kjend for prostitusjonen ombord.[1] Han var kjend lokalt som ein av «Macks», ei gruppe hallikar som gjekk i prangande klede og likte å vise seg fram.[2] I tillegg til dette var han visstnok politisk aktiv som kaptein for ein svart «Four Hundred Club», ein politisk og samfunnsklubb med tvilsamt rykte.[3]

Julaftan 1895 drakk Shelton og William «Billy» Lyons i lag i Bill Curtis Saloon. Lyons var òg ein del av underverda i St. Louis, og kan ha vore ein politisk og forretningsmessig rival til Shelton. Etter kvart hamna dei to mennene i ein krangel, der Lyons tok stetsonhatten til Shelton. Shelton skaut så Lyons, tok hatten sin og drog der frå.[4] Lyons døydde av skadane, Shelton vart tiltalt, stilt for retten og dømd for mord i 1897. Han vart benåda i 1909, men hamna attende i fengsel i 1911 for overfall og ran, og døydde i fengsel i 1912.[5]

Lovbrotet hamna raskt inn i amerikansk folkeminne og vart tema i fleire songar og soger. Tittelen på songen kom frå kallenamnet til Shelton, «Stag Lee» eller «Stack Lee».[6] Namnet endra seg raskt i sogene, og i tidlege versjonar var namnet «Stack-a-Lee» og «Stacker Lee»; «Stagolee» og «Stagger Lee» vart òg vanlege. ANdre variantar var «Stackerlee», «Stack O'Lee», «Stackolee», «Stackalee», «Stagerlee» og «Stagalee».[7]

Tidlege versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein song kalla «Stack-a-Lee» vart først nemnt i 1897, i Kansas City Leavenworth Herald, etter at han vart framført av «Prof. Charlie Lee, the piano thumper.»[8] Dei tidlegaste versjonane var truleg jorderop og andre arbeidssongar sungne av afroamerikanske arbeidarar, og var kjende langs den nedre Mississippielva i 1910. Det året fekk musikkforskaren John Lomax tak i ein delvis transkripsjon av songen,[9] og i 1911 vart to versjonar publiserte i Journal of American Folklore av musikkforskaren og historikaren Howard W. Odum.[10]

Songen vart først spelt inn av Waring's Pennsylvanians i 1923, og vart ein hitt. Andre versjonar vart spelte inn seinare det året av Frank Westphal & His Regal Novelty Orchestra, og Herb Wiedoeft og bandet hans spelte inn songen i 1924.[11] I 1924 vart òg den første versjonen med tekst spelt inn, som «Skeeg-a-Lee Blues» av Lovie Austin. Ma Rainey spelte inn songen året etter, med Louis Armstrongkornett, og ein kjend versjon vart spelt inn av Frank Hutchison i 1927.[8]

Før andre verdskrigen vart songen ofte kalla «Stack O'Lee». W.C. Handy skreiv at dette truleg var kallenamnet på ein høg person, og samanlikna han med ein høg skorstein (stack på engelsk) på den store dampbåten Robert E. Lee.[12] På tida då W.C. Handy skreiv denne forklaringa i 1920-åra, var «Stack O' Lee» alt kjend i populærkulturen i USA og popsongarar som Cliff Edwards hadde spelt songen.

Versjonen av Mississippi John Hurt, spelt inn i 1928, vert rekna som den definitive versjonen.[8] I versjonen hans, som i alle slike verk, er det nokre variasjonar i teksten. Fleire eldre versjonar nytta De Lyons eller Deslile som etternamnet til Billy. Andre kjende førkrigsversjonar vart spelte inn av Duke Ellington (1927), Cab Calloway (1931) og Woody Guthrie (1941).[8]

Etterkrigsversjonar[endre | endre wikiteksten]

Stagger Lee
av Lloyd Price
B-side

You Need Love

Språk engelsk
Utgjeve November 1958
Innspelt 11. september 1958
New York City
Sjanger Pop, R&B
Lengd 2:20
Selskap ABC-Paramount
Låtskrivar(ar) Lloyd Price, Harold Logan
Produsent Don Costa
Lloyd Price-kronologi 
«No Limit To Love»
(1958)
Stagger Lee «Where Were You (On Our Wedding Day)?»
(1959)


I 1950 nådde ein versjon av New Orleans-pianist Archibald 10. plass på Billboard R&B-lista.[13] Lloyd Price spelte inn songen i 1958 og denne nådde toppen på både R&B- og pop-lista i USA tidleg i 1959.[13] Versjonen hans vart sett på 456. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han nådde òg sjuandeplassen i Storbritannia. Price spelte òg ein nedtona versjon av songen for Dick Clark sitt American Bandstand.[8]

Songen vart spelt inn av Pat Boone og andre variasjonar spelte inn i 1960-åra vart gjor av Ike and Tina Turner, James Brown og Wilson Pickett (som nådde 22. plass på poplista i USA med songen). Versjonen til Tommy Roe frå 1971 nådde 25. plass på Billboard Hot 100 og 17. plass i Canada. Grateful Dead spelte inn ein versjon av soga som fokuserer på dei fiktive timane etter «Billy DeLyon» døydde, då kona til Billy, Delia finn Stagger Lee i ein lokal saloon og «she shot him in the balls» (skaut han i ballane) som hemn for drapet på Billy.[14]The Clash-albumet London Calling frå 1979 finn ein songen «Wrong 'Em Boyo» av den jamaicanske rocksteady-gruppa The Rulers, der Stagger Lee er helten og Billy skurken. Ein versjon av The Fabulous Thunderbirds finst i filmmusikken til Porky's Revenge (1985). Johnny Otis-bandet Snatch and the Poontangs spelte ein versjon der vald vert blanda med sex.

Prince Buster & The Trojans spelte ein ska/reggae-versjon kalla «Stack-A-Lee» i 1990. Denne finst i boksen Beginner's Guide To Ska. Nick Cave and the Bad Seeds spelte ein versjon av songen i 1996 for albumet Murder Ballads. Denne versjonen henta teksten frå ein såkalla gate-toast av Stagolee.[15] Toast er eit slags dikt framført som ein rap, men frå tida før rapping vart kjend. Songen inneheld mykje bannskap og fortel soga frå eit nøytralt perspektiv. Stagger Lee omtalar seg sjølv som «The Bad Motherfucker». Songen set òg soga til 1930-åra, med opningslinja «It was back in '32 when times were hard».

The Black Keys spelte inn ein song kalla «Stack Shot Billy» i 2004 for albumet Rubber Factory. I 2005 spelte Chris Whitley og Jeff Lang inn sitt eige arrangement av songen, kalla «Stagger Lee», gjeve ut i 2006 på Dislocation Blues. Ein versjon av songen av Pacific Gas & Electric vart nytta i Quentin Tarantino-filmen Death Proof. I filmen Black Snake Moan syng rollefiguren til Samuel L. Jacksonein versjon av songen frå perspektivet til Stagger Lee kalla «Stackolee». Denne versjonen var basert på R. L. Burnside si utgåve og kan høyrast på albumet Well, Well, Well. Bluesmusikaren Keb' Mo' spelte ein versjon av songen i ein scene frå filmen Honeydripper i 2007. Hardcore punk-bandet Modern Life Is War spelte inn ein versjon for albumet deira Midnight in America som, som i Nick Cave-songen, tar seg fridomar i visse delar av songen. Stagger stel ein bil og køyrer til eit motell der Billy er med ekskjærasten til Stagger og han drep begge. Josh Ritter spelte inn ein versjon av soga kalla «Folk Bloodbath» på albumet So Runs the World Away, men i denne versjonen drep Stagger Lee ein mann med namn Louis Collins, og 'Hangin' Billy Lyons var dommaren som dømer til Stagger til døden ved henging.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Boston: Harvard University Press. s. 43–45. 
  2. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Boston: Harvard University Press. s. 23. ISBN 0674028902. 
  3. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Boston: Harvard University Press. s. 42–43. ISBN 0674028902. 
  4. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Boston: Harvard University Press. s. 21–29. ISBN 0674028902. 
  5. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Boston: Harvard University Press. s. 34–36. ISBN 0674028902. 
  6. Brown, Cecil (2004). Stagolee Shot Billy. Harvard University Press. s. 102. ISBN 0674028902. 
  7. Richard E. Buehler, "Stacker Lee: A partial investigation into the historicity of a Negro murder ballad", Keystone Folklore Quarterly, vol. 12, 1967, s. 187 and note. Henta 1. september 2013
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 History of Stagger Lee. Henta 1. september 2013
  9. Matt Marshall, A Brief History of Stagger Lee and Billy Lyons, American Blues Scene, May 9, 2011. Henta 1. september 2013
  10. Richard E. Buehler, Stacker Lee: A partial investigation into the historicity of a Negro murder ballad, Keystone Folklore Quarterly, vol.12, 1967, s. 187-191. Henta 1. september 2013
  11. «Herb Wiedoeft's Cinderella Roof Orchestra». Red Hot Jazz. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 1. september 2013. 
  12. Blues, an Anthology, by W.C. Handy, 1926
  13. 13,0 13,1 Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 12. 
  14. "The Annotated Stagger Lee"
  15. Largehearted Boy: Book Notes - Derek McCulloch ("Stagger Lee")

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]