Still Cruisin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Still Cruisin'
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 28. august 1989
Innspelt 1987–1989,
bortsett frå «I Get Around»: April 1964, «Wouldn't It Be Nice»: Januar–april 1966, og «California Girls»: April & juni 1965
Sjanger Rock
Lengd 33:44
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson, Terry Melcher, Al Jardine, Albert Calbrera og Tony Moran
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
The Beach Boys
(1986)
Still Cruisin' Summer in Paradise
(1992)

Still Cruisin' er det 23. studioalbumet til The Beach Boys og kom ut i juli 1989.

Etter at songen «Kokomo» (frå filmen Cocktail) noko uventa vart ein stor hit verda over, avgjorde bandet at dei ville gje ut eit album med nye songar i lag med gamle hittar. Det einaste bidraget til Brian Wilson var songen «In My Car», som i røynda var ein solosong med Carl Wilson og Al Jardine på korvokal.

Av dei andre songane finn ein «Make It Big» og «Still Cruisin'» frå filmane Troop Beverly Hills og Dødlig Våpen 2, «Island Girl» var næraste ein solosong frå Al Jardine, «Wipe Out» var ei nyinnspeling i samarbeid med rapgruppa The Fat Boys (som gjekk heilt til andreplass på lista to år før i USA), medan «Somewhere Near Japan» var eit samarbeid med John Phillips, akkurat som med "Kokomo".

I tillegg fanst dei gamle hittane «I Get Around» (frå All Summer Long), «Wouldn't It Be Nice» (frå Pet Sounds) samt «California Girls» (frå Summer Days (And Summer Nights!!)). Samtlege av desse hadde då nyleg vorte nytta i filmar.

Albumet nådde 46. plass på den amerikanske Billboard-lista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Still Cruisin'» (Mike Love/Terry Melcher) 3:35
2. «Somewhere Near Japan» (Bruce Johnston/Mike Love/Terry Melcher/John Phillips) 4:48
3. «Island Girl» (Al Jardine) 3:49
4. «In My Car» (Brian Wilson/Eugene E. Landy/Alexandra Morgan) 3:21
5. «Kokomo» (Mike Love/Scott McKenzie/Terry Melcher/John Phillips) 3:35
6. «Wipe Out» (Bob Berryhill/Pat Connolly/Jim Fuller/Ron Wilson) 4:00
7. «Make It Big» (Mike Love/Bob House/Terry Melcher) 3:08
8. «I Get Around» (Brian Wilson/Mike Love) 2:09
9. «Wouldn't It Be Nice» (Brian Wilson/Tony Asher) 2:22
10. «California Girls» (Brian Wilson/Mike Love) 2:35

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]