Stripegås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stripegås

Status i verda: LC Livskraftig

Stripegås i St James's Park, London Foto: David Iliff
Stripegås i St James's Park, London
Foto: David Iliff

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anser
Art: A. indicus
Vitskapleg namn
Anser indicus

Stripegås (Anser indicus) er ein gåseart som hekkar i Sentral-Asia i koloniar ved høgtliggjande innsjøar på Tibetplatået nordaust til Mongolia. Dei overvintrar i Sør-Asia, så langt sør som på Det indiske subkontinentet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er bleik grå og kan lett skiljast frå dei andre grågjæsene i slekta Anser med kvitt hovud, hals og strupe, og svarte tverrstriper på hovudet og svart ned langs nakken. Dei er òg mykje bleikare enn dei andre gjæsene i denne slekta. I flukta ropar dei med typisk gåsetuting. Vaksne fuglar er 71-76 centimeter i lengd og veg 1,87 til 3,2 kilo.

Sommarhabitata er ved høgtliggjande innsjøar der fuglen beitar på kort gras. Om sommaren lever dei innanfor landegrensene av Russland, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Mongolia og Kina, og hekkar hovudsakleg på Tibetplatået. Hoa legg 3-8 egg i kullet i reir på bakken.

Stripegåsa er rekna å vere ein av dei høgastflygande fuglane i verda under trekk, pålitande registreringar med sporingsteknologi har synt at dei har nådd 6437 moh.[1] i Himalaya, jamvel om somme gjev 9000 moh.[2] som ei maksimal flygehøgd for stripegåstrekket. Det er no kjent at dei tilsynelatande finn lågare trekkruter gjennom pass over fjella. Under vårtrekket nordover frå låglandet i India til hekkeområda på Tibetplatået gjer dei flyginga over Himalaya utan stopp på så lite som sju timar. Overraskande, trass føreseieleg bakvind som blæs nord og opp Himalaya, vil stripegjæser unngå vind, og ventar til det stilnar av, deretter gjer dei den største stinging under flyging som nokosinne er registrert for fugl, frå nær havnivå til høgda i Himalaya og dei opprettheld høgda i fleire timar.[3] Stripegåsa er kjent for å vere godt rusta for denne utruleg utfordrande migrasjon. Vengene har ei litt større bereflate for kroppsvekta enn andre gjæser, noko som blir trudd å hjelpe gåsa til å flyge i stor høgd.[4] Studiar har funne at dei pustar djupare og meir effektivt under tilhøve med lågt oksygeninnhald.[5] Hemoglobinet i blodet deira har ein høgare oksygenaffinitet enn blant andre gjæser.[6]

Stripegåsa trekkjer sør og over Himalaya for å halde seg gjennom vinteren i delar av Pakistan, Nepal og landa rundt Bengalbukta medrekna India. I India frå Assam til så langt sør som Tamil Nadu.[7] Vinterhabitata er dyrka marker, der dei beitar på bygg, ris og hvete, og kan derfor skade avlingar. Fuglar frå Kirgisistan er registerert på rasteplassar i vestlege Tibet og sørlege Tadsjikistan i 20 til 30 dagar før dei held fram lenger sør.

Fuglearten fekk merksemd frå medisinsk vitskap som eit tidleg offer av H5N1-viruset, høgpatogen fugleinfluensa, i Qinghai, Kina.[8] Stripegjæser er utsett for predasjon frå kråker, rev, ramn, bandhavørn, måsar og andre.

Dei er ofte haldne i fangenskap, i Europa finst ein forvilla stamme og det blir gjort regelmessige observasjonar av stripegjæser i Noreg.[9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Scott, Graham R.; William K. Milsom (2007-07-01). «Control of breathing and adaptation to high altitude in the bar-headed goose». American Journal of Physiology - Regulatory, Integrative and Comparative Physiology 293 (1): R379 -R391. doi:10.1152/ajpregu.00161.2007. 
  • Hawkes, Lucy A.; Sivananinthaperumal Balachandran, Nyambayar Batbayar, Patrick J. Butler, Peter B. Frappell, William K. Milsom, Natsagdorj Tseveenmyadag, Scott H. Newman, Graham R. Scott, Ponnusamy Sathiyaselvam, John Y. Takekawa, Martin Wikelski, Charles M. Bishop (2011-05-31). «The trans-Himalayan flights of bar-headed geese (Anser indicus)». Proceedings of the National Academy of Sciences. doi:10.1073/pnas.1017295108. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Than (2011)
  2. Scott og Milsom (2007)
  3. Hawkes et al (2011)
  4. Lee, S.Y., Scott, G.R., Milsom, W.K.2008 Have wing morphology or flight kinematics evolved for extreme high altitude migration in the bar-headed goose? Comparative Biochemistry and Physiology - C Toxicology and Pharmacology 148 (4):324-331
  5. William K. Milsom and Graham Scott (2008) Respiratory adaptations in the high flying bar-headed goose. Comparative Biochemistry and Physiology Part C: Toxicology & Pharmacology 148(4):460 doi:10.1016/j.cbpc.2008.10.047
  6. Liu, X.-Z., Li, S.-L., Jing, H., Liang, Y.-H., Hua, Z.-Q., Lu, G.-Y. 2001 Avian haemoglobins and structural basis of high affinity for oxygen: Structure of bar-headed goose aquomet haemoglobin. Acta Crystallographica Section D: Biological Crystallography 57 (6):775-783
  7. Takekawa et al (2007)
  8. Cui, Hou og Tang (2011)
  9. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  10. Søk på artsobservasjoner.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stripegås