Bjørnebær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bjørnebær (fleirtyding).
Bjørnebær
Bjørnebær
Bjørnebær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Bjørnebærslekta Rubus
Art: Bjørnebær R. fruticosus
Vitskapleg namn
Rubus fruticosus

Bjørnebær er namnet på fleire bærplantar i slekta Rubus. Bæra er svarte når dei er mogne, med ein søt og syrleg smak, og blir etne av både menneske og dyr. Ein kan hausta ville bjørnebær eller dyrka dei. Bjørnebærplanten er i slekt med bringebær, og har mange likskapar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bjørnebærplante i ein hage.

Bjørnebærplanten er ein staude som dannar buskar eller kratt ved hjelp av lange jordstenglar og opprette skot. Skota har rette eller bøygde torner som hjelper planten til å klatra og vernar han mot dyr. Bjørnebær har kvite eller rosa blomar med fem kronblad, mellom 2 og 5 cm i diameter. Etter blomstring gjev skota bær som først er grøne, så raudlege og til slutt mørkelilla eller svarte.

Det er særleg arten Rubus fruticosus som er rekna som bjørnebær. Det finst ei rekke mindre underartar. Det er mellom anna skildra opptil 40 slike i Noreg. Bjørnebær er apomiktiske, det vil seia at dei kan klona seg sjølv. Planten har også polyploiditet og kan lett danna hybridar med andre artar. Ein kan til dømes få fram boysenbær gjennom å kryssa bjørnebær med bringebær og loganbær.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Bjørnebær veks vilt i tempererte strok på heile den nordlege halvkula. Han er ikkje særleg utbreidd i Noreg, ettersom han føretrekk eit varmt og lunt klima, men finst sørover i kyststrøka mellom Oslofjorden rundt Sørlandet til vestlandsfjordane.

Dyrking og hausting[endre | endre wikiteksten]

Bæra på kvar plante mognar i utakt, ved at dei øvste bæra blir mogne først og dei lenger nede mognar seinare. Mogninga tek rundt tre månader, i Noreg i tida frå august til oktober, og dei nedste eller inste bæra blir sjeldan mogne.

Bjørnebær blir særleg dyrka kommersielt i Oregon i USA. Planten finst i mange kultivarar, mellom anna i typar som ikkje har torner, eller med greiner som står oppreist i staden for å krypa slik ville bjørnebær gjer.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Russiske pannekaker med bjørnebær.

Bjørnebæra er søtare jo mognare dei er. Dei inneheld mykje fiber og A- og C-vitamin.[1] Dei kan etast åleine eller serverast saman med ulike dessertar og brukast til kakepynt. Dei kan også brukast til å laga syltetøy, marmelade, smoothie og likør.

Planten er også brukt innan folkemedisin. Ettersom blad og blomar inneheld garvesyre, verker dei betennelseshemmande. Friske blad er blitt brukt direkte på verkebyllar, eksem og kreftsår. I tillegg har avkok blitt brukt til å behandla munn- og halsbetennelse ved gurgling. Avkok av blad, blom og rot er også blitt brukt til å stoppa diaré.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. frukt.no, arkivert frå originalen 23. desember 2008, henta 22. september 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]