Stikkelsbær
| Stikkelsbær | ||
| Systematikk | ||
| Orden: | Saxifragales | |
| Familie: | Grossulariaceae | |
| Slekt: | Ribes | |
| Art: | R. uva-crispa | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ribes uva-crispa | ||
Stikkelsbær (Ribes uva-crispa) er ein busk i ripsfamilien i slekt med rips og solbær. Det viskaplege namnet kjem av latin uva (drue) og crispus (krusa) som speglar at busken har bær og krusete blad, derav namnet krusbär på svensk. Synonymnamnet Ribes grossularia er opphav for ordet «stikkelsbær».
Buskane blir opptil ein meter høge og har torna greiner, grøne blomer og store, håra eller glatte bær. Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga, og i ulike storleikar. Stikkelsbær kan kjøpast på nokre norske grønsaksmarknader i sesongen.
Stikkelsbærsbusken kan ein støte på marka langt unna busetting, men det er uvisst om det nokon gong har vore viltveksande stikkelsbær i Norden eller om desse er forvilla frå hagar.
Innhaldsliste |
Utbreiing[endre]
Busken kjem opphavleg frå Kaukasus og det vestlege Asia. Dyrkinga av stikkelsbær ser ut til å ha komme i gang først på 1500-talet. I Norden tok dyrkinga til først på slutten av 1600-talet. På 1800-talet som var stikkelsbærdyrkingas glanstid, vart det dyrka rundt 1000 ulike sortar.
Ved starten av 1900-talet kom den amerikanska mjøldoggsoppen Sphaerothéca mors-uvae til Europa og ødela mykje av foredlingsarbeidet. Soppen er kjent under namnet «Stikkelsbærdrepar». Den dannar eit tett, brunt lag på blada, skot og bær. I dag er det utviikla sortar som er resistenta mot mjøldogg.
I dag finst det mange viltveksande artar i Nord-Amerika og nokre i Asia og Europa.
Frukt og blomstrar[endre]
Stikkelsbær har sortar med store bær og sortar med små bær. Blomstrane er ikkje i ein klase, men 1-3 blomar som er festa stammen, der det finst mange tornar eller taggar. Bæra har sterk farge og er særs saftige.
Frukta er større enn hos dei andre artane i slekta, og er eit eitrumma bær med mange frø. Bæra inneheld sukkerartar og sitron-, vin- og eplesyre. Hos dei dyrka sortane varierer både storlek, form og farge på bæra. Det finst raude, gule og grønkvite, lodne og glatte, runde, ovale och pæreforma.
Bruk[endre]
Stikkelsbær kan nyttast til syltetøy, gelé eller som dessert. Opphavleg var bæra mest kjende som medisinplante, og blei mellom anna tilrådd mot pest og malaria. Safta skulle kurere all betenning. Tidlegare fanst det stikkelsbærbrus på den norske marknaden.
Stikkelsbær i Noreg[endre]
Grøne[endre]
- Lepaan Valio
- Whitesmith
- Invikta
Gule[endre]
- Gul Hinnomäki - H6
- Hænning Früheste
Raude[endre]
- Scania
- Whinham's industry
- Raud Hinnomäki - H6
Sjukdommar og skadedyr[endre]
- Stikkelsbærdreper
- Stikkelsbladveps
Bakgrunnsstoff[endre]
- Jon Ramstad, Hagebrukslære for landbruksskolen. Landbruksforlaget, 1972.
|
|
|
|---|---|
| Hagebær | Hagerips · Solbær · Stikkelsbær · Jordbær · Bringebær |
| Ville bær | Blåbær · Tyttebær · Villbringebær· Markjordbær · Molte · Åkerbær · Krekling · Rognebær · Heggebær · Bjørnebær · Tranebær |
| Frukt dyrka i Noreg | Eple · Pære · Surkirsebær · Morell · Plomme |
| Sitrusfrukt | Appelsin · Klementin · Kumquat · Mandarin · Lime · Sitron · Grapefrukt |
| Anna frukt og bær | Kiwi · Nektarin · Banan · Aprikos · Druer · Ananas · Fersken · Amerikansk blåbær · Amerikansk tranebær |