Tatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tatra
Skipa 1850
Land Tsjekkia
Hovudkontor Kopřivnice, Moravia,
Produkt Terrenggåande lastebilar
Nettstad www.tatratrucks.com/
Denne artikkelen handlar om lastebilprodusenten Tatra. For fjellkjeda, sjå Tatrafjella.
Tatra 815.

Tatra er ein tsjekkisk produsent av terrenggåande lastebilar. Føretaket var oppkalla etter Tatrafjella.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Føretaket vart stifta av Ignác Šustala i Kopřivnice i 1850. Dei fyrste åra produserte dei hestevogner. I 1891 tok dei til å produsera janbanevogner og føretaket fekk namnet Nesselsdorfer Wagenbau-Fabriksgesellschaft'. Då Šustala døydde i 1890 tok Fischer von Roeslerstamm over som teknisk direktør. Han kjøpte ein Benz automobile og med denne som inspirasjonskjeøde vart det utvikla ein personbil, som vart synt fram på ei utstilling i Wien i 1897. Dette vart starten på ein personbilproduksjon som heldt fram til 1999.