Hino Jidōsha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hino Jidōsha
Skipa 1942
Land Japan
Hovudkontor Hino-shi, Tokyo
Produkt Lastebilar og bussar
Eigd av Toyota
Nettstad www.hino-global.com/
Hino betongbil.

Hino Jidōsha (japansk: 日野自動車株式会社) r ein japansk lastebil og bussprodusent, er eit dotterselskap til Toyota. Hino vore den leiande japanske produsenten av store og mellomstor lastebilar.

Histori[endre | endre wikiteksten]

Føretaket har røter attende til Tokyo Gassindustri Ltd., som vart stifta i 1910. Den fyrste tida drev føretaket med sal av lampegass, men etter ei tid tok dei til å produsera elektriske artiklar og endra namn til Tokyo gass og elektroindustri (japansk: 東京瓦斯電気工業).

Den fyrste lastebilen vart produsert i 1917. In 1937 gjekk bilavdelinga til Tokyo gass og elektroindustri saman med bilavdelingane til dei to føretaka Automobileindustriselskapet og Kyodo Kokusan K.K. ttil eit nytt føretak som vart kalla Tokyo Automobilindustri. I 1941 vart namnet endra til Dieselmotorindustryselskapet, som seinare vart til Isuzu motor.

I 1942 vart ein del av føretaket skild ut, under namnet Hino tungindustri. Under 2. verdskrig vart det produsert skipsmotorar. Etter krigen vart namnet endra til Hino Jidōsha og produksjonen vart konsentret om lastebilar. Produksjon av bussar kom til noko seinare. For ein stutt periode vart det òg produsert personbilar. Samarbeidet med Toyota tok til i 1966. I 2001 eigde Toyota 50,46 % av aksjeane i Hino og Hino vart eit dotterselskap til Toyota. Frå 1973 har Hino vore den leiande japanske produsenten av store og mellomstor lastebilar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]