The Christmas Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Christmas Song (Merry Christmas to You)
Singel av The King Cole Trio
B-side «In the Cool of Evening» (Capitol 311)
«Laguna Mood» (Capitol 15201)
«(All I Want for Christmas Is) My Two Front Teeth» (Capitol F90036; Capitol F2955)
«The Little Boy that Santa Claus Forgot» (Capitol 3561)
Utgjeve November 1946
Innspelt 19. august 1946
Sjanger Julemusikk, jazz, pop
Lengd 3:10 (1946)
3:12 (1953)
Selskap Capitol 311 (1946)
Capitol 15201 (1948)
Capitol F90036 (1953)
Capitol F2955 (1954)
Capitol 3561 (1956)
Låtskrivar(ar) Mel Tormé,
Bob Wells

«The Christmas Song» (ofte med undertittelen «Chestnuts Roasting on an Open Fire» eller den originale undertittelen «Merry Christmas to You») er ein klassisk julelåt skriven i 1944 av Mel Tormé (òg kalla The Velvet Fog) og Bob Wells. Ifølgje Tormé vart songen skriven ein særleg varm sommardag.[1]

«Eg såg han hadde skrive fire linjer på eit ark», fortalte Tormé. «Dei starta med 'Chestnuts roasting..., Jack Frost nipping..., Yuletide carols..., Folks dressed up like Eskimos.' Bob (Wells, medlåtskrivar) trudde ikkje han skreiv ein songtekst. Han sa han tenkte at han kunne drøyme seg bort i ein vinter, så kunne han kjøle seg ned.» Førti minuttar seinare var songen skriven. «Eg skreiv all musikken og noko av teksten.»

The Nat King Cole Trio spelte først inn songen tidleg i 1946. Etter ønske frå Cole og etter protestar frå selskapet hans Capitol Records, vart songen spelt inn på ny same året med ein liten strykeseksjon. Denne versjonen vart ein massiv hit på både pop- og R&B-lista. Cole spelte igjen inn songen i 1953 med det same arrangementet og eit fullt orkester arrangert og dirigert av Nelson Riddle, og nok ein gong i 1961, i ein stereoversjon med orkesteret dirigert av Ralph Carmichael. Versjonen til Nat King Cole frå 1961 vert generelt rekna som den definitive, og i 2004 vart han kåra til den mest akta julesongen hos kvinner mellom 30 og 49 år gamle,[2] medan den originale versjonen til Cole frå 1946 vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1974.[3]

Nat King Cole-innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Første innspeling: Spelt inn i WMCA Radio Studios i New York City, 14. juni 1946. På etiketten: The King Cole Trio (Nat King Cole, vokal og piano; Oscar Moore, gitar; Johnny Miller, bass). Ikkje gjeven ut før i 1989, då han (ved eit uhell) vart teken med på samleplata Billboard Greatest Christmas Hits (1935–1954) Rhino R1 70637(LP) / R2 70637(CD).

Andre innspeling: Spelt inn i WMCA Radio Studios, New York City, 19. august 1946. På etiketten: The King Cole Trio with String Choir (Nat King Cole, vokal-pianist, Oscar Moore, gitarist; Johnny Miller, bassist; Charlie Grean, dirigent for ein strykekvartett, ein harpespelar og ein trommeslagar). Gjeve ut i november 1946 som Capitol 311 (78rpm).

Tredje innspeling: Spelt inn Capitol Studios, Hollywood, 24. august 1953. Dette var første innspelinga av songen på magnetband. På etiketten: The King Cole Trio with String Choir (Artistar: Nat King Cole, vokal; Nelson Riddle, dirigent) Master #11726, opptak 11. Gjeve ut i november 1953 som den «nye» Capitol 90036(78rpm) / F90036(45rpm) (Capitol gav først ut 90036 i 1950 med den andre innspelinga) . Den korrekte etiketten kom ut 18. oktober 1954 som Capitol 2955(78rpm) / F2955(45rpm). På etiketten: Nat "King" Cole with Orchestra Conducted by Nelson Riddle. Denne innspelinga finst på CDen Cole, Christmas and Kids frå 1990 og forskjellige samleplater.

Fjerde innspelinga: Spelt inn i Capitol Studios, New York City, 30. mars 1961. Denne versjonen, den første spelt inn i stereo, vert mykje spelt på radio kring juletider og er truleg den mest kjende versjonen av songen. På etiketten: Nat King Cole (Nat King Cole, vokal; Charles Grean og Pete Rugolo, orkestrering; Ralph Carmichael, dirigent). Arrangementet er nesten identisk til 1953-versjonen, men vokalen er mykje djupare og meir fokusert. Han vart opphavleg gjeve ut på The Nat King Cole Story.

Mel Tormé-innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Mel Tormé sjølv gjorde fleire innspelingar av songen, mellom anna i 1954 (for konsertalbumet på Coral Records, At the Crescendo), 1961 (for Verve Records, My Kind of Music), 1966 (for ein julesingel på Columbia Records), og i 1992 (for Telarc Records-albumet Christmas Songs).

Eit utval innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«The Christmas Song» har vorte spelt inn av mange artistar innan mange sjangar, mellom andre:

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

Footnotes[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]