Hey Joe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hey Joe
singel av The Leaves
frå albumet Hey Joe
B-side «Be With You» (original)
«Girl from the East» (nyutgjeving)
«Funny Little World» (andre nyutgjeving)
Utgjeve november 1965
Sjanger Garagerock
Lengd 2:52
Selskap Mira
Låtskrivar(ar) Billy Roberts
Produsent Nick Venet (original)
Norm Ratner (nyutgjevingar)
The Leaves-kronologi
«Love Minus Zero»
(1965)
Hey Joe «You Better Move On»
(1965)
Hey Joe
singel av The Jimi Hendrix Experience
B-side «Stone Free» (UK)
«51st Anniversary» (US)
Utgjeve 16. desember 1966 (UK)
1. mai 1967 (US)
Innspelt 23. oktober 1966, De Lane Lea Studios, London
Sjanger Rock, bluesrock
Lengd 3:30
Selskap Polydor (UK)
Reprise (US)
Låtskrivar(ar) Billy Roberts
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
Hey Joe «Purple Haze»
(1967)
Hey Joe
singel av Patti Smith
B-side «Piss Factory»
Utgjeve 1974
Innspelt 5. juni 1974, Electric Lady Studios, New York City
Sjanger Protopunk, bluesrock
Lengd 5:05
Selskap Mer
Låtskrivar(ar) Patti Smith, Billy Roberts
Produsent Lenny Kaye
Patti Smith-kronologi
Hey Joe «Gloria»
(1976)

«Hey Joe» er ein amerikansk song frå 1960-åra som har vorte ein rockestandard og spelt av mange hundre forskjellige artistar.[1][2][3] «Hey Joe» fortel soga om ein mann som er på rømmen og planlegg og dra til Mexico etter å ha skote kona si.[4] Forskjellige tilskrivingar og påstandar har gjort at ein ikkje er 100 % sikker på kven som har skrive songen.[3][4] Den første kjende innspelinga av songen er frå seint i 1965 av garasjebandet The Leaves frå Los Angeles,[5], som òg hadde den første hitversjonen av songen med ei nyinnspeling frå 1966. Den mest kjende versjonen i dag er av The Jimi Hendrix Experience frå 1966.[6] Songtittelen vert stundom skriven «Hey Joe, Where You Gonna Go?» eller liknande variantar.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Enkelte hevdar at songen er ein tradisjonell song,[7] og han vert ofte feilaktig tilskriven den amerikanske musikaren Dino Valenti (som òg kalla seg Chester eller Chet Powers og Jesse Farrow). «Hey Joe» vart registrert for opphavsrett i USA i 1962 av Billy Roberts.[3] Den skotske visesongaren Len Partridge har hevda at han hjelpte å Roberts å skrive songen, som dei begge spelte i klubbar i Edinburgh i 1956.[8] Andre hevdar at Roberts gav rettane til songen til venen Valenti, då Valenti var i fengsel, slik at han skulle ha noko inntekt då han slapp ut.[3][9]

Tidlege innspelingar (1965–1966)[endre | endre wikiteksten]

Songen til Roberts fekk tilhejgnarar i musikkmiljøet i Los Angeles på midten av 1960-talet, og det vart gjort fleire innspelingar av songen i 1965 og 1966 av The Leaves, The Standells, The Surfaris, Love og The Byrds, noko som gjorde han til ein garagerockklassikar.[5] Det er sagt om både Dino Valenti og The Byrds-medlemmet David Crosby at dei var med på å popularisere songen før han vart innspelt av The Leaves i desember 1965.[10]

The Leaves, som hadde høyrt songen då dei var på konsert med The Byrds (som ikkje enno hadde spelt inn si eiga utgåve av songen) på Ciro'sSunset Boulevard,[10] spelte inn og gav ut tre utgåver av «Hey Joe» i 1965 og 1966.[4] Den første utgåva kom ut i november-desember 1965, men selde dårleg.[5] Den tredje innspelinga av songen vart ein hit i mai-juni 1966 og nådde 31. plass på den amerikanske singellista.[5] Denne utgåva av The Leaves er den einaste innspelinga av songen som har nådd Topp 40 i USA.[4]

The Surfaris spelte inn songen og gav han ut som B-side til singelen «So Get Out», og vert ofte omtalt som den første rocke-utgåva av songen[11], men mange pålitelege kjelder viser at Surfaris-utgåva av songen kom lenge etter The Leaves sin i 1965.[3][12][13]

The Standells spelte òg inn ei utgåve av songen, kalla «Hey Joe, Where You Gonna Go», som finst på albumet deira Dirty Water frå 1966.[14] Garagerockbandet The Music Machine spelte inn ein sakte, fuzz-prega versjon av songen seint i 1966, som liknar mykje på den seinare utgåva til Jimi Hendrix.[15]

Bandet Love frå Los Angeles, spelte òg inn ei utgåve av «Hey Joe» på debutalbumet deira Love, på Elektra Records i april 1966.[16] Songen hadde kome til bandet via David Crosby i 1965, då gitaristen MacLean jobba som scenearbeidar for The Byrds.[10]

The Byrds spelte inn songen, kalla «Hey Joe (Where You Gonna Go)» på albumet Fifth Dimension i 1966.[10] Crosby hadde ønska å spele inn songen sidan dei starta i 1964, men bandet ville ikkje. Dette irriterte seinare Crosby når andre band fekk små hittar med songen. Bandet let Crosby synge solovokal på songen, sidan det var han som hadde funne songen.[9]

Tim Rose og Jimi Hendrix (1966)[endre | endre wikiteksten]

Folkrock-songaren Tim Rose sin meir langsame versjon av songen inspirerte den første singelen av The Jimi Hendrix Experience.[6] Den tidlegare bassisten for The Animals, Chas Chandler, som no var manager for andre artistar, hadde sett Rose spele songen på Cafe Wha? i New York City og såg no etter ein artist som kunne spele inn ein rockeversjon av «Hey Joe».[17][18] Chandler oppdaga Jimi Hendrix, som òg hadde spelt på Cafe Wha? i 1966 og framført eit arrangement av «Hey Joe» inspirert av utgåva til Rose.[18] Chandler valte å ta med seg Hendrix til England i september 1966, der han gjorde gitaristen til ei stor stjerne.[17]

Hendrix si utgåve kom ut i desember 1966 og vart ein hit i Storbritannia, der han nådde sjetteplassen i januar 1967.[19] Singelen vart gjeven ut i USA 1. mai 1967, men nådde ikkje singellista.[20] Innspelinga til The Jimi Hendrix Experience av songen er i dag den mest kjende versjonen[6] og vart plassert på 198. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene..[21] I 2009 vart han kåra til edn 22. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[22]

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Andre band som har gjort innspelingar av songen er Marmalade i 1968, Deep Purple på debutalbumet Shades of Deep Purple i 1968, Frank Zappa som ein parodisong kalla «Flower Punk» på The Mothers of Invention-albumet We're Only in It for the Money i 1968, Patti Smith gav han ut som singel i 1974.[23].

Utvald liste over innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I media[endre | endre wikiteksten]

Hendrix-utgåva finst i fleire filmar: [24]

Roger Waters-songen «Folded Flags» frå filmmusikken til filmen When The Wind Blows refererer til «Hey Joe» i tekstlinjene «Hey Joe, where you goin' with that gun in your hand?» og «Hey Joe, where you goin' with that dogma in your head?»[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hicks, Michael. (2000). Sixties Rock: Garage, Psychedelic og Other Satisfactions. University of Illinois Press. s. 55. ISBN 0-25206-915-3. 
  2. «Hey Joe covers». Allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=17:1816243. Henta 18. oktober 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Hey Joe Versions». www.franzen.tk. http://www.franzen.tk. Henta 18. oktober 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Hey Joe». Tom Simon's Rock-and-Roll Page. http://www.tsimon.com/heyjoe.htm. Henta 18. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Stax, Mike. (1998). Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 (1998 CD box set liner notes). 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Hey Joe review». Allmusic. http://www.allmusic.com/song/t4723429. Henta 18. oktober 2010. 
  7. «Introduction». The Official Tim Rose Website. http://www.tim-rose.co.uk/index.htm. Henta 18. oktober 2010. 
  8. Double Take: 'Hey Joe', in The Independent
  9. 9,0 9,1 Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ISBN 0-95295-401-X. 
  11. Hicks, Michael. (2000). Sixties Rock: Garage, Psychedelic og Other Satisfactions. University of Illinois Press. ISBN 0-25206-915-3. 
  12. «The Leaves biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-leaves-p18848. Henta 18. oktober 2010. 
  13. Joynson, Vernon. (1997). Fuzz, Acid og Flowers (4th Edition). Borderline Productions. ISBN 1-89985-506-8. 
  14. «Dirty Water review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/dirty-water-r18824. Henta 18. oktober 2010. 
  15. «(Turn On) The Music Machine review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/turn-on-bonus-tracks-r217423. Henta 18. oktober 2010. 
  16. «Love album review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/love-r11980. Henta 2009-07-26. 
  17. 17,0 17,1 «Chas Chandler Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/chas-chandler-p63698. Henta 18. oktober 2010. 
  18. 18,0 18,1 Welch, Chris (1996-07-18), Chas Chandler Obituary, London: The Independent, http://www.independent.co.uk/news/people/obituaries-chas-chandler-1329256.html, henta 18. oktober 2010 
  19. Brown, Tony. (2000). The Complete Book Of The British Charts. Omnibus Press. ISBN 0-7119-7670-8. 
  20. «Jimi Hendrix discography - Are You Experienced era». Ander's Jimi Hendrix Page. Arkivert frå originalen den 2007-12-22. http://web.archive.org/20071222020237/www.geocities.com/sunsetstrip/balcony/5802/ayeinfo.htm. Henta 18. oktober 2010. 
  21. «The RS 500 Greatest Songs of All Time (101 - 200)». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/coverstory/500songs/page/2. Henta 18. oktober 2010. 
  22. «spreadit.org music». http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/. Henta 18. oktober 2010. 
  23. «Patti Smith: Commercial Discography». A Patti Smith Babelogue. http://www.oceanstar.com/patti/info/discs.htm. Henta 18. oktober 2010. 
  24. «Jimi Hendrix Soundtrack Contributions». Internet Movie Database. http://www.imdb.com/name/nm0001342. Henta 18. oktober 2010. 
  25. «When The Wind Blows lyrics». Roger Waters International Fan Club. http://www.rogerwaters.org/wind_lyrics.html. Henta 18. oktober 2010. 
    • Sixties Rock, Michael Hicks, University of Illinois Press, 2000
    • Original Seeds Vol. 2: Songs that inspired Nick Cave & the Bad Seeds, Kim Beissel, CD liner notes, Rubber Records Australia, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]