The Stooges av The Stooges
| The Stooges Studioalbum av The Stooges |
||
| Utgjeve | 5. august 1969 (US) September 1969 (UK) |
|
| Innspelt | april 1969 | |
| Sjanger | Protopunk, garage rock, hardrock, psykedelisk rock | |
| Lengd | 34:33 | |
| Selskap | Elektra | |
| Produsent | John Cale | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Stooges-kronologi | ||
| The Stooges | Fun House (1970) |
|
The Stooges er debutalbumet til rockebandet The Stooges. Det kom ut i august 1969 og nådde 106. plass på Billboard-lista. To songar, «I Wanna Be Your Dog» og «1969», vart gjeven ut som singlar. Det vert generelt rekna som eit av dei beste protopunk-albuma. Med Ron Asheton sin mur av forvrengd gitar og wah wah-soloar og power-riff, vert det òg rekna for å ha hatt stor innverknad på hardrock.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
For det første albumet sitt, hadde The Stooges tenkt å spele inn fem songar: «I Wanna Be Your Dog», «No Fun», «1969», «Ann» og «We Will Fall». Dei fem songane var faste på konsertane til The Stooges på denne tida. Ein typisk Stooges-song i denne perioden bestod av to minuttar av komponert song etterfølgd av fleire minuttar med improvisasjonar. Bandet tenkte å spele inn desse fem songane på same måte og rekna med det var nok for albumet, men fekk beskjed frå Elektra om at dei trengde noko meir. I følgje Iggy Pop, «me gav dei (den fem-songar lange versjonen av) albumet og dei godtok det ikkje. Dei sa, 'Det er ikkje nok songar!' So me laug og sa 'Ingen problem, me har mange fleire.'»[5]
I røynda var the Stooges ein dag føre seg sjølv då Iggy sa dette til Elektra. Kvelden før hadde dei skrive tre songar til, «Real Cool Time», «Not Right» og «Little Doll» og spelte dei for første gong i studio.
Ein første miks av produsenten John Cale, som visstnok likna tidlegare bandkollega frå Velvet Underground Lou Reed sin «skap-miks» av det tredje albumet deira, vart avslått av Elektra. Miksen ein kan høyre på den endelege versjonen, vart gjort av Iggy Pop og Elektra Records-direktør Jac Holzman. Fire av dei originale Cale-miksane vart seinare gjeven ut på bonusplata som følgde 2005-utgåva av albumet. Fem år seinare, vart alle Cale-miksane gjeven ut i uendra form 2010-utgjevinga av albumet.[6]
I 2003 vart albumet rangert på 185. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[7] Same magasinet inkluderte «1969» på lista si over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.[8]
I mars 2005 plasserte Q «I Wanna Be Your Dog» på 13. plass på si liste over dei 100 beste gitarsongane.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton og Iggy Pop..
| Side A | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «1969» | 4:05 | |||||||
| 2. | «I Wanna Be Your Dog» | 3:09 | |||||||
| 3. | «We Will Fall» | 10:18 | |||||||
| Side B | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 4. | «No Fun» | 5:14 | |||||||
| 5. | «Real Cool Time» | 2:29 | |||||||
| 6. | «Ann» | 2:59 | |||||||
| 7. | «Not Right» | 2:51 | |||||||
| 8. | «Little Doll» | 3:20 | |||||||
2005-utgåva [endre]
16. august 2005 gav Elektra og Rhino Records i lag ut albumet som ei dobbelplate med ei nymastra versjon av albumet på eine plata og alternative opptak på den andre:
- "No Fun" (Original John Cale mix) – 4:43
- "1969" (Original John Cale mix) – 2:45
- "I Wanna Be Your Dog" (Original John Cale mix) – 3:26
- "Little Doll" (Original John Cale mix) – 2:49
- "1969" (alternate vokal) – 4:47
- "I Wanna Be Your Dog" (alternate vokal) – 3:28
- "Not Right" (alternate vokal) – 3:12
- "Real Cool Time" (alternate mix) – 3:22
- "Ann" (full version) – 7:52
- "No Fun" (full version) – 6:49
2010-utgåva [endre]
Den 7. mai 2010 gav Rhino Records igjen ut albumet i «Handmade»-serien sin som ein samlarpakke som inneheld to plater, ei 7" vinylplate og ein 7"x7"-stor bok. Den første plata inneheld heile albumet, singelversjonen av «I Wanna Be Your Dog», og alle dei originale John Cale-miksane av songane. Den andre plata og begge sidene av 7"-plata, inneheld «Asthma Attack», som ikkje tidlegare var gjeven ut, men som vart mykje spelt av bandet på konsertane deira i starten.[6]
Disk 1 [endre]
- "1969" – 4:05
- "I Wanna Be Your Dog" – 3:10
- "We Will Fall" – 10:15
- "No Fun" – 5:15
- "Real Cool Time" – 2:29
- "Ann" – 3:00
- "Not Right" – 2:49
- "Little Doll" – 3:21
- "I Wanna Be Your Dog" [Single Version] – 03:10
- "1969" [Original John Cale Mix] – 02:57
- "Not Right" [Original John Cale Mix] – 02:37
- "We Will Fall" [Original John Cale Mix] – 11:10
- "No Fun" [Original John Cale Mix] – 04:42
- "Real Cool Time" [Original John Cale Mix] – 02:40
- "Ann" [Original John Cale Mix] – 03:15
- "Little Doll" [Original John Cale Mix] – 03:05
- "I Wanna Be Your Dog" [Original John Cale Mix] – 03:42
Disk 2 [endre]
- "Asthma Attack" [Album Version] – 06:26
- "1969" [Alternate Vokal] – 04:45
- "I Wanna Be Your Dog" [Alternate Vokal] – 03:28
- "We Will Fall" [Alternate Version] – 11:24
- "No Fun" [Full Version] – 06:49
- "Real Cool Time" [Takes 1 & 2] – 07:04
- "Ann" [Full Version] – 08:00
- "Not Right" [Alternate Vokal] – 03:08
- "Little Doll" [Takes 1-5] – 10:24
Medverkande [endre]
- Iggy Pop - vokal (tilskriven «Iggy Stooge»)
- Dave Alexander - bass
- Ron Asheton - gitar, vokal
- Scott Asheton - Trommer
- John Cale - piano, kubjølle på «I Wanna Be Your Dog», bratsj på «We Will Fall»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Stooges (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2011.
- Weisbard, Eric; Craig Marks (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. ISBN 0-679-75574-8.
- ↑ Deming, Mark. The Stooges av The Stooges på Allmusic. Henta August 13, 2011.
- ↑ Ross, Dalton (April 2007). «Iggy & The Stooges - "The Weirdness" review». Entertainment Weekly. http://www.superseventies.com/extra_07_4.html. Henta August 13, 2011.
- ↑ Tangari, Joe (August 17, 2005). «Album reviews: The Stooges: The Stooges/Fun House». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/11842-the-stooges-fun-house/. Henta August 13, 2011.
- ↑ «Consumer Guide: The Stooges reviews». Robert Christgau. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=1548&name=The+Stooges. Henta August 13, 2011.
- ↑ tekst i plateomslaget til 2005-utgåva, s. 9
- ↑ 6,0 6,1 «The Stooges (Collector's Edition)». Rhino. http://www.rhino.com/shop/product/the-stooges-the-stooges-collectors-edition.
- ↑ «The 500 Greatest Albums of All Time: 185: The Stooges - The Stooges». Rolling Stone.
- ↑ «Rolling Stone’s 100 Greatest Gitar Songs Of All Time». Stereogum.com. May 30, 2008. http://stereogum.com/10114/rolling_stones_100_greatest_gitar_songs_of_all_ti/list/. Henta 14. oktober 2011.
|
|
|
|---|---|
| Album |
The Stooges (1969) · Fun House (1970) · Raw Power (1973) · The Weirdness (2007) · Ready to Die (2013) |
| Konsertalbum |
Metallic K.O. (1976) · Open Up and Bleed (1995) · Live in Detroit (2003) · Telluric Chaos (2005) · Raw Power Live: In the Hands of the Fans (2011) |
| Andre utgjevingar | |