Thorn-traktaten i 1709

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter den store

Thorn-traktaten vart underskrive 9. oktober 1709 mellom August den sterke og Peter den store i Thorn (Toruń), under den store nordiske krigen. Partane fornya alliansen sin, som Karl XII av Sverige hadde øydelagd med freden i Altranstädt (1706), og vart samde om å gje den polske krona attende til August.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Med det svenske nederlaget i slaget ved Poltava, hadde den russiske tsaren Peter den store hadde fått overtaket i den store nordiske krigen.[1] Med den svenske hovudarmeen øydelagd og den svenske kongen Karl XII i eksil i Det osmanske riket,[1] kunne August den sterke, som Karl XII hadde avsett som polsk konge med freden i Altranstädt (1706),[2] marsjere inn i Det polsk-litauiske samveldet og ta attende den polske krona frå den svenske allierte Stanisław Leszczyński.[1] Området gjenerobra av August i 1709 omfatta byen Thorn (Toruń) i Kongelege Preussen, der han møtte Peter den store for å forhandle vilkåra for ein felles politikk for det nordaustleg Europa.[1]

Vilkår og utføring[endre | endre wikiteksten]

Peter støtta August som polsk konge, etter at han hadde sikra seg at dei høgaste embeta i Det polsk-litauiske samveldet gjekk til adelege som støtta han sjølv.[3] August måtte forfølgje anti-russiske grupper i Polen.[3] I ein hemmeleg artikkel vart dei samde om at Svensk Livland skulle delast etter at det var erobra frå Det svenske imperiet, der August skulle få den sørlege delen og Peter den nordlege (Estland).[3]

I motsetnad til den første alliansen i Preobrazjenskoje vart vilkåra i Thorn stort sett diktert av Peter den store, som hadde fått eit kjøligare forhold etter Altranstädt. Tidlegare hadde dei hatt eit nært forhold.[3] Sjølv om August igjen vart lovd det erobra områda i Livland, tredde aldri denne delen av avtalen i kraft.[3]

Etter at avtalen var underteikna, tok Peter den store opp att ein brei anti-svensk allianse. Han reiste til nærliggande Marienwerder for å møte Fredrik I av Preussen, før han reiste til den russiske leiren nær Riga, der han nådde fram den 10. november.[4] Den dansk-russiske alliansen, som Karl XII øydela i Travendal (1700) vart fornya med den påfølgjande København-trakataten av diplomatane til Peter i det danske hoffet.[3]

Tidleg i 1710 gjekk August den sterke inn i den polske hovudstaden Warszawa, og tvinga fienden Stanisław Leszczyński til eksil i Stralsund i Svensk Pommern.[1] Etter August hadde forsterka stillinga si i Polen-Litauen ytterlegare, starta han eit felttog på svensk jord i 1711, då han invaderte Pommern og kringsette Stralsund[1] i lag med danske og russiske styrkar i det første samla felttoget til desse allierte i den store nordiske krigen.[5] Peter den store hadde samstundes avslutta felttoga sine i Svensk Livland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Groß (2007), s. 186
  2. Groß (2007), s. 185
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Anisimov (1993), s. 125
  4. Donnert (1989), s. 77–78
  5. Anisimov (1993), s. 134