Trollstigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trollstigen etter ombygging/rassikring
Stigrøra med kioskar og hytter i 2004. I bakgrunnen fjellformasjonen Trollklørne.

Trollstigen er ein del av fylkesveg 63 (tidlegare riksveg 63) i Rauma kommune i Romsdalen i Møre og Romsdal. Vegen med elleve hårnålsvingar i ei bratt fjellside utgjer ein stor del av fjellovergangen til Valldal i Norddal kommune. Trollstigen går frå Knutsetra i Isterdalen til Stigrøra, medan sjølve fjellovergangen fortsetter over Alnesreset (høgaste punkt 850 m.o.h.) over Slettvikane til Øvstestølen i Valldal. Trollstigen inngår i den 106 km lange planlagte nasjonale turistvegen frå Langvatn på Strynefjellet til Sogge bru i Romsdalen.[1] Vegen er vinterstengt mellom Langdal i Valldal og Isterdalen, normalt frå seint i oktober til siste del av mai.[2]

Vegen blei opna av kong Haakon VII den 31. juli 1936 etter ein åtte års anleggsperiode, og går i sikksakk frå Isterdalen opp til Stigrøra. Trollstigen er ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar.[3] På grunn av steinras og skader på kjørebanen, vart tredje og fjerde sving (nedanfrå) lagt om i 2005. Samtidig vart det bygd to nye bruer. På Alnesreset sto tidligare vertshuset Trollstigheimen.

Trollstigen, eller «Stigen» som den vart kalla før 1936, er ein gamal fjellovergang mellom Valldal på indre Sunnmøre og Åndalsnes nederst i Romsdalen. Frå 1533 var det ein stor årleg marknad på garden Devoll, denne Romsdalsmarknaden var ein viktig grunn til at valldalingane ivra for eit samband over «Stega-fjellet».[4] I eldre tider gjekk her ein gangveg som berre såvidt var farande med hest. I åra 1905-1913 vart det bygd ein rideveg (berre kløvsti i det brattaste partiet) over fjellet.[5] Allereie i 1916 var det oppstart på bygginga av den noverande køyrevegen. Store delar av den opphavelege «Kløvstigen» mellom Slettvikane i Valldal og Knutsetra i Isterdalen er godt synleg og farbar.

Då Stortinget 26.juni 1916 ga første løyvinga til vegen omfatta det arbeid på den 41 km lange strekninga frå Holsbrua i Valldal til Soggebrua i Romsdalen.[6] Raumabanen med endestasjon på Åndalsnes vart bygd samstundes og Statsbanen ga tilskott til bygging av køyrevegen. På Setnesmoen ved Åndalsnes var det eksersplass slik at militære omsyn også vart vektlagt. Køyrevegen var i 1936 3 til 4 meter brei, seinare utvida til mellom 4 og 6 meter med noko breiare møteplassar. Køyrevegen kryssar Stigfossbrua frå 1935.

På Slettvikane i Valldal er det sett opp ein stein til «Minne om valldølene Ole M. Alstad og Lars M. Omenås. Dei fyrste som i 1776 gjorde opptaket til vegsamband Valldal - Romsdal». Like ved er ein stein med innskrifta «Kong Håkon bilte denne veg 1936».

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

  1. http://www.nasjonaleturistveger.no/no/geiranger-trollstigen
  2. http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Vinterkjoring/Vegen/Vinterstenging
  3. http://www.dagsavisen.no/innenriks/article267375.ece besøkt 29.desember 2011
  4. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.
  5. Rekdal, Bjarne (1986): Vegen Valldalen - Romsdalen. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag, 1986, s.122-137.
  6. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk