Tryllefløyta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tryllefløyta
K. 620
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1791
Første framføring 30. september 1791
Typisk lengd 138:35
Satsar 22 (2 akter)
Libretto av Emanuel Schikaneder

Tryllefløyta (Tysk Die Zauberflöte, K. 620) er ein opera i to akter frå 1791, komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Emanuel Schikaneder. Verket er i Singspiel-form.

Framføringshistorie[endre | endre wikiteksten]

Tryllefløyta vart fyrste gongen framført den 30. september 1791 ved Freihaus-Theater auf der Wieden i Wien[1]. Mozart leidde orkesteret,[2] Schikaneder song sjølv rolla som Papageno, medan Nattdronninga vart sungen av Josepha Hofer, Mozarts svigersyster.

Verket fekk lunken mottaking dei fyrste førestillingane, men gradvis betra stoda seg. I november 1792 vart operaen framført for 100. gong. Mozart fekk ikkje sjølv oppleve denne milepælen, sidan han døydde den 5. desember 1791, knappe to månader etter premièren.

I dag er Tryllefløyta eit av dei mest populære verka i operarepertoaret.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Emanuel Schikaneder, librettisten til Tryllefløyta, i rolla som Papageno. I bakgrunnen sest eit fuglebur; sjå under.

Tryllefløyta er høgdepunktet i ein periode med auka engasjement frå Mozart si side i Schikaneders teatertrupp, som sidan 1789 hadde halde til ved Theater auf der Wieden. Mozart var nær ven av ein av medlemmene av truppen, tenoren Benedikt Schack (den fyrste til å syngje rolla som Tamino), og han hadde komponert for truppen. Det var ikkje uvanleg at desse komposisjonane vart skrivne i fellesskap. Ein slik komposisjon er operaen Der Stein der Weisen frå 1790, der Mozart skreiv duetten "Nun liebes Weibchen," K. 625/592a) og kan hende òg andre stykke. Som Tryllefløyta er Der Stein der Weisen ein eventyropera, rollene liknar på dei i Tryllefløyta, og mange av songarane som tok del ved premieren av Tryllefløyta tok òg del ved framføringa av Der Stein der Weisen. [3]

Tryllefløyta har klåre element av frimurar-symbolikk; både Schikaneder og Mozart var medlemmar av same frimurarlosjen. Operaen er òg påverka av opplysningsfilosofi, og kan sjåast på som ein allegori til støtte for opplyst einevelde. Nattdronninga representerer irrasjonel-diabolsk obskurantisme, medan antagonisten Sarastro symboliserer den miskunnsame herskaren som styrer med faderleg visdom og innsikt.

Det er tydeleg at Mozart tilpassa rollene til dugleiken åt songarane. Truppen inneheldt både virtuose røyster og vanlege komedieskodespelarar som vart bedne om å syngje for høvet. Dette ser me til dømes i at melodiane til buffo-figurane Papageno og Monostatos ofte først vert spelte av strykarane. På den måten kunne skodespelarane som skulle gestalte desse rollene lettare finne innsatsane sine og tonehøgda. På den andre enden av skalaen har ein Nattdronninga; virtuositeten i hennar musikk er legendarisk i operaverda. I ensemblepartia kombinerte Mozart desse vidt ulike songartypane på ein unik måte.

Båe ariane til Nattdronninga, «Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen» såvel som «O zittre nicht, mein lieber Sohn» vert rekna som noko av det mest krevjande ein koloratursopran kan gje seg i kast med. Dette fordi ariane fordrar ei røyst med dramatisk nerve, men samstundes med ei særs lys og lett høgde. I andre enden av registeret har me Sarastro, som fleire gonger syng ein djup F.

Sjølv om kvinnerollene i operaen er skrivne for ulike typar røyster, ulike røystfag, vart alle kalla sopran på programbladet for premièren. [4]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning
Tamino tenor Benedikt Schack
Papageno baryton Emanuel Schikaneder
Pamina sopran Anna Gottlieb
Nattdronninga coloratura soprano Josepha Hofer
Sarastro bass Franz Xaver Gerl
Tre damer 2 sopranar og ein mezzo-soprano Mlle Klöpfer, Mlle Hofmann, Mme Elisab[e]th Schack
Monostatos tenor Johann Joseph Nouseul
Tre gutar treble , alt og mezzo-soprano Anna Schikaneder; Anselm Handelgruber; Franz Anton Maurer
Talar i tempelet bass Herr Winter
To prestar tenor og bass Johann Michael Kistler, Urban Schikaneder
Papagena sopran Barbara Gerl
To armerte menn tenor og bass Johann Michael Kistler, Herr Moll
Prestar, kvinner, folk og slavar - kor

Desse songane song med eit orkester som bestod av to fløyteer (ei dobla med piccolo), to oboar, to klarinettar (opphavleg bassetthorn), to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke, tre trombonar (alt, tenor og bass) og strykarar.

Ariar[endre | endre wikiteksten]

  • "O zittre nicht, mein lieber Sohn" - Nattas dronning i Akt I, Scene I
  • "Der Vogelfänger bin ich ja" - Papageno i Akt I, Scene I
  • "Dies Bildnis ist bezaubernd schön" - Tamino i Akt I, Scene I
  • "O wenn ich doch" - Tamino i Akt I, Scene III
  • "O Isis und Osiris" - Sarastro i Akt II, Scene I
  • "Alles fühlt der Liebe Freuden" - Monostatos i Akt II, Scene III
  • "Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen" - Nattas dronning i Akt II, Scene III
  • "In diesen heil'gen Hallen" - Sarastro i Akt II, Scene III
  • "Ach, ich fühl's, es ist verschwunden" - Pamina i Akt II, Scene VI
  • "Ein Mädchen oder Weibchen" - Papageno i Akt II, Scene V

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «The Magic Flute» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2012.
  • Berger, William and David Foil (2006) The Magic Fløyte (Wolfgang Amadeus Mozart. Black Dog Publishing. ISBN 1-57912-759-2.
  • Boldney, Richard and Robert Caldwell (1994) "Voice Categories", in Richard Boldrey, Guide to Operatic Roller & Aries. Dallas: Pst Inc., ISBN 1-877761-64-8.
  • Branscombe, Peter (1991) Die Zauberflöte, Cambridge Opera Handbooks series, Cambridge University Press.
  • Buch, David J. (1997) "Mozart and the Theater auf der Wieden: New attributions and perspectives," Cambridge Opera Journal 9: 195–232.
  • Buch, David J. (2004) "Die Zauberflöte, Masonic Opera, and Other Fairy Tales", Acta Musicologica 76, (Kassel etc.: Bärenreiter), 2:193–219, debunking most of the alleged masonic allusions.
  • Buch, David J. (2005) "Three posthumous reports concerning Mozart in his late Viennese years," Eighteenth-Century Music 2:125–129.
  • Chailley, Jacques (1992) The Magic Fløyte Unveiled: Esoteric Symbolism in Mozart's Masonic Opera, an analysis of masonic and esoteric symbolism of the opera.
  • Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press.
  • Freyhan, Michael (2009) The Authentic Magic Fløyte Libretto: Mozart's Autograph or the First Full-Score Edition? Scarecrow Press.
  • Heartz, Daniel (2007) Haydn, Mozart, and Early Beethoven: 1781–1802. New York: Norton. ISBN 978-0-393-06634-0
  • Melitz, Leo (1921) The Opera Goer's Complete Guide, source for plot summary given here.
  • Solomon, mainard (1995) Mozart: A Life. New York: Harper Perennial.
  • Der Zauberflöte zweyter Theil unter dem Titel: Das Labyrinth oder der Kampf mit den Elementen. Eine große heroisch-komische Oper in zwey Aufzügen von Emanuel Schikaneder. In Musik gesetzt von Herrn Peter Winter, Kapellmeister in Churpfalz-bayrischen Diensten. Vollständiges Textbuch. Erstveröffentlichung nach den zeitgenössischen Quellen und mit einem Nachwort ed. by Manuela Jahrmärker and Till Gerrit Waidelich, Hans Schneider Tutzing 1992.
  1. http://www.metoperafamily.org/metopera/broadcast/hdminisite/flute.aspx
  2. dette veit me frå Ignaz von Seyfried (1776–1841), ein komponist som i 1798 vart musikalsk leiar ved same teater. I memoarane sine (som han offentleggjorde i Neue Zeitschrift für Musik, nr. 12, 5. juni 1840, s. 184) skriv Seyfried: "[Mozart] dirigerte sjølv premièren den 30. september 1791, og Süßmayr, den trufaste Pylades, sat til høgre for han og bladde flittig når det trongst". Dette tilseier at Mozart leidde orkesteret frå eit tasteinstrument, noko som var vanleg dirigatpraksis på hans tid. (Source: Buch 2005)
  3. Source for this paragraph: Buch (1997)
  4. For relevant discussion see Boldrey and Caldwell (1995).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]