Rangipo Desert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rangipo Desert er eit aude, ørken-liknande område på New Zealand. Det ligg i distriktet Ruapehu i regionen Manawatu-WanganuivulkanplatåetNordøyaNew Zealand. Mot vest ligg dei tre aktive vulkanane Mount Tongariro, Mount Ngauruhoe, og Mount Ruapehu, og mot aust åsrekkja Kaimanawa Range.

Rangipo Desert

Rangipo Desert får 1500-2500 mm nedbør i året, og har derfor for mykje nedbør for å verta rekna som ein ekte ørken, men liknar ein ørken på grunn av det dårlege jordsmonnet, for ein stor del vulkansk oske[1] og uttørkande vindar. Vegetasjonen er sparsam med mest kratt, og her er utspring til mange mindre bekkar som seinare renn saman til større elver, og grev djupe, taggete dalar gjennom landskapet. Vêrlaget er strengt og alpint, med innpå 270 frostnetter i året, samanlikna med mindre enn 30 i kyststroka i Hawke's Bay, 80 km mot aust. Kraftige snøfall - sjeldan å sjå andre stader på øya - er også vanlege om vinteren.

Mykje av området ligg meir enn 600 moh., og ein betydeleg del av det over 1000 moh.

Typisk landskap i Rangipo, sett vestover frå Desert Road.

På grunn av den uproduktive jorda er området for det meste ubygd. Busetnaden Waiouru, med ein militærleir ligg i sør, og mykje av den sørlegaste delen av ørkenen vert brukt til øvingsføremål. Nord for ørkenen ligg fangeleiren Rangio Prison Farm.

Mange av dei største elvene på Nordøya har utspringa sine i dette området, særleg i skråningane under Mount Ruapehu, det høgaste fjellet på Nordøya. Mellom desse er Waikato og Whangaehu River, så vel som større tilførsler til Rangitikei og Whanganui River.

Det går berre ein veg gjennom ørkenen, ein del av riksvegen State Highway 1, kjend som «Øydemarksvegen» (Desert Road).

Filmtriologien Ringdrotten vart spela inn på New Zealand, og scenene ved den svarte porten i Mordor vart tekne opp i Rangipo Desert i 2000.

Panorama over Rangipo Desert som viser dei tre aktive vulkantoppane: Det snødekte Ruapehu (til venstre), det koniske Ngauruhoe (i midten) og den breie ryggen til Tongariro (til høgre).
Panorama over Rangipo Desert som viser dei tre aktive vulkantoppane: Det snødekte Ruapehu (til venstre), det koniske Ngauruhoe (i midten) og den breie ryggen til Tongariro (til høgre).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (September 2006) The Rough Guide to New Zealand, 5. utg., s. 386 – New York - London - Delhi. ISBN 1-84353-679-X.