Fagernes lufthamn, Leirin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fagernes lufthamn, Leirin

IATAVDB
ICAOENFG
FlyplasstypeSivil
EigarAvinor
OperatørAvinor
TenerFagernes
StadNord-Aurdal kommune, Innlandet
Opna1987 Sjå dette på Wikidata
Høgd822 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar61°0′56″N 9°17′17″E, 61°0′54″N 9°17′17″E Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.fagernesairport.com Sjå dette på Wikidata

Fagernes lufthamn, Leirin er ei sivil, regional lufthamn i Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke.

Lufthamn ligg om lag 10,0 kilometer frå Fagernes og er eigd og driven av Avinor AS. Flyplassen vart opna i 1987 og hadde 7 812 passasjerar i 2011. 3 781 av desse var fast rutetrafikk, resten chartertrafikk frå utlandet. Lufthamna ligg 822 meter over havet og er med det den høgst liggjande flyplassen i Nord-Europa.

Flygingar[endre | endre wikiteksten]

Rutefly[endre | endre wikiteksten]

2 avgangar dagleg måndag til fredag, 1 avgang sundag til Oslo lufthamn Gardermoen.

Air Norway bruker ein Fairchild Metro 23 med 19 sete på ruta. Flyet er operert av det danske flyselskapet North Flying.

Charter[endre | endre wikiteksten]

Vinter 2010/2011 tilbyr den engelske turoperatøren Neilson charter frå London Gatwick til Fagernes. Oppstart er sundag 19. desember med siste retur sundag 24. april. Flyselskap er Hamburg International som bruker ein Airbus A319 med 150 sete. Turistane som kjem inn via Fagernes lufthamn reiser til destinasjonane Geilo, Hemsedal og Beitostølen.

Flyselskap og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjonar
 Danmark Air Norway på vegner av NorthFlying Oslo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Fagernes lufthavn, Leirin» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]