Venetta Fields

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venetta Fields
Fødd1941 (83 år)
FødestadBuffalo i New York
OpphavUSA
Aktiv1961–
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikkpedagog

Venetta Fields (fødd 1941) er ein USA-amerikansk songar som er best kjend som studiomusikar for leiande rock- og popartistar i 1970-åra som Pink Floyd, Barbra Streisand, Steely Dan og the Rolling Stones. Ho har budd i Australia sidan 1982 og er i dag australsk-amerikansk.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho var fødd i Buffalo i New York og fekk tidleg musikalsk opplæring gjennom gospelmusikken i kyrkja. Karrieren byrja offisielt i The Templaires, ei gruppe ho danna med medlemmar frå kyrkja, etterfølgd av The Corinthian Gospel Singers. Seint i 1961 spelte Ike and Tina Turner Revue i Buffalo og Fields høyrte at det var ein opning som medlem i korgruppa til Tina Turner, The Ikettes. Fields fekk jobben og song med Tina Turner på mange konsertar og innspelingar, og ho fekk òg somme solosongar på konsertalbuma deira. Ike Turner flytta basen sin til Los Angeles og i 1966 slutta Fields i the Ikettes i lag med Jessie Smith og Robbie Montgomery. Trioen fekk kontrakt med Mirwood Records og dei vart i The Mirettes frå 1966-1970.

Studiovokalist[endre | endre wikiteksten]

Frå kring 1969, vart Fields, i lag med vokalistane Clydie King og Sherlie Matthews, raskt ein av dei mest ettersøkte korsongarane i USA, og arbeidde med artistar som Diana Ross, Elkie Brooks, Steely Dan, Joe Cocker, Quincy Jones, Bette Midler, Burt Bacharach, Bob Dylan, The Supremes, Neil Diamond, Bob Seger, Burton Cummings, Tim Buckley, Paul Butterfield, Leonard Cohen, Joe Walsh, og med Aretha Franklin, som var hennar mentor og inspirasjon. Andre kjende innspelingar frå denne tida var Wish You Were Here med Pink Floyd og Rolling Stones-albumet Exile on Main St.

Kring 1971 danna Fields, King og Matthews The Blackberries, med Matthews som produsent/låtskrivar og vocalist. I 1972 bad Steve Marriott dei å spele og turnere med Humble Pie, og produserte eit ikkje-utgjeve Blackberries-album med Humble Pie som akkompagnement. The Blackberries og Humble Pie gjekk kvar til sitt i 1973.

Fields og King song med Barbra Streisand (The Oreos) i 1976 i filmen A Star Is Born.

Karriere i Australia[endre | endre wikiteksten]

Etter ein turné i Australia seint i 1970-åra med Boz Scaggs, valde Fields å flytte der permanent i 1982. I åra som følgde fortsette ho å arbeide med amerikanske artistar når dei vitja Australia, som George Benson, Dionne Warwick, Barbra Streisand, Thelma Houston og Randy Crawford, i tillegg til leiande australske artistar, som Richard Clapton, Australian Crawl, Cold Chisel, Jimmy Barnes, James Morrison, Mark Gillespie og John Farnham.

Fields og Farnham song i lag som gjestevokalistar med The Incredible Penguins i 1985, for ein versjon av «Happy Xmas (War Is Over)», eit veldedig prosjekt for forsking på pingvinar. Denne singelen nådde tiandeplassen på den australske hitlista Kent Music Report i desember.[1][2]

I midten av 1980-åra i Melbourne, danna Fields ei ny gruppe, Venetta's Taxi, med vokalist Sherlie Matthews, gitarist Michael den Elzen og Chong Lim på klaverinstrument, medan ho heldt fram å synge for lokale og turnerande artistar.

I Australia debuterte Fields som teaterskodespelar, som Alice i Big River. Ho vart etter kvart stadig å sjå i musikalar, som Blues in the Night, Chess (konserversjon), to skodespel for Melbourne Theatre Company - The Crucible og Racing Demon - og som Ruby i Buddy Holly-showet Buddy The Musical. På denne tida turnerte ho òg med sitt eige show, Gospel Jubilee.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Korvokalist[endre | endre wikiteksten]

Soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • Venetta's Taxi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book Ltd. ISBN 0-646-11917-6.  |access-date= requires |url= (hjelp) NOTE: Used for Australian Singles and Albums charting from 1974 until ARIA created their own charts in mid-1988. In 1992, Kent back calculated chart positions for 1970–1974.
  2. Spencer, Chris; Zbig Nowara; Paul McHenry (2002) [1987]. «Incredible Penguins». The Who's Who of Australian Rock. Noble Park, Vic.: Five Mile Press. ISBN 1-86503-891-1. Henta 14. april 2016.  Note: [on-line] version established at White Room Electronic Publishing Pty Ltd in 2007 and was expanded from the 2002 edition.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]