Gene Clark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gene Clark

Fødd17. november 1944 Tipton, Missouri, USA
FødestadTipton
Død24. mai 1991 Sherman Oaks, California, USA
DødsstadSherman Oaks
FødenamnHarold Eugene Clark
OpphavUSA
Aktiv1964-1991
SjangerCountryrock
Folkrock
Psykedelisk rock
Folk
Country
Blues
InstrumentGitar, vokal, munnspel
Tilknytte artistarThe Byrds, Roger McGuinn, David Crosby, Chris Hillman, Gram Parsons, McGuinn, Clark og Hillman, Doug Dillard, Dillard og Clark, Jesse Ed Davis, The Long Ryders,
PlateselskapColumbia, A&M, Asylum, RSO, Capitol, Takoma
Verka somMusikar, låtskrivar
PrisarKansas Music Hall of Fame

Gene Clark (17. november 194424. mai 1991),[1] fødd Harold Eugene Clark, var ein USA-amerikansk visesongar og ein av dei medlemmene som grunnla folkrock-gruppa The Byrds.

Gene Clark er mest kjend for tida med the Byrds mellom 1964 og 1966. Etter the Byrds hadde han ei lang solokarriere innan fleire musikksjangrar, men hadde ikkje særleg kommersiell suksess. Clark var ein av dei første artistane innan psykedelisk rock, barokk pop, newgrass, countryrock og alternativ country.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Harold Eugene Clark vart fødd i Tipton i Missouri som nummer tre av tretten born og lærte å spele gitar av faren frå han var ni år. Han lærte seg raskt songar av Hank Williams og tidlege rock'n'roll-songar av artistar som Elvis Presley og the Everly Brothers. Etter kvart byrja han å skrive eigne songar og berre 13 år gammal vart han med i ein lokal rock & roll combo kalla Joe Meyers og the Sharks. Som mange frå hans generasjon utvikla Clark ei interesse for folkemusikk på grunn av den populære gruppa Kingston Trio. Clark gjekk ut frå Bonner Springs High School i Bonner Springs i Kansas i 1962.

Danninga av The Byrds[endre | endre wikiteksten]

Han byrja å spele med fleire folkemusikkgrupper rundt Kansas City ved Castaways Lounge, som var eigd av Hal Harbaum. Her vart han oppdaga av the New Christy Minstrels i august 1963 og dei tok han inn i bandet sitt i ein periode på seks månader. Etter å ha høyrt the Beatles slutta Clark i the Christys og flytta til Los Angeles der han møtte likemannen og folkartisten Jim (seinare Roger) McGuinn ved Troubadour Club og tidleg i 1964 byrja dei å samle bandet som skulle verte The Byrds.

Gene Clark var ein dyktig låtskrivar og skreiv mange av The Byrds sine mest kjende songar, inkludert «I'll Feel a Whole Lot Better», «Set You Free This Time», «Here Without You», «If You're Gone», «The World Turns All Around Her», «She Don't Care About Time» og «Eight Miles High». Han spelte munnspel i bandet òg (mest kjend på «Set You Free This Time»). Bassisten Chris Hillman sa fleire år seinare i forskjellige intervju at folk ikkje gav nok ære til Gene Clark, og merka seg særleg dei gode tekstane hans og meinte at det var Clark og ikkje nødvendigvis McGuinn eller Crosby som var den drivande krafta i The Byrds.

Plateselskapet avgjorde at McGuinn skulle ta solovokalen i bandet på dei store singlane og Bob Dylan-songane. Vonbroten over dette, samt at Clark mislikte turnelivet (inkludert kronisk flyskrekk) og at dei andre bandmedlemmene ikkje likte at Clark tente meir enn dei på grunn av inntektene han fekk for låtskrivinga, førte til intern krangling og han forlet gruppa tidleg i 1966. Han reiste tilbake til Kansas City ei kort stund før han flytta tilbake til Los Angeles og danna Gene Clark & the Group med Chip Douglas, Joel Larson og Bill Rhinehart.

Solokarriere og gjenforeining med The Byrds[endre | endre wikiteksten]

Columbia Records, (the Byrds sitt plateselskap) signerte Clark som soloartist og i 1967 gav han ut det første soloalbumet sitt, Gene Clark with the Gosdin Brothers, ei blanding av pop, country rock og barokk-psykedeliske songar. Plata fekk god kritikk, men vart uheldigvis for Clark gjeve ut nesten samstundes med the Byrds-albumet Younger Than Yesterday, òg på Columbia og delvis på grunn av 18 månader ute av rampelyset selde plata dårleg. Clark vart usikker på framtida som soloartist og vart med i the Byrds igjen ein kort periode i 1967 som erstattar for David Crosby, som hadde forlate bandet, men han forlet bandet igjen etter berre tre veker etter eit panikkåtak i Minneapolis like før han skulle om bord på eit fly.

I 1968 signerte Clark med plateselskapet A&M Records og byrja eit samarbeid med Laramy Smith og danna gruppa Phoenix med Aron Vanderwortbass og Wayne Brunsdrums. Phoenix spelte inn åtte songar, inkludert «Los Angeles». Smith, Purdy & Clark var seinare med på dobbel-CDen Flying High på A&M i 1998. Phoenix vart oppløyst då Clark og Smith ikkje klarte å verte samde om kva musikalsk veg dei skulle gå.[2][3] Etter dette danna Clark bandet Dillard & Clark med banjogitarist Doug Dillard. Med gitaristen Bernie Leadon (seinare bandmedlem i The Flying Burrito Brothers og The Eagles), produserte dei to countryrock- og bluegrass-album: The Fantastic Expedition of Dillard & Clark og Through the Morning, Through the Night, begge selde dårleg men fekk særs god kritikk. I 1969 vart singelen «Lyin Down the Middle» gjev ut, som nådde nummer tre på singellistene i California. Sidan Clark nekta å turnere fekk materialet hans lite reklame og selde derfor dårleg. Dillard & Clark var òg uheldig då Lalo Schifrin vart nytta i staden for av John Williams til å lage musikk for filmen «The Reivers». Through the Morning, Through the Night var meir bluegrass enn føregangaren, nytta elektriske instrument og inkluderte Donna Washburn (den dåverande kjærasten til Dillard) som korist, og alt dette medverka til at Bernie Leadon forlet bandet før albumet vart spelt inn. Tapet av Leadon som låtskrivar førte til at albumet inneheld fleire coverversjonar enn originalar og den musikalske endringa gjorde at Clark mista tillita til bandet. Han forlet derfor bandet seint i 1969. I ettertid har Dillard & Clark, i lag med The Flying Burrito Brothers, Buffalo Springfield, Poco og The Byrds, vorte sett på som ein av dei største påverknadane på seinare countryrockband som The Eagles, Pure Prairie League, Firefall og Laramy Smith.

I 1970 starta Clark å arbeide på ein ny singel og spelte inn to spor med dei originale medlemmene av the Byrds (men dei spelte ikkje i lag samstundes). Songane var «She's The Kind Of Girl» og «One in a Hundred», men vart ikkje gjeve ut på dette tidspunktet på grunn av problem med rettar og vart seinare ein del av albumet Roadmaster. Clark vart frustrert av musikkindustrien og kjøpte ein heim nær i Albion nær Mendocino, gav opp alkohol, gifta seg og fekk to born, medan han levde av inntektene som Byrds-platene han medverka på gav han.

I 1970 og 1971 medverka Clark med vokal og to songar («Tried So Hard» og «Here Tonight») til album av the Flying Burrito Brothers. Det gjekk rykte om at Clark var invitert til å ta over etter Gram Parsons og/eller Leadon som leiar av bandet, men biografien skrive av John Einarson om Clark avkrefta denne myta. Burrtios prøvde aldri å få han med i bandet på grunn av reisefrykta hans.

White Light[endre | endre wikiteksten]

Det var først i 1971 at Gene Clark si verkelege solokarriere tok til. Albumet skulle heite White Light men kanskje på grunn av plateselskapet sin uro over narokotikareferansen i namnet vart tittelen Gene Clark nytta i staden. Albumet vart produsert av den indianske gitaristen Jesse Ed Davis. Albumet var hovudsakleg akustisk med slidegitar av Davis. Albumet inneheld fleire sjølvgranskande songar som «With Tomorrow», «Because of You», « Where My Love Lies Asleep» og «For a Spanish Guitar» (hylla av Bob Dylan som ein song han ville vore stolt av å ha skrive). Alle songane var skrive av Clark, bortsett frå Dylan-songen «Tears of Rage». Albumet fekk igjen strålande kritikk, men selde igjen dårleg, bortsett frå i Nederland der musikkjournalistar òg stemde det fram som årets album. Nok ein gong nekta Clark å dra ut på turne med albumet.

Våren 1971 vart Clark hyrt inn av Dennis Hopper for å medverke med songane «American Dreamer» og «Outlaw Song» til Hopper-filmen «American Dreamer».

Ein nyinnspelt, lengre versjon av songen «American Dreamer» vart seinare nytta i filmen The Farmer frå 1977, samt ein instrumentalversjon av same song pluss «Outside the Law (The Outlaw)» (ei nyinnspeling av «Outlaw Song»).

I 1972 hyrte Clark inn eit band av dyktige coutryrockmusikarar for å spele inn eit album til på A&M. Innspelinga gjekk seint og var dyr, og prosjektet vart til slutt avslutta før det var ferdig av A&M. Dei åtte songane, samt dei han spelte inn med The Byrds i 1970/71 og ein annan song med The Flying Burrito Brothers («Here Tonight»), vart seinare gjeve ut som Roadmaster berre i Nederland, der det vart ein bestseljar.

I 1973 vart Dillard & Clark-songen «Through The Morning Through The Night» nytta på Quincy Jones-soundtracket til Sam Peckinpah-filmen The Getaway. Songen vart òg spelt inn av Alison Krauss og Robert Plant for albumet deira Raising Sand i 2007.

Byrds[endre | endre wikiteksten]

Clark forlet så A&M og vart med i det originale Byrds for albumet Byrds (1973) som gjorde det bra (US # 20). Clark sine songar «Full Circle» og «Changing Heart», samt Neil Young-songane som han gjorde solovokal på («See The Sky About To Rain» og «Cowgirl In The Sand») vart rekna som høgdepunkt på plata som elles fekk særs negativ kritikk. Motlause av den dårlege kritikken og misnøgd med produksjonsjobben til David Crosby løyste bandmedlemmene opp bandet. Clark vart så ei kort stund med i McGuinn sitt soloprosjekt, der han første gong spelte «Silver Raven», rekna som ein av dei flottaste songane hans frå tida etter The Byrds.

På grunnlaget av det gode arbeidet Clark hadde gjort for Byrds signerte David Geffen han for Asylum Records tidleg i 1974. Asylum hadde då fleire av dei store singer-songwriter-artistane på tid. Han trekte seg tilbake til Mendocino og brukte mykje tid bak panoramvindauget til venen (og seinare medlåtskrivar og trommeslagar) Andy Kandanes på topen av ei klippe over Stillehavet. Med ei notisbok og ein akustisk gitar skreiv han mange songar som danna grunnlaget for det einaste albumet hans på Asylum, No Other. Det var produsert av Thomas Jefferson Kaye med mange studiomusikarar og koristar. Albumet var ei blanding av countryrock, folkemusikk, gospel, soul og kormusikk med poetiske, mystiske tekstar, men vart ikkje teke så godt i mot av kritikarane som meinte det var overprodusert. Sidan No Other heller ikkje var eit vanleg pop/rock-album var sjansane for kommersiell suksess minimal. Sidan det i tillegg berre bestod av åtte songar og hadde kosta $100 000 vart Geffen rasande og kort tid etter nekta selskapet å promotere albumet vidare. Clark returnerte til Los Angeles og ein hedonistisk livsstil som førte til at ekteskapet gjekk i oppløysing. Trass i dette gjorde han seg klar for den første soloturneen (med bil) for å berge No Other, der han spelte på college og klubbar med bandet the Silverados.

No Other[endre | endre wikiteksten]

I 1976 og 1976 gav Clark hint til musikkpressa om at heldt på å samle eit sett med «kosmiske Motown-songar» i der han blanda countryrock med R&B og funk og skulle utdjupe lydbilete på No Other. Ti demosongar vart sende til Asylum som umiddelbart gav han ny kontrakt.

I 1977 gav Clark ut albumet Two Sides to Every Story, nok ein gong produsert av Thomas Jefferson Kaye. Albumet vart prega av countryrockballadar typisk for Clark, men selde dårleg. I eit forsøk på å finne eit publikum som kunne sette pris på det han gjorde, kom han for ein periode over flyskrekken og la ut på ein internasjonal turne. I Storbritannia spelte han samstundes med Roger McGuinn og Chris Hillman frå Byrds og denne suksessen førte til at dei tre gav ut eit sjølvtittulert album på Capitol Records i 1979.

Med McGuinn, Clark og Hillman var Clark tilbake som både artist og låtskrivar. Media hylla bandet og dei spelte på fleire TV-show, mellom anna songar av The Byrds. Mange følte at den glatte produksjonen og discorytmane ikkje høvde seg for bandet, og det fekk blanda kritikk og selde berre middelmåtig. McGuinn, Clark og Hillman skulle spele inn eit album til, kalla City, men sidan Clark var upåliteleg og ikkje likte den nye musikalske retninga (hovudsakleg produksjonen til Ron og Howard Albert) førte til at det på City stod «Roger McGuinn og Chris Hillman, featuring Gene Clark». Trass i bråket, skreiv Clark den klassiske kjærleikssongen «Won't Let You Down». I 1981 forlet Clark gruppa og dei heldt fram ei kort stund som McGuinn/Hillman.

Rehabilitering, Firebyrd og So Rebellious a Lover[endre | endre wikiteksten]

Clark flytta til Hawaii med Jesse Ed Davis for å prøve å overvinne narkotikamisbruket og var der til slutten av 1981. Då han kom tilbake til Los Angeles samla han eit nytt band og produserte eit album kalla Firebyrd (tittelen viser til bandmedlem frå the Byrds og Firefall). Medan han venta på at Firebyrd skulle kome ut, slo Clark seg saman med Chris Hillman og andre i eit mislukka prosjekt kalla Flyte, som ikkje klarte å få platekontrakt og som derfor raskt vart oppløyst. Firebyrd kom til slutt ut i 1984 samstundes med plater av R.E.M. og Tom Petty, som hadde tent ei ny interesse for the Byrds. Clark starta å få tilhengjarar i Los Angeles og tok i mot den nye statusen sin med å opptre i lag med The Long Ryders og spele inn eit duettalbum med Carla Olson frå Textones kalla So Rebellious a Lover i 1986.

So Rebellious a Lover fekk god kritikk og selde relativt bra, faktisk det mestselgande soloalbumet til Clark. Samstundes byrja derimot Clark å få alvorlege helseproblem. Han hadde magesår etter mange år med alkoholisme (delvis på grunn av reiseangst) og i 1988 vart han operert, og det meste av magesekken og tarmane vart fjerna. Ein periode med abstinens og rekonvalesens følgde før Tom Petty sin versjon av «I'll Feel a Whole Lot Better» på albumet Full Moon Fever i 1989 gav Clark store inntekter og han hamna på køyret igjen med narkotika og alkoholmisbruk. Helsa hans vart verre og han mista status hos mange Byrds-tilhengjarar då han i lag med trommeslagar Michael Clarke gjennomførte ei rekkje konsertar kalla «A 20th Anniversary Celebration of The Byrds». Mange klubbar annonserte dei berre som «The Byrds», og dei kom snart i ein juridisk kamp med Roger McGuinn, David Crosby og Chris Hillman om bruken av namnet på bandet. The Byrds sette kranglinga til side og spelte i saman då dei vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i januar 1991, der dei opphavlege musikarane spelte eit par songar saman, mellom anna Clark sin «I'll Feel a Whole Lot Better». Helsa til Clark vart stadig verre og 24. mai 1991, ikkje lenge etter han stara på det andre albumet med Carla Olson, døydde Gene Clark 46 år gammal, som følgje av «naturlege årsaker» påført av eit blødande magesår. Han vart gravlagd under ein enkel gravstein der det står «Harold Eugene Clark - No Other».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Gene Clark sine songar har vorte spelt av fleire andre artistar. Death In Vegas og Paul Weller har spelt «So You Say You Lost Your Baby». I 2007 vart to av songane hans spelt inn av Alison Krauss og Robert Plant på albumet Raising Sand: «Polly Come Home» og «Through the Morning, Through the Night» This Mortal Coil har spelt songane «Strength of Strings» og «With Tomorrow».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einarson, John (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of the Byrds' Gene Clark. Backbeat books. s. 6. ISBN 0-87930-793-5. 
  2. «Gene Clark With the Gosdin Bros. & the Gene Clark Group: 1966-1968». ebni.com. Henta 13. august 2008. 
  3. Jean-Pierre Morisset. «Gene Clark - Flying Forever». from geneclark.com - transcribed from Cosmic American Music News, Issue 1, 1992. Henta 13. august 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]