Xiangyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Xiangyang (gul) i Hubei
Utsyn mot byen Fucheng, eit bysdistrikt i Xiangyang, tvers over elva Han

Xiangyang (kinesisk: 襄樊; pinyin: Xiāngfán) er eit byprefektur nord i provinsen Hubei i det sentrale Kina, med grense mot provinsen Henan. Byprefekturet har eit areal på 19 700 km² og 5,5 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Xiangyang omfattar tre bydistrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Xiangyang har store vasskraftressursar. Mineralførekomstane omfattar rutil, ilmenitt, fosfor, baryt, kol, jarn, aluminium, gull, mangan, salpeter og bergsalt. Reservane av rutil og ilmenitt er mellom dei største i Kina. Tekstilproduksjon er hovudnæring i byen Xiangfan, andre store næringar er maskinproduksjon, kjemisk industri, elektronikk, samt framstilling av byggevarer. I byen Xiangfan har bilprodusenten Dongfeng sitt hovudsete.

Landbruk er ei viktig næring, der dyrking av korn, bomull, vekstar som gjev vegetabilske oljar, tobakk, te og frukt gjev dei største avlingane.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom dei tre byane i prefekturet og gjennom fylket Yicheng. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia, nær grensa mot Mongolia, leiar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]