ZSU-23-4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ZSU-23-4

ZSU-23-4 (russisk ЗСУ-23-4 «Ши́лка») er eit sovjetisk sjølvdrive luftvernskøyretøy med fire 23 mm maskinkanonar. Det vart utvikla på basis av stridsvogna PT-76 tidleg på 1960-talet. ZSU-23-4 er no i ferd med å fasast ut mange stadar, ofte til fordel for 2S6.

Det er eller har vore i teneste i Afghanistan, Algerie, Angola, Bulgaria, Republikken Kongo, Cuba, Tsjekkoslovakia, Egypt, Ungarn, India, Iran, Irak, Jordan, Nord-Korea, Libya, Nigeria, Peru, Polen, Somalia, Syria, Tsjetsjenia, Vietnam, Jemen og det tidlegare Jugoslavia.

Tsjekkoslovakia har produsert vogna på lisens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]