Adolfo de la Parra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolfo de la Parra
Fito de la Parra.jpg
Fito de la Parra med Canned Heat i Hamburg 1974
Fødd8. februar 1946 (74 år)
FødestadMexico by
AliasFito de la Parra
OpphavUSA
AktivSidan 1960-åra
SjangerBlues, bluesrock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarBluesberry Jam, Canned Heat, Sotweed Factor
Verka somtrommeslagar, skribent

Adolfo «Fito» de la Parra (fødd 8. februar 1946) er ein mexicansk trommeslagar, mest kjend som langvarig medlem av Canned Heat.[1][2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fito de la Parra byrja å spele trommer då han var 14 år gammal. I 1958 var han medlem av det mexicanske bandet Los Sparks. Seinare spelte han i somme av dei mest kjende rockebanda i Mexico, Los Sinners, Los Hooligans og med Javier Batiz. I 1966 flytta han til Los Angeles og vart medlem av Sotweed Factor før han slutta der for å bli med i Bluesberry Jam. Han spelte òg med The Platters, Etta James, The Rivingtons, Mary Wells og The Shirelles.[3] Han erstatta den opphavlege trommeslagaren i Canned Heat, Frank Cook, og spelte den første konserten sin med bandet den 1. desember 1967. Han kom inn i tide for det andre albumet deira, Boogie with Canned Heat, og har spelt på alle albuma deira sidan den gongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Canned Heat on Stage». Times Herald-Record. 15. august 2009. Henta 1. desember 2010. 
  2. Eder, Bruce. «Canned Heat – Biography». allmusic. Arkivert frå originalen den 12. november 2010. Henta 10. desember 2010. 
  3. Happy Trailers HD «Made in Mexico, from Evolution to Revolution» Press Release». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]