Bob Hite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Hite

Hite med Canned Heat,
Hamburg i 1974
Fødd26. februar 1943(1943-02-26)
FødestadTorrance, California i USA
Død5. april 1981 (38 år)
DødsstadLos Angeles i USA
AliasThe Bear
OpphavUSA
Aktiv1965–1981
SjangerBlues, boogierock, bluesrock, elektrisk blues
InstrumentVokal, munnspel, fløyte, gitar
Tilknytte artistarCanned Heat
PlateselskapCapitol Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Robert Ernest Hite (26. februar 19435. april 1981) var ein amerikansk musikar som var frontmann og songar i bluesrockbandet Canned Heat frå 1965 til han døydde i 1981. Kallenamnet hans var «The Bear».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hite vart introdusert for Alan Wilson av Henry Vestine og dei to fekk overtydd bluespianisten Sunnyland Slim (1906-1995) om å kome i studio med dei for å spele inn ei plate. I 1965, då han var 22, skipa Hite eit band med Wilson. Vestine følge med kort tid etter, og denne trioen danna kjernen av Canned Heat. Trioen fekk etter kvart med seg Larry Taylorbass og Frank Cook på trommer.

Hite spelte med Canned Heat på Woodstockfestivalen i august 1969. Framføringane var ikkje med i den originale filmen Woodstock frå 1970, men er med i «Director's Cut»-utgåva frå 1994.

Canned Heat var i november 1969 med i ein episode av Playboy After Dark. Hite vart invitert til ein samtale med Hugh Hefner etter framføringa, i lag med andre gjester som Sonny and Cher, Vic Damone, Dick Shawn og Larry Storch. Ei 20 år gammal Lindsay Wagner, som var ein av festdeltakarane til Hefner, sat på fanget til Hite og spelte ein festleik. I samtalen fortalte Hite at han hadde over 15 000 singelplater i samlinga si.[1]

Han produserte John Lee Hooker- og Canned Heat-albumet Hooker 'N Heat (1971).

Død[endre | endre wikiteksten]

Den 5. april 1981 under ein pause på ein konsert på The Palomino Club i North Hollywood, fekk Hite noko dop av ein fan. Han trudde det var kokain og sniffa det, men det viste seg å vere heroin. Hite vart blå og kollapsa. Han vart køyrt til ein heim i nærleiken der han døydde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Playboy After Dark - Season 2, Episode 4: Sonny & Cher; Vic Damone; Canned Heat; Larry Storch; Dick Shawn». TV.com. 22. juli 2006. Arkivert frå originalen 3. februar 2011. Henta 26. august 2018. 
  2. Kulczyk, David. (2009). Death In California – The Bizarre, Freakish, and Just Curious Ways People Die in the Golden State. Craven Street Books. P128 ISBN 978-1-884995-57-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]