Bærum Sportsklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bærum SK)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bærum
Fullt namnBærum Sportsklubb
KallenamnBSK, «De Gule»
Grunnlagd26. mars 1910
HeimebaneSandvika stadion
(kapasitet: 602 (sitjeplassar))
StyreleiarDag Egil Strømme
HovudtrenarMorten Tandberg Kallåk
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Bærum Sportsklubb (stifta 26. mars 1910 som Grane Fotballklubb) er eit norsk idrettslag som held til på Sandvika stadionKadettangen i Sandvika i Bærum kommune. Klubben er i dag ein ren fotballklubb, men har tidlegare organisert og drive fleire andre idrettar og er norgesmeister i både bandy og ishockey fire gonger.

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

I aldersbestemte klasser har klubben både jente- og gutelag, men på senior- og juniornivå er det foreløpig berre herrelag.

Klubben har vore med å fostre store spelarar som Vidar Davidsen, Lars Bohinen, Thomas Finstad, Thomas Rogne, Jørgen Hammer og Christer Basma. Frå 1. januar 2009 var Jan-Erik Aalbu, som i si tid som spelar for Bærum fekk notert 82 kampar og 40 mål, dagleg leiar. Han kom frå stillingen som sportsdirektør i Vålerenga Fotball, men gjekk 1. mars 2011 over i full stilling[1][2] som fotballkommentator og programutviklar i TV-kanalen MAX.

Heimebane[endre | endre wikiteksten]

Bærum spelar heimekampane sine på Sandvika stadion, som i samband med 100-års jubileumet til klubben i 2010 skifta namn frå det tidlegare Kadettangen kunstgress.[3] Før klubben tok i bruk Sandvika stadion, var Nadderud stadion heimebanen til klubben i over 25 år. På Sandvika stadion har klubben eigen heilårs fotballbane (oppvarma kunstgras), med heilårs treningsbane (7-er) langs den eine kortsida, og eig òg sin egen idrettshall med kunstgrasdekke på området, Bærumhallen (opna 1. oktober 1979). Etter krav frå NFF vart det lagt nytt kunstgras på hovudbanen før seriestart 2012, saman med nye tribunar og betre fasilitetar som tilfredsstiller krav til Adeccoligaspel. Under vinter-OL 1952 i Oslo brukte ein Kadettangen som ishockeyarena i tre kampar.

Spelarutvikling[endre | endre wikiteksten]

Junioravdelinga er ein av dei fremste i landet og har gjennom tidene stått for ein stadig straum av spelarar til aldersbestemte landslag og krinslag, og nesten alltid gjort det bra i store turneringar som Norway Cup og Dana Cup. Jenter-96 vann Norway Cup 2009 i klasse T (delt med Fyllingen etter 0-0). Juniorlaget (G19) kom heilt til semifinalen i NM (cupen) i 2010, før dei vart slått ut av Rosenborg. Sportsklubbens ungdomsfotball (frå 13 år) inkluderer både eit satsnings- og eit breddetilbod til unge spelarar som er glad i fotball. Bærum Sportsklubb er ein av få fotballklubbar i Asker og Bærum som ikkje har inngått samarbeidsavtale med Stabæk om spelarutvikling, og har dei siste åra bevist godt at dei sjølv evner å utvikle gode lag og enkeltspelarar som markerer seg – bl.a. ved Interkrinslag i både G19 og G16-serien i 2012. Bærum Junior Elite har hatt medaljeplass i Interkretsserien dei 3 siste åra, i 2011 berre slått av Lillestrøm og Vålerenga – og med Skeid, Stabæk og Fredrikstad på plassane bak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben vart stifta av Harald Julsrud og Hans Larsen, som «Grane Fotballklubb», 26. mars 1910. Namnet vart endra til Grane Sportsklubb 6. september same år, slik at ein òg kunne drive andre idrettar. Hopp, langrenn, friidrett, ishockey, boksing, orientering, bandy, handball og kappgang er dei idrettane som er blitt drive aktivt gjennom klubbhistoria, men i dag er det berre fotball som tel. Klubben vann fire norgesmeisterskap med både bandylaget (1931, 1934, 1936 og 1949) og ishockeylaget (1936, 1937, 1939 og 1940), samt eitt i handball. Ishockeylaget opplevde òg å bli seriemeister to gonger. Dei opphavlege draktfargane var raude og kvite, men vart alt i 1911 endra til gult og svart. Bortedrakta for 2012 var heilraud.[4]

5. november 1945 slo Grane seg saman med Sandvika Arbeideridrettslag (stifta 1927) og Sandvika Idrettslag (stifta 1944), under namnet Grane – Sandvika. Det nye namnet vart ikkje godkjent av NIF og vart etter påbod endra til Idrettslaget Mode den 18. desember 1946. På halvårsmøteet i klubben 21. april 1969 vart det bestemt å endre namnet til Bærum Sportsklubb.

Éi av dei mest minneverdige hendingane til klubben i nyare tid var då fotballaget i 1980 for første gong rykte opp til den nest øvste divisjonen i landet (den gongen andredivisjon). Dei hadde vore der tidlegare, før andre verdskrigen, men ligaen var då ikkje landsdekkande. På laget var ein av norsk fotballs første afrikanarar, «Peggy» Joof frå Gambia, ein stor profil både i klubb og lokalmiljø. Ein annan stor augneblink var då Vålerenga vart slått ut i tredje runde av cupen med 3-2 i 2004 på Kadettangen.

Bærum var det leiande fotballaget i kommunen fram til Stabæk starta klatringa si i divisjonssytemet på byrjinga av 1990-talet. Klubbane hadde lenge vore rivalar i kommunen om å sikre seg dei beste spelarane og lokale talent, og lokalderbya samla alltid mange tilskodarar. Framleis er det desse to klubbane som er dei to sentrale utviklingsarenaene i kommunene for ungdommar som ønsker å utvikle seg på fotballbanen.

År Divisjon Hovudtrenar / Assistent
2012 1.div (nivå 2)[5] Morten Tandberg / Morten Tonning
2011 2.div (nivå 3) Morten Tandberg / Morten Tonning
2010 2.div (nivå 3) Morten Tandberg / Bjørnar Sund
2009 2.div (nivå 3) Tomi Markovski / Øystein Garberg
2008 2.div (nivå 3) Tomi Markovski / Thomas Wæhler
2007 2.div (nivå 3) Jarle Hellesnes / Bjørnar Sund
2006 2.div (nivå 3) Jarle Hellesnes / Bjørnar Sund
2005 2.div (nivå 3) Arild Stavrum / Bjørnar Sund
2004 2.div (nivå 3) Tor Ole Skullerud / Bjørnar Sund
2003 1.div (nivå 2) Tor Ole Skullerud / Tom Fodstad
2002 2.div (nivå 3) Tor Ole Skullerud / Tom Fodstad
2001 2.div (nivå 3) Tor Ole Skullerud / Tom Fodstad
2000 2.div (nivå 3) Einar Sigmundstad
1999 2.div (nivå 3) Einar Sigmundstad
1998 2.div (nivå 3) Einar Sigmundstad
1997 2.div (nivå 3) Gaute Larsen
1996 2.div (nivå 3) Tor Berntsen
1995 2.div (nivå 3) Tor Berntsen
1994 1.div (nivå 2) Arne Erlandsen / Jan Erik Aalbu / Eirik Tronstad
1993 1.div (nivå 2) Hans Knutsen
1992 1.div (nivå 2) Lars Tjærnås
1991 1.div (nivå 2) Lars Tjærnås
1990 2.div (nivå 3) Vidar Davidsen
1989 3.div (nivå 4) Vidar Davidsen
1988 3.div (nivå 4) Vidar Davidsen
Største sigrar og tap i nyare tid
  • 11-0 over Aalesund 2, 19. september 2011
  • 11-0 over HamKam 2, 11. september 1998
  • 9-0 over Fana, 11. september 2004
  • 0-8 for Fredrikstad, 22. august 1983
  • 0-7 for Hødd, 8. mai 1985
  • 1-8 for Eik, 1. august 1981

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

2002: Rykte opp til 1. divisjon
2003, 9. oktober: Kunstgrasbanen på Kadettangen vart opna, med gjenbruk av plastseta frå historiske Bislett stadion.
2003: Trettandeplass/nedrykk frå 1. divisjon (Av 16 lag, etter 30 kampar; 7 sigrar, 6 uavgjort, 17 tap og målforskjell 34-58)
2004: Andreplass i 2. divisjon avdeling 3. 4. runde av cupen (etter å ha slått ut Vålerenga Fotball i tredje runde med 3-2)
2005: Fjerdeplass i 2. divisjon avdeling 1
2006: Andreplass i 2. divisjon avdeling 1
2007: Sjetteplass i 2. divisjon avdeling 2 (38 poeng). Toppscorar: Nick Rios Haugen, 16 mål
2008: Femteplass i 2. divisjon avdeling 4 (46 poeng). 1. runde av cupen. Toppscorar: Petter Hermstad, 15 mål
2009: Sjuandeplass i 2. divisjon avdeling 4 (42 poeng). 3. runde av cupen (etter å ha slått Strømsgodset i andre runde). Toppscorer: Thomas Finstad, 14 mål
2010, 24. april: Kadettangen Kunstgress skifta namn til Sandvika Stadion. Seriekamp mot Os same dag er første kamp på «ny stadion».
2010: Sjuandeplass i 2. divisjon avdeling 1 (35 poeng). 2. runde av cupen. Toppscorar: Andreas Aalbu, 11 mål
2011: Førsteplass i 2. divisjon avdeling 2 (51 poeng). 2. runde av cupen. Toppscorar: Rozhat Shaswari, 18 mål
2012, 9. april: Opning av oppgraderte Sandvika stadion i første seriekamp mot Bodø/Glimt i Adeccoligaen.

Kalvøya Cup[endre | endre wikiteksten]

Kalvøya Cup (eller "Kalvøya Budstikka Cup" etter siste års hovudsponsor) er ei barnefotballturnering (aldersgruppa 6–12 år), arrangert av Bærum Sportsklubb kvart år sidan 1983. Arrangementet skjer på Kalvøya, men har i enkelte år òg blitt spelt på kunstgrasanlegget på Kadettangen når vêrtilhøva har laga problem med å gjennomføre spel på grasslettene på Kalvøya. Turneringa er av dei største og mest populære i sitt slag i Noreg, og vart i 1995 utvida frå éi til to helger, som regel ved månadsskiftet mai/juni. Då vert det spelt 5er-fotball den første helga (6-10 år) og 7er-fotball den andre helgen (11-12 år). Den foreløpige deltakarrekorden vart sett i 2007, då 450 lag med nær 5500 spelarar var med i Kalvøya Cup. Bærum Sportsklubbs sekretær Inger Breifossmo har vore sentral i arrangementet siden 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]