Beit Zayit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beit Zeit)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46′57.67″N 35°9′33.62″E
Beit Zayit
moshav
Beit Zayit.jpg
Namneopphav: Olivenhuset
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jerusalemkorridoren
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°46′57.67″N 35°9′33.62″E
Folketal 1 300 (2007)
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Jødiske emigrantar frå Jugoslavia, Ungarn, Romania, Jemen og Egypt
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bet Zait
Nettstad: www.beit-zait.org

Beit Zayit (hebraisk בֵּית זַיִת) er ein moshav i Israel som ligg 7 km vest for Jerusalem. Beit Zayit er ein del av Mateh Yehuda regionale kommune. I 2007, hadde han eit folketal på 1 300.

Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av jødiske emigrantar frå Jugoslavia, Romania og Ungarn. Seinare slo olim frå Jemen og Egypt seg òg ned i landsbyen. Økonomien var basert på frukthagar, grønsaker, fjørkre og andre gardsprodukt.[1]

Beit Zayit ligg i utkanten av Jerusalemskogen og har eit offentleg symjebasseng. I næreiken ligg Ein Kerem -dammen, bygd for å hindre flaum om vinteren.[1]

Ein landsby kalla Beit Zayit er nemnt i boka til makkabearane, men er trudd å ha lege lenger nord, truleg der den palestinske, kristne byen Bir Zeit ligg, nord for Ramallah.[1]

Beit Zayit-reservoaret

Fotavtrykk etter ein dinosaur, truleg ein struthiomimus,[2] vart oppdaga i Beit Zayit og er til utstilling på Det hebraiske universitetet i Jerusalem.[3]

Med utvidinga av moshaven seint i 1990-åra, som omfattar kjøp av nye landområde og renovering av gamle heimar, har Beit Zayit vorte eit trendy alternativ til å bu i Jerusalem.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]