Bir Zeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°58′20″N 35°11′44″E
Birzeit
بيرزيت
kommune
BirZeit273.JPG
Namneopphav: Olivenoljebrunnen[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°58′20″N 35°11′44″E
Areal 14,0 km²
Folketal 4 529 (2006)
Folketettleik 324 / km²
Borgarmeister Hassib Kaileh
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Birzeit

Birzeit (arabisk بيرزيت), òg Bir Zeit, er ein palestinsk by nord for Ramallah sentralt på Vestbreidda. Folketalet i 2007 var 4 529.[2] Birzeit er ein hovudsakleg kristen by og her ligg Birzeit universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Birzeit er datert attende til bysantinsk tid og tidlegare.[3]

Birzeitbrua

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister under namnet Bir Zayt, som ein del av Jabal Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 26 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, og geiter og/eller bikubar.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i juli 1863. Han estimerte eit folketal på 1 800 innbyggjarar, av dei var 140 latinske katolikkar, medan dei andre var «skismatiske grekarar» og muslimar. Det katolske soknet vart styrt av ein ung fransk missjonær, fader Joly. Hagane voks godt og jordsmonnet var naturleg frodig. Her var rikt på vindruer, fiken og pærer. Han merka seg òg vakre valnøttre.[5]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Bir Zeit som «ein kristen, mellomstor landsby, med ei gresk kyrkje og ei latinsk kyrkje, ein brunn i nord og oliven i området rundt.» Det raude taket på den latinske kyrkja vart sagt å stå ut i landskapet.[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde hadde landsbyen, kalla Bair Zait, eit folketal på 896; 119 var muslimar og 777 kristne,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 251 busette hus og eit samla folketal på 1233; 362 muslimar og 871 kristne.[8]

I 1945 var folketalet 1 560, alle arabarar, medan det samla landarealet var 14 088 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 6 908 for plantasjar og irrigert land, 2 414 for korn,[10] medan 402 mål var klassifisert som utbygde område.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 227
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.
  3. About Birzeit, Holy Land Christian Ecumenical Foundation
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116.
  5. Guérin, 1869, s. 33-34
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 293-294
  7. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16. 
  8. Mills, 1932, s. 48.
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]