Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark
Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommunar | Grong, Lierne, Snåsa, Steinkjer, Verdal | ||
Areal | 1 924 km² | ||
Planter | gran, furu, bjørk | ||
Dyr | våtmarksfuglar, rovfuglar, ugler, fjellrev | ||
Oppretta | 17. desember 2004 | ||
Tilknytte verneområde |
Skjækra landskapsvernområde, Berglimyra naturreservat, Klumplifjellet naturreservat | ||
Blåfjella - Skjækerfjella nasjonalpark 64°13′00″N 13°06′33″E / 64.2168°N 13.10929°E |
Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark (sørsamisk Låarte-Skæhkere nasjonalpark) er ein norsk nasjonalpark som ligg i Trøndelag fylke i kommunane Verdal, Steinkjer, Snåsa, Grong og Lierne. Nasjonalparken utgjer eit område på 1924 kvadratkilometer og vart oppretta ved kongeleg resolusjon 17. desember 2004.
Rundt nasjonalparken er det oppretta Skjækra landskapsvernområde og Berglimyra og Klumplifjellet naturreservat, som igjen er knytte saman med Lierne nasjonalpark. Til saman utgjer området eit av dei største samanhengande verneområda i Noreg på 2369 km2, som igjen er knytte saman med verneområde på svensk side av grensa. Den tidlegare Gressåmoen nasjonalpark er ei eiga sone innan Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark.
Verneområdet er eit samanhengande villmarksområde med overgang frå lågland til høgfjell. Nasjonalparken er dominert av lågfjellsområde med slake terrengformer, men også høgfjellsparti. Botanisk er nasjonalparken møtestad for kyst- og fjellplanter, og sørlege, austlege og nordlege artar. Områda har eit rikt fugle- og dyreliv, og fleire av artane er sårbare. Mellom anna er området eit yngleområde for fjellrev.
Forvaltninga av nasjonalparken skjer med stor grad av hjelp frå lokale krefter. Området er sentrale sørsamiske bruks- og busetnadsområde der det er drive reindrift i lange tider. Verneforskriftene legg opp til at denne verksemda skal kunne førast vidare.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Blåfjella-Skjækerfjella/ Låarte-Skæhkere nasjonalpark Arkivert 2014-05-27 ved Wayback Machine. på nettsidene til Lierne Nasjonalparksenter
- Blåfjella-Skjækerfjella/ Låarte-Skæhkere nasjonalpark Arkivert 2014-05-27 ved Wayback Machine. på nettsidene til Miljødirektoratet