Breiflangre
Breiflangre | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. helleborine | ||
Underartar | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis helleborine
(Linné) Crantz
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Breiflangre (Epipactis helleborine) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] I raudlistevurderiga 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[2]
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Breiflangre kan bli kring 80 centimeter høg, under gode tilhøve stundom over 1 meter, og har eit aks av blomar med fargetonar som kan variere i grønt, brunt, fiolett eller raudt. Blada, som sit vekselvis oppover stengelen, er noko breiare enn hos raudflangre.
Systematikk[endre | endre wikiteksten]
Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet breiflangre på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet skogbreiflangre.[3]
Underartane i Noreg er:[3]
- skogbreiflangre (nominatunderarten E. helleborine ssp. helleborine)
- dyneflangre eller jærflangre (E. helleborine ssp. neerlandica)
I den svenske Artdatabanken er det oppgitt ein underart til i Sverige:[4][5]
- E. helleborine ssp. orbicularis (svensk namn tallknipprot)
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Breiflangre veks naturleg i Europa og Asia, og er òg introdusert til Nord-Amerika. Arten er knytt til kalkrik (alkalisk) skog. I Noreg er han vanleg han over store delar av landet, men ikkje i høgareliggjande område på Austlandet eller lengst nord i landet.
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsknipprot),[5] i Danmark (LC, dansk namn skov-hullæbe)[6] og i Finland (LC, finsk namn lehtoneidonvaippa).[7]
Breiflangre (engelsk namn broad-leaved helleborine) er vanleg over det meste av Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[8][9] på same måte som lokalt i England og Wales,[10][11] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[12] Underarten ssp. neerlandica (dyneflangre) er rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og står i raudlista på venteliste (WL).[8][13] Andre forekomstar på Dei britiske øyane er nominatunderarten. Ei noko avvikande form, som stundom har vore rekna som ein eigen art (kalla E. youngiana), blir no rekna for høgst å vere ein varietet av underarten skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).[8][14]
I Estland (estisk namn laialehine neiuvaip) er breiflangre vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[15] I Latvia (latvisk namn platlapu dzeguzene)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen (litauisk namn plačialapis skiautalūpis) veks arten over heile landet, men er mest vanleg der et er mykje kalk i grunnen og mindre vanleg der det er mykje sand.[18] Han er rekna som livskraftig.[19]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar breiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Breiflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022.
- ↑ 3,0 3,1 «Artsdatabanken: Namnetre breiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ Sven Birkedal og Karel C.A.J. Kreutz (2009). «Knipprötter i Skåne». Botaniska notiser. 142 (4): 1–11.
- ↑ 5,0 5,1 «Artfakta: Epipactis helleborine skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Skov-Hullæbe Epipactis helleborine ssp. helleborine». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Epipactis helleborine». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ Leslie Lewis mfl. (2009). «An update on the orchid flora at Kenfig National Nature Reserve» (PDF). BSBI News. 110 (January): 7–11.
- ↑ Richard M. Bateman (2020). «Implications of next-generation sequencing for the systematics and evolution of the terrestrial orchid genus Epipactis, with particular reference to the British Isles». Kew Bulletin. 75 (4): 1–22. ISSN 1874-933X. doi:10.1007/S12225-020-9870-X.
- ↑ «eElurikkus: Epipactis helleborine» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: platlapu dzeguzene» (latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 64-65. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (no) Breiflangre hos Artsdatabanken
- (en) Breiflangre i Encyclopedia of Life
- (en) Breiflangre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Breiflangre hos Dyntaxa
- (en) Breiflangre hos ITIS
- (en) Breiflangre hos NCBI
- (en) Breiflangre hos The International Plant Names Index
- (en) Breiflangre hos Tropicos
- (en) Kategori:Epipactis helleborine – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Epipactis helleborine – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Epipactis helleborine – detaljert informasjon på Wikispecies