Claus von Stauffenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claus von Stauffenberg
Claus von Stauffenberg (1907-1944).jpg
Fødd 15. november 1907
Schloss Jettingen
Død

21. juli 1944
Bendlerblock

Yrke offiser, motstandskjemper
Claus von Stauffenberg på Commons
Den tyske aristokraten og offiseren Claus von Stauffenberg (1907-1944). Jubileumsfrimerke frå 2007

Claus Philip Maria Schenk Graf von Stauffenberg (15. november 190721. juli 1944) var ein tysk offiser (sist oberst i generalstaben) og sentral i motstandsarbeidet blant offiserane i Wehrmacht mot det nasjonalsosialistiske regimet. Han leia det Wehrmacht-baserte attentatet og statskuppforsøket mot Adolf Hitler i 1944, kjent som 20. juli-attentatet. Stauffenberg plasserte sjølv bomba i møterommet til Hitler i hovudkvarteret Wolfsschanze ved Rastenburg i Aust-Preussen, men blei arrestert då han kom tilbake til Berlin med fly same kveld og avretta ved skyting. Stauffenbergs nærmaste familie blei sett i konsentrasjonsleir resten av krigen og dei minste borna skulle adopterast vekk. Attentatet medvirka til ei alvorleg svekking av den fysiske og mentale tilstanden til Hitler[1] og til at Hitler i aukande grad mistrudde Wehrmacht.[2] I tillegg blei ei rekkje Wehrmacht-offiserer avretta etter summariske rettssaker i Volksgerichtshof under leiing av den berykta Roland Freisler.

Familiens slott i Albstad- Lautlingen, 100 km sør for Stuttgart, som familien arva på 1600-talet

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Schenk von Stauffenberg

Claus Schenk Graf[3] von Stauffenberg blei fødd som den yngste av tre søner i Jettingen i Schwaben i nærleiken av Ulm, i Kongeriket Württemberg, i ein av dei eldste og fornemste sørtyske og katolske aristokratiske familiar. Hans foreldre var Württembergs siste overhoffmarskalk, grev Alfred Schenk von Stauffenberg, og Caroline von Üxküll-Gyllenband. Gjennom si mor nedstamma han også frå prøyssiske protestantar, som den berømte prøyssiske generalen og hærreformatoren August von Gneisenau. Namnet hans Schenk er ein adelstittel som viser til rolla som leiar for kongelege hushald (jamfør det norske ordet munnskjenk), mens det siste namnet viser til Burg Stauffenberg, eit tidlegare slott i Württemberg. Den katolske fyrstbiskopen Johann Franz Schenk von Stauffenberg var frå same familie.

Oppveksten til Stauffenberg var hovudsakleg i Stuttgart, der familien budde i ein tenesteleilegheit i Altes Schloss og om sommaren på familiegodset ved Albstadt-Lautlingen, kring 100 km sør for byen. Han voks opp saman med dei to år eldre tvillingbrørne Berthold og Alexander. Også Claus hadde ein tvillingbror, Konrad Maria, men han døydde dagen etter fødselen.

Utdanning og politisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den 21-årige Claus von Stauffenberg som medlem av kavaleriregiment 17 i 1926.
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Stauffenberg fekk skulegangen sin på dei beste skulane i Stuttgart. Han og brørne tilhøyrte krinsen rundt Stefan George, med særleg fokus på europeisk litteratur, kunst, filosofi og historie. Slik ville dei vere med på å skape det nye andelege Tyskland. Trass i desse interessene og ei noko svak helse valde han ei militær karrière. Etter abitur i 1926 forlét han Stuttgart og blei medlem av familieregimentet i Bamberg, i rytter- og kavaleriregiment 17.

Han blei etter det første året av offisersutdanninga tildelt seremoniell sabel for særleg gode resultat, og blei samtidig utnemnd til løytnant. Hans overordna skildra ham «som svært intelligent og med over gjennomsnittlege evner, både taktisk og teknisk forståing» og «ein ekspert i å løyse usemjer ved å opptre som mellommann og glatte ut kranglar».

Nasjonalsosialistenes bokbrenning 10. mai 1933 var ein av fleire aksjonar som opprørte Stauffenberg

Stauffenberg og hans miljø var konservative, tyske patriotar, og då nasjonalsosialistane kom til makta i 1933 var Stauffenberg ikkje i fullstendig opposisjon til ideane deira. Særleg var han positiv til ønsket om å løfte det tyske nasjonale sjølvmedvitet, men ein del aspekt ved rørsla fråstøytte han. Han reagerte sterkt på den politiske einsrettinga etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga og bokbålet 10. mai 1933 på Opernplatz i Berlin då blant andre bøker av Heinrich Mann, Erich Maria Remarque, Karl Marx, Heinrich Heine, Ernst Bloch, Erich Kästner og Sigmund Freud blei brent. Viktig for han var også protesten frå dei katolske biskopane mot regimet sine krenkingar av kyrkjas uavhengigheit. I denne kampen stod særleg biskop Clemens August von Galen sentralt. Etter Dei lange knivars natt i 1934 markerte Stauffenberg avskyen sin ved å forlate eit politisk møte der han representerte sitt regiment, då talarane begynte med jødehatske innlegg. Den kyrkjelege protesten mot regimet fekk sitt høgdepunkt i 1937 då pave Pius XI skreiv encyklikaen Mit brennender Sorge («Med brennande sorg»).

Stauffenberg blei tatt opp ved hærens generalstabsskole i Berlin i 1936, og gjekk ut som den beste eleven i sitt kull i 1938 og blei knytt til generalstaben.

Krystallnatten i november 1938 meinte han brakte ein stor skam over Tyskland. Desse hendingane krenkte djupt moralen og rettferdskjensla hans. Behandlinga av jødane og det nasjonalsosialistiske menneskesynet med den medfølgande undertrykkinga av religionsutøving førte til at den djupt religiøse katolikken Stauffenberg distanserte seg stadig meir frå det nasjonalsosialistiske styret.

Offiserskarrière[endre | endre wikiteksten]

Etter generalstabsskolen blei han utnemnd til kaptein, ein grad han hadde dei neste tre årene. Han arbeidde ein periode ved generalstaben, men deltok saman med regimentet sitt, som blei del av den 6. panserdivisjonen, i inntoget i Sudetenland, og felttoget i Polen i 1939. Under felttoget i Frankrike tenestegjorde han i generalstaben og blei tildelt Jernkorset første klasse 31. mai 1940.

1. januar 1941 ble han utnemnd til major. Under angrepet på Sovjetunionen den følgande sommaren tenestegjorde han ved Oberkommando des Heeres. Den 1. januar 1943 blei han forfremja til oberstløytnant, og overført til Afrikakorpset under leiing av Erwin Rommel under Felttoget i Nord-Afrika. Der ble han 7. april 1943 treft av britiske granatar under eit speideoppdrag og blei sterkt skadd. Han tilbrakte tre månader på sjukehus i München etter å ha mist det venstre auga, høgre hand og den fjerde og femte fingeren på den venstre handa hans. Sjølv spøkte han seinare med at han ikkje visste kva han hadde gjort med alle ti fingrar då han hadde dei. Han blei dekortert med Såramerket i gull 14. april 1943 og Det tyske kors i gull 8. mai 1943.

Politisk motstandsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Då onkelen hans, grev Nikolaus von Üxküll-Gyllenband, bad han bli medlem av motstandsrørsla mot nasjonalsosialistane i 1939, var det samvitet og den religiøse forpliktinga hans som førte til at han slutta seg til denne. Utover i 1942 delte han den vanlege oppfatninga innan offiserskorpset i Hæren at Hitler førte Tyskland mot undergang og var ansvarleg for eit ufatteleg tap av menneskeliv. Hitler måtte derfor fjernast frå makta. Som praktiserande katolikk hadde Stauffenberg lenge religiøse skruplar med tanke på drap, men etter katastrofa ved Stalingrad kom han til at det å ikkje fjerne Hitler ville vere meir moralsk forkasteleg, og fann etter kvart ingen annan måte å nøytralisere Hitler på enn å måtte ta livet av ham. Ettertida ga kanskje dette resonnementet rett, sidan fleire tyske liv gjekk tapt i dei ni månadene krigen varte etter 20. juli-attentatet enn i dei fem åra før.

I byrjinga følte han seg makteslaus og ikkje i posisjon til å hjelpe med å organisere eit kupp, men forandra haldning under sitt lange opphald på sjukehus. Stauffenberg tok kontakt med motstandsrørsla mot det nasjonalsosialistiske styret og tilførte motstandsrørsla ny vitalitet. Då han blei frisk nok til å vende tilbake i aktiv teneste, var det som stabsoffiser ved overkommandoen for reservehæren i krigsministeriet i Bendlerblock i Berlin. Her var ein av hans overordna general Friedrich Olbricht, eit aktivt medlem av Wehrmachts motstandsrørsle. Dette gav dei ein unik posisjon til å organisere eit kupp. Reservestyrkane var formelt autorisert til å ta kontrollen over riket i tilfelle av uro der kommunikasjon med den militære overkommandoen var blokkert.

Attentatet 20. juli[endre | endre wikiteksten]

Stauffenberg (heilt til venstre) ved Rastenburg den 15. juli 1944, saman Hitler og Keitel.
Foto: Deutsches Bundesarchiv
Utdjupande artikkel: 20. juli-attentatet

Planen til Stauffenberg bygde på at han var ved kontoret i Bendlerstrasse for å telefonere til regulære hæreinigar og beordre dei til å arrestere leiarar av politiske organisasjonar som Sicherheitsdienst og Gestapo, på den andre sida var Stauffenberg den einaste av konspiratorane som hadde fast tilgang til dei daglege møta til Hitler med den militære toppleiinga. Sjølv med berre tre fingrar godtok Stauffenberg, som i 1944 blei forfremja til oberst, å utføre attentatet selv. Det fann stad ved den militære overkommandoen «Wolfsschanze» i Rastenburg i Aust-Preussen den 20. juli 1944. Stauffenberg hadde med seg ei dokumentveske pakka med to bomber og ein enkel 10 til 15 minuttars tidsutløysar. Bombene var laga av uregistrert, beslaglagt engelsk sprengstoff frå nedskotne fly, skaffa av oberst Wessel Freytag von Loringhoven.

Stauffenberg gjekk inn i konferanserommet og plasserte dokumentveska under bordet og forlét deretter rommet hurtig og utan å vekkje åtgaum. Saman med adjutanten sin oberleutnant Werner von Haeften forlét dei områda og drog mot flyplassen, då dei visste at det ville bli avsperra etter eksplosjonen. Då dei i bilen høyrte eksplosjonen og såg røykutviklinga, var dei overtydde om at ingen kunne ha overlevd. Dei var likevel ikkje kjent med at veska med bomba var blitt flytta bak eit kraftig bordbein, og dette tok av så mykje for eksplosjonen slik at Hitler redda livet. Stauffenberg og Haeften fekk argumentert seg til ei tillating til å forlate det sterkt vakta området og fly tilbake til Berlin. Medan dei var i lufta utgjekk ein ordre frå hovudkvarteret om å skyte ned flyet, men ordren hamna på bordet til deira medkonspirator, Friedrich Giorgi frå Luftwaffes stab, og han sørgde for at den blei ignorert.

Hitler overlevde attentatet og kringkasta straks ei melding på statsradioen som gjorde det openbert at kuppforsøket var mislukka. Straks etter blei konspiratorane overmanna i krigsministeriet, medan Stauffenberg blei skoten i skuldra.

Frå gardsrommet i Bendlerblock. Plattformen og statuen er ein del av minnesmerket etter avrettingane.

Avretta[endre | endre wikiteksten]

Minneplakett i Bendlerblock

Generaloberst Friedrich Fromm, øverstkommanderande for reservestyrkane, kjente til planane, men hadde halden seg passiv. Då kuppet mislukkast, heldt han hasterettssak og dømde konspiratorane til døden. Dermed avslørte han kjennskapen sin til planane og passiviteten sin i forkant av attentatet, og blei sjølv dømd for høgforræderi og skoten.

Stauffenberg blei skoten same natt, saman med general Friedrich Olbricht, oberleutnant Werner von Haeften og oberst Albrecht Mertz von Quirnheim på gardsplassen i krigsministeriet i Bendlerblock på ein improvisert standplass, berre opplyst av lyskastarane frå ein lastebil. Då turen hans til å bli skoten kom, ropte Stauffenberg sine siste ord: Es lebe unser heiliges Deutschland! («Leve vårt hellige Tyskland!»). Fromm lét dei avretta få ei ærefull gravferd med medaljar, men dagen etter blei lika tatt opp og brende utan medaljane. Eldste bror til Stauffenberg og sentral deltakar i kuppforsøket, advokaten Berthold Schenk von Stauffenberg, blei avretta 10. august ved langsam henging i ei pianostreng. Av brødrne overlevde berre Alexander Schenk von Stauffenberg, som var gift med piloten Melitta Schenk von Stauffenberg, og etter krigen blei professor i klassisk historie.

Granskninga til Kaltenbrunner[endre | endre wikiteksten]

Minnekapell i Albstadt-Lautlingen

Sjef for det tyske Reichssicherheitshauptamt (RSHA) Ernst Kaltenbrunner hadde i kraft av embedet sitt oppdraget å granske omfanget av konspirasjonen. Han var kome til den konklusjonen at «i den vidare krins av samansvorne ... hadde representantar for den politiske katolisisme spelt ei hovudrolle». Sjølv om det var eit sanningskorn i dette, var det slett ikkje slik at kvar einaste profilerte katolikk som blei arrestert etter attentatet, faktisk hadde hatt noko med attentatet å gjere.

Granskninga til Kaltenbrunner avdekkte eller reflekterte i liten grad at Stauffenbergs rolle som attentatmann kom av at han som opprinneleg var tiltenkt denne rolle i siste augneblink var blitt beordra bort frå Wolfsschanze, og at denne var ein vedkjennande protestantisk kristen. Konspirasjonen mot Hitler var altså ikkje eit gjennomgåande katolsk prosjekt, sjølv om den personlege grunngjevinga for både Stauffenberg og andre for å delta var tufta på deira katolske etikk og bakgrunn. For Stauffenberg sjølv framstod det som ei unnlatingssynd å ikkje prøve å stoppe tyranniet, etter at han fekk høve til dette gjennom adgangen sin til dei daglege møta i Wolfsschanze.

Granskinga til Kaltenbrunner ber preg av at den gav Hitler dei konklusjonane som han ønskte å få, ved å leggje vekt på forankringa i dei delar av offiserskorpset som Hitler avskydde mest, nemleg dei velutdanna, tradisjonsbundne offisersfamiliane med adeleg og religiøs bakgrunn. Særleg blei den katolske tilknytinga vektlagt av Kaltenbrunner, og dette må sjåast på bakgrunn av den motstanden og manglande gjennomslaget nasjonalsosialistane hadde i dei katolske miljøa. Konspiratørane sjølv hadde eit meir politisk perspektiv og såg dette som ein nasjonal redningsaksjon, sjølv om den individuelle grunngjevinga for å delta, for Stauffenberg og andre, var forankra i deira religiøsitet.

Når det gjeld sprengstoffet som var brukt i attentatet, virka det som om det stamma frå minst fire ulike kjelder. Takka vere forholdsreglane til attentatmennene klarte Gestapo berre å spore to av desse.[4]

Familien[endre | endre wikiteksten]

Minnested for brørne Stauffenberg i Altes Schloss i sentrum av Stuttgart, åpnet i 2007. Brørne Stauffenberg budde her ti år av barndommen i åra 1909-1919

Claus von Stauffenberg gifta seg med friherrinne (baronesse) Nina von Lerchenfeld den 26. november 1933 i Bamberg. Dei hadde fem barn, Berthold, Heimeran, Franz-Ludwig, Valerie og Constanze.

Himmler planla å utrydde familiane og namna til konspiratørane fullstendig. Den planlagte blodhemnen blei likevel oppgitt. Den gravide hustrua til Stauffenberg og den eldste sonen Berthold blei saman med alle familiemedlemmar over 15 år deportert til konsentrasjonsleir, der det femte barnet, Constanze, blei fødd i 1945. Dei yngre barna blei flytta til ein barneheim ved Bad Sachsa i Niedersachsen, og det var planar om å bortadoptere dei til nasjonalsosialistiske familiar. Barna fekk andre etternamn (Stauffenberg-borna blei kalt Meister), og blei verande i barneheimen til slutten på krigen. I dei siste dagane av krigen planla SS å avrette kona og borna til Stauffenbergs, men gav opp planane då dei oppdaga at britiske soldatar var like i nærleiken.

Enka Nina døydde 2. april 2006. Deira son Berthold tok opp familietradisjonen og blei offiser. Han er no pensjonert generalmajor.

Idag er Bendlerstraße i Berlin kjent som Stauffenbergstraße, adressa til Bendlerblock der han arbeidde og blei avretta. Både Stuttgart, Karlsruhe, Hamburg, Tübingen, Augsburg, Leipzig, Leverkusen, Neu-Ulm og ein rekkje mindre stader har gater oppkalla etter Stauffenberg. Fleire skuler og andre offentlege bygg er oppkalt etter Stauffenberg, blant anna ei kaserne for Bundeswehr i Sigmaringen.

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske dramafilmen Valkyrie frå 2008 skildrar historia bak 20. juli-attentatet. Tom Cruise opptrer i filmen som hovudprotagonisten Stauffenberg. Filmen er regissert av Bryan Singer og manuskriptet er skriven av Christopher McQuarrie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Beevor, sjå nedanfor, side 44 og 60-61
  2. Beevor, op cit, side 156
  3. Adelstittelen Graf (greve) blei ein del av namnet etter at Weimar-republikken avskaffa den offisielle stillinga til adelen etter 1919.
  4. Philipp von Boeselager: Vi ville drepe Hitler (s. 158), forlaget Dinamo, Oslo 2008, ISBN 978-82-8071-195-3

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]