Every Picture Tells a Story

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Every Picture Tells a Story
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve Mai 1971
Innspelt Januar 1971
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Rootsrock[1]
Lengd 40:31
Selskap Mercury
Produsent Rod Stewart
Rod Stewart-kronologi
Gasoline Alley
(1970)
Every Picture Tells a Story Never a Dull Moment
(1972)
Singlar frå Every Picture Tells a Story
  1. «Reason to Believe« / »Maggie May»
    Utgjeve: 1971
  2. «Every Picture Tells a Story»
    Utgjeve: 1971 (Spania)
  3. «I Know I'm Losing You»
    Utgjeve: 1971

Every Picture Tells a Story er det tredje studioalbumet til den britiske songaren Rod Stewart, gjeve ut i mai 1971. Musikkstilen på albumet er ei blanding av hardrock, folk og blues.[2] Albumet gjekk til topps både i Storbritannia og USA og vart rangert på tredjeplassen på kritikarlista til Jazz & Pop over ei beste albuma i 1971.[3] I 2003 vart albumet rangert på 172. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet er ei blanding av rock, country, blues, soul og folk, og inneheld gjennombrotshitten til Stewart, «Maggie May», i tillegg til «Reason to Believe», ein song frå debutalbumet til Tim Hardin frå 1966. «Reason to Believe» vart først gjeve ut som den første singelen frå albumet, med «Maggie May» som B-side, men «Maggie May» vart meir populær og gjekk til topps både i Storbritannia og USA.

Albumet inneheld òg ein versjon av Arthur Crudup sin «That's All Right (Mama)» (den første singelen til Elvis Presley) og ein versjon av Bob Dylan-songen «Tomorrow Is a Long Time».

Alle dei fem medlemmane i Faces (der Stewart var songar) spelte på albumet, med gitarist/bassist Ronnie Wood og klaverspelar Ian McLaganHammond B3-orgel. På grunn av restriksjonar kring kontraktane deira, var oppføriga av kven som spelte på kva noko uklår,, og ein er ikkje sikker på om heile Faces spelte på Motown-hitten «(I Know) I'm Losing You».[5] Andre musikarar på plata var Ray Jackson på mandolin (men Stewart gløymde namnet hans og han er berre omtalt som «mandolinisten i Lindisfarne» på omslaget). Micky Waller spelte trommer. Maggie Bell song korvokal på tittelsporet og Madeline Bell song kor på den neste songen, «Seems Like a Long Time». Pete Sears spelte alt av piano på albumet, utanom på ein song, «I'm Losing You» der Ian McLagan spelar.

Albumet låg seks veker på toppen av albumlista i Storbritannia og fire veker i USA, samstundes som «Maggie May» toppa singellistene i begge land, og gjorde Stewart til ein av få artistar som har klart dette.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Robert ChristgauA+[6]
Rolling Stone(middels)[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]

I den originale meldinga si for Rolling Stone skreiv John Mendelsohn: «Keisam som den eine halvparten er, er det nok som er ubetinga glimrande på den andre halvdelen.»[7] Robert Christgau gav albumet glimrande kritikk for The Village Voice og likte særleg mandolin og pedalsteelgitaren på plata.[6] I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine: «Utan å endre tilnærminga til dette albumet, skapte Rod Stewart ei perfekt blanding av hardrock, folk og blues på dette meisterverket, Every Picture Tells a Story[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Every Picture Tells a Story»   6:01
2. «Seems Like a Long Time»   4:02
3. «That's All Right»   3:59
4. «Amazing Grace»   2:03
5. «Tomorrow Is a Long Time»   3:43
Side to
# Tittel Lengd
6. «Henry»   0:32
7. «Maggie May»   5:16
8. «Mandolin Wind»   5:33
9. «(I Know) I'm Losing You»   5:23
10. «Reason to Believe»   4:06

Merknad

  • «Henry» var berre trykt på etiketten på dei originale britiske og internasjonale utgåvene, ikkje på omslaget. Han vart fjerna frå sporlista på enkelte CD-utgåver, der det inngår som ein del av sporet «Maggie May».
  • «Amazing Grace» er ikkje oppført på etiketten på dei fleste utgåvene og på somme CD-utgåver er han ein del av «That's All Right». Teksten til denne vart skriven av John Newton.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I plateomslaget er namnet på to alkoholhaldige drykk (Martell Brandy og Mateus Rosé) sett innimellom musikarane som speler på plata.

Teknisk

  • Desmond Strobel – kunstnarisk leiar
  • John Craig – design, illustrasjon
  • Lisa Margolis – plateomslag

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–72) Plassering
Australske Kent Music Report[9] 1
Kanadiske RPM-lista[10] 1
Den nederlandske albumlista[11] 2
Den italienske albumlista[12] 20
Den japanske Oricon-lista[13] 84
Noreg - VG-lista[14] 9
Den spanske albumlista[15] 4
Swedish Kvällstoppen[16] 5
UK Albums Chart[17] 1
US Billboard 200[18] 1
Den vesttyske Media Control-lista[19] 23

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Den australske albumlista[9] 17
Den nederlandske albumlista[20] 5
Den italienske albumlista[12] 75
UK Albums Chart[21] 2
U.S. Billboard Pop Albums[22] 34
Liste (1972) Plassering
Den australske albumlista[9] 23
Den nederlandske albumlista[23] 47
U.S. Billboard Pop Albums[24] 65

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[25] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Canongate. s. 1046. ISBN 1841958271. ...the album was a masterclass in roots rock... 
  2. 2,0 2,1 2,2 Erlewine, Stephen Thomas. Every Picture Tells a StoryAllmusic. Henta 30. mai 2018.
  3. «The 1971 Jazz & Pop Critics Poll». The Village Voice. 10. februar 1972. Henta 30. mai 2018. 
  4. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «172 | Every Picture Tells a Story – Rod Stewart». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Henta 30. mai 2018. 
  5. Liner notes, Faces' The Definitive Rock Collection, Rhino Records, 2007
  6. 6,0 6,1 Christgau, Robert. «CG: Every Picture Tells a Story». Robert Christgau. Henta 30. mai 2018. 
  7. 7,0 7,1 Mendelsohn, John (8. juli 1971). «Every Picture Tells A Story». Rolling Stone (86). Henta 30. mai 2018. 
  8. «Rod Stewart: Album Guide». Rolling Stone. Henta 30. mai 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Top Albums/CDs – Volume 16, No. 12». RPM. 6. november 1971. Henta 15. juni 2013. 
  11. «dutchcharts.nl Rod Stewart – Every Picture Tell a Story» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 30. mai 2018. 
  12. 12,0 12,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1971» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 30. mai 2018. 
  13. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  14. «norwegiancharts.com Rod Stewart – Every Picture Tell a Story» (ASP). Henta 30. mai 2018. 
  15. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  16. «Swedish Charts 1969–1972/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Augusti 1971 > 10. augusti» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Henta 30. mai 2018.  Merk: Kvällstoppen kombinerte sal for album og singlar på ei liste; Every Picture Tells a Story vart rangert på 13. plassen på lista den 10. august 1971.
  17. «Rod Stewart > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 30. mai 2018. 
  18. «Allmusic: Every Picture Tell a Story : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 30. mai 2018. 
  19. «Album Search: Rod Stewart – Every Picture Tell a Story» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 30. mai 2018. 
  20. «Dutch charts jaaroverzichten 1971» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 12. mai 2014. Henta 30. mai 2018. 
  21. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 30. mai 2018. Henta 30. mai 2018. 
  22. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1971». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 30. mai 2018. 
  23. «Dutch charts jaaroverzichten 1972» (ASP) (på nederlandsk). Henta 30. mai 2018. 
  24. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1972». billboard.biz. Arkivert frå originalen 6. desember 2012. Henta 30. mai 2018. 
  25. «American album salstrofé – Rod Stewart – Every Picture Tells a Story». Recording Industry Association of America. Henta 30. mai 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH