The Lost Episodes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Lost Episodes
Samlealbum av Frank Zappa
Utgjeve 27. februar 1996
Innspelt 1958–1992
Sjanger eksperimentell rock, progressiv rock, jazzfusion, hardrock
Lengd 71:14
Selskap Rykodisc
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Civilization Phaze III
(1994)
The Lost Episodes Läther
(1996)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Guardian 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [2]
Entertainment Weekly (B+)[3]

The Lost Episodes er eit album av Frank Zappa som kom ut posthumt i 1996, med songar som ikkje tidlegare var gjeve ut (med unntak av «I Don't Want To Get Drafted»). Mykje av songane dekkjr den tidlege tida i karrieren hans, så tidleg som 1958, fram til midten av 1970-åra. Zappa hadde arbeidd med desse spora i åra før han døydde i 1993.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld fem spor med Captain Beefheart (som på dei tidlege innspelingane nytta fødenamnet Don Vliet og seinare Don Van Vliet): «Lost in a Whirlpool», ein bluesparodi frå kring 1958–59 der Beefheart syng om å bli spylt ned toalettet; «Tiger Roach», ein rhythm and blues-song frå kring tre år seinare; «I'm a Band Leader» frå 1969, eit dialogstykke skriven av Zappa og lese av Beefheart; «Alley Cat», ein bluessong der Zappa spelar gitar med to av medlemmane i Beefheart's Magic Band og «The Grand Wazoo», eit kort korstykke spelt inn i 1969, som Zappa la på Synclavier i 1992.

Elles består plata av alternative og tidlege versjonar av songar som sidan kom ut på studioalbuma til Zappa. The Lost Episodes'-versjonen av «Any Way the Wind Blows», vart til dømes spelt inn i Cucamonga kring 1963—tre år før han kom ut på Freak Out! (1966). Versjonen av «Fountain of Love» vart spelt inn kring same tid, men ikkje gjeven ut før Cruising med Ruben & the Jets (1968). Fleire songar frå innspelingane i 1973 for Apostrophe (') og Over-Nite Sensation finst her med originalversjonane av «Inca Roads» og «RDNZL», i tillegg til Wino Man med Ricky Lancelotti på solovokal. Den siste songen er originalversjonen av «Sharleena» frå den skrinlagde andreutgåva av Hot Rats 1970 med Sugarcane Harris på solovokal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnde.. 

# Tittel Lengd
1. «The Blackouts»   0:22
2. «Lost in a Whirlpool» (Don Van Vliet, Zappa) 2:46
3. «Ronnie Sings?»   1:05
4. «Kenny's Booger Story»   0:33
5. «Ronnie's Booger Story»   1:16
6. «Mount St. Mary's Concert Excerpt»   2:28
7. «Take Your Clothes Off When You Dance»   3:51
8. «Tiger Roach» (Van Vliet, Zappa) 2:20
9. «Run Home Slow Theme»   1:25
10. «Fountain of Love» (Zappa, Ray Collins) 2:08
11. «Run Home Cues, #2»   0:28
12. «Any Way the Wind Blows»   2:14
13. «Run Home Cues, #3»   0:11
14. «Charva»   1:59
15. «The Dick Kunc Story»   0:46
16. «Wedding Dress Song» (Trad., arr. Zappa) 1:14
17. «Handsome Cabin Boy» (Trad., arr. Zappa) 1:21
18. «Cops & Buns»   2:36
19. «The Big Squeeze»   0:43
20. «I'm a Band Leader»   1:14
21. «Alley Cat» (Van Vliet, Zappa) 2:47
22. «The Grand Wazoo»   2:12
23. «Wonderful Wino» (Zappa, Jeff Simmons) 2:47
24. «Kung Fu»   1:06
25. «RDNZL»   3:49
26. «Basement Music #1»   3:46
27. «Inca Roads»   3:42
28. «Lil' Clanton Shuffle»   4:47
29. «I Don't Wanna Get Drafted»   3:24
30. «Sharleena»   11:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, R.. «Lost Episodes - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r231904. Henta 22. august 2014. 
  2. Glaister, D.. «The Captain Beefheart Radar Station - The Lost Episodes». beefheart.com. http://www.beefheart.com/datharp/reviews/lostepisodes.htm. Henta 22. august 2014. 
  3. Woodard, Josef (8 mars 1996). «The Lost Episodes Review | Music Reviews and News | EW.com». ew.com. http://www.ew.com/ew/article/0,,291594,00.html. Henta 17 juni 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]