Erik Thorstvedt
Erik Thorstvedt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. oktober 1962 (62 år) Stavanger kommune |
Yrke | fotballspelar |
Språk | norsk |
Høgd | 192 centimeter |
Erik Thorstvedt på Commons |
Erik Thorstvedt (fødd 28. oktober 1962) i Stavanger) er ein norsk tidlegare fotballspelar. Han var målvakt og aktiv på nasjonalt og internasjonalt nivå frå 1981 til 1996. Thorstvedt debuterte i på det norske fotballandslaget i ein kamp mot Kuwait (Resultat: 0–1) 13. november 1982. Han var førsteval mellom målstengene på landslaget i 13-14 år, og spela 97 A-landskampar, den siste i 1996.
Thorstvedt spela for klubbane Madla, Eik, Viking, Borussia Mönchengladbach, IFK Göteborg og Tottenham. Han var tapande cupfinalist med Viking i 1984 – ein kamp som vert særleg hugsa grunna eit frisparkmål av Per Egil Ahlsen. Sidan var han med å vinne to svenske seriemesterskap for IFK Göteborg, og vart i 1991 den første nordmann som vart cupmeister i England med Tottenham. Thorstvedts keeperdrakt og FA-cupmedalje er i dag utstilt på Fotballmuseet på Ullevaal stadion.
Etter han slutta som spelar var Thorstvedt keepertrenar på det norske landslaget og sportsdirektør i Viking. I dag er han programleiar i sportsavdelinga i fjernsynsselskapet TV2.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av FA-cupen: 1991 med Tottenham Hotspur
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1962
- Norske landslagsspelarar i fotball
- Viking-spelarar
- Borussia Mönchengladbach-spelarar
- IFK Göteborg-spelarar
- Tottenham-spelarar
- Målvakter i fotball
- Norske deltakarar under sommar-OL 1984
- Fotballspelarar under sommar-OL 1984
- Spelarar i Fotball-VM 1994
- Vinnarar av Kniksenprisen
- Programleiarar for TV2
- Folk frå Stavanger