Færder nasjonalpark
59°9′0″N 10°30′36″E / 59.15000°N 10.51000°E
Færder nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Kommune | Færder | ||
Areal | 340 km² | ||
• land | 325 km² | ||
• vatn | 15 km² | ||
Oppretta | 31. august 2013 | ||
Færder nasjonalpark 59°09′N 10°31′E / 59.15°N 10.51°E | |||
Wikimedia Commons: Færder nasjonalpark |
Færder nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg i Færder kommune, Vestfold fylke.[1] Parken opna offisielt 31. august 2013, som den 37. nasjonalparken på det norske fastlandet og den første i Vestfold. Verneplanen for Færder nasjonalpark blei vedteke av Kongen i statsråd 23. august 2013.[2] Nasjonalparken blei oppretta for å «bevare eit større naturområde med representative økosystem ved kysten i ytre Oslofjord med særleg vekt på landskap, naturtypar, artar og geologiske førekomstar på land og i sjø og som er utan tyngre naturinngrep».[3]
Nasjonalparken dekkjer eit område på om lag 340 km², derav 325 km² i sjø. Han strekkjer seg frå Ormøy i nord til Færder fyr i sør.[4] Ormøy–Færder landskapsvernområde og ei rekkje naturreservat blei lemma inn i nasjonalparken da han blei skipa.[1]
Sandøya, Bolærne, Østre Bustein og Moutmarka er viktige område for ein mangfaldig planteflora og insektfauna. Det er registrert 309 raudlista artar i nasjonalparken, mellom anna kammarimjelle og gul hornvalmue.[5]
Øyane Store Færder og Tristein og det freda Færder fyr ligg innanfor nasjonalparken. Det same gjeld Grevestuen på Mellom Bolæren, ei av dei eldste jakthyttene i Noreg.[3] Delar av dei busette øyane Bjerkøy, Nordre Årøy og Søndre Årøy ligg også innanfor nasjonalparken.[5]
I Færder nasjonalpark er òg sjøbotnen verna.[6]
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]-
Færder fyr sett frå sør
-
Frå Sandøya i Tjøme
-
Øya Leistein i Tjøme skjergard
-
Grevestuen frå kring 1880
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Færder nasjonalpark» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Forskrift om vern av Færder nasjonalpark, Nøtterøy og Tjøme kommuner, Vestfold
- ↑ Færder nasjonalpark – Store Norske Leksikon
- ↑ 3,0 3,1 Færder nasjonalpark er oppretta – regjeringen.no
- ↑ Verneplan for Færder nasjonalpark i Nøtterøy og Tjøme kommuner, Vestfold fylke
- ↑ 5,0 5,1 Faktaark fra Miljødirektoratet
- ↑ Informasjon fra Miljødirektoratet, arkivert frå originalen 21. oktober 2016, henta 15. september 2013