Handball under Sommar-OL 2016/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arena Carioca

Handball under Sommar-OL 2016 for kvinner vart avvikla i tida 6. til 20. august 2016 i Arena Carioca i Rio de Janeiro. Tolv land var kvalifisert og deltok i turneringa. Russlands lag vart olympisk meister, Frankrike fekk sølv og Noreg bronse.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei russiske kvinnene leia 10-7 over Frankrike. Gjennom den andre omgangen heldt dei seg heile vegen nokre få mål framom, og til sist vann Russland OL-finalen med 22-19. Anna Vjakhireva vart russisk toppskårar med 5 mål, ho vart elles kåra til turneringas beste spelar. Russlands mannskap bestod elles av Anna Sedojkina, Polina Kuznetsova, Daria Dmitrijeva, Anna Sen, Olga Akopjan, Marina Sudakova, Vladlena Bobrovnikova, Viktoria Zjilinskajte, Jekaterina Marennikova, Irina Bliznova, Jekaterina Ilina, Maja Petrova, Tatjana Jerokhina, Viktorija Kalinina.

Dei norske dommarane Kjersti Arntsen og Guri Røen straffa Russland med to 2-minuttsutvisingar og Frankrike med ei.

Bronsekampen[endre | endre wikiteksten]

Noregs kvinner sikra seg bronsemedaljar ved å vinne bronsefinalen med 36-26 over Nederland. Dei norske medaljevinnarane var Kari Aalvik Grimsbø, Mari Molid, Emilie Hegh Arntzen, Veronica Kristiansen, Ida Alstad, Heidi Løke, Nora Mørk, Stine Oftedal, Marit Malm Frafjord, Katrine Lunde, Linn-Kristin Riegelhuth Koren, Amanda Kurtović, Camilla Herrem og Sanna Solberg.

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

  • Frankrike - Nederland 24-23
  • Russland - Noreg 38-37 eeo

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

  • Brasil - Nederland 23-32
  • Frankrike - Spania 28-27 eeo
  • Noreg - Sverige 33-20
  • Russland - Angola 31-27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]