Hustveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gardshuset på Hustveit.

Hustveit er ein gard som ligg opp frå riksveg 520 om lag midtvegs mellom Ropeid og Sauda. Ryfylkemuseet eig husa på Jonegarden, det eine av dei to gardsbruka på Hustveit. Marka kring bruket er verna som naturreservat og blir forvalta av Fylkesmannen i Rogaland. Friluftsrådet Vest legg til rette for friluftsliv i området.

Bygningane på Jonegarden er sette i stand slik dei stod på slutten av 1800-talet. Løa er flytta frå Tysseland, men står på murane til den opphavlege løa på garden. Ved Kvednafossen ein liten spasertur langs den gamle ferdselsvegen mellom Ilstad og Honganvik er eit fint anlegg av kvernhus, korntørke, sag og buhus som i seinare tid blei brukt til verkstad.

Inventar i hovudbygningen er det opphavlege. Bygningen har såleis stor grad av autentisitet.

Området er særleg godt eigna til friluftsliv og turar. Stølen som ligg eit par timar gange frå garden er restaurert, har eit par sengeplassar og er ope for publikum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]