Hopp til innhald

Sauda museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sauda museum er ei lokal museumseining som held hus i eit tidlegare butikklokale attmed rådhuset i Sauda sentrum. Grunnstammen i den samlinga som er stilt ut er ei samling som ei tidlegare kulturminnenemnd administrerte. Eigedomsretten til denne samlinga blei overført til Ryfylkemuseet gjennom vedtak i Sauda kommunestyre i 1984. Samlinga er seinare tilført nye gjenstandar. Det er Sauda kommune som betalar for drifta av museet.

Samtidig med at museumssamlinga var overført til Ryfylkemuseet vart også ei lita stølsbu i Slettedalen overdregen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]