Ryfylkemuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryfylkemuseet Sand

Ryfylkemuseet er regionmuseum for kommunane i Ryfylke i Rogaland fylke. Kommunane er Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvistsøy. Regionen omfattar, øy-, fjord- og fjell-landskapet i Rogaland og har eit folketal på ca. 30 000.

Hovudsetet til museet er på Sand, men museet er kjenneteikna av at det har mange museumsanlegg som står på sine opphavlege stader kring om i bygdene. Museet har avdelingar i dei fleste kommunane. Folk i Ryfylke, årboka til Ryfylkemuseet, vert gitt ut kvart år.

Satsingsområde[endre | endre wikiteksten]

  • Bygningsvern: Dei siste åra har arbeidet med den handlingsborne kunnskapen knytt til bygningsfaga vore eit satsingsområde. Museet har ei bygningsavdeling med fleire tilsette som driv restaureringsarbeid på høgt nivå på museet sine bygningar.
  • Kulturelt mangfald: Eit anna satsingsområde er dokumentasjon av innvandringa i bygdene og deltaking i arbeidet med integrering gjennom å gjera museet til ein møteplass for innvandrarar og mellom innvandrarar og fastbuande.
  • Bygdebøker: Gjennom eit samarbeid med Suldal kommune driv museet eit langsiktig lokalhistorisk forskingsprosjekt.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ryfylkemuseet blei etablert som regionmuseum for Ryfylke gjennom ein avtale mellom styret i det daverande Rogaland Folkemuseum og Rogaland fylkeskommune 21. oktober 1980. Det praktiske arbeidet med utviklinga av museet starta da det blei etablert nytt hovudsete på Sand året etter.

Det tidlegare Rogaland Folkemuseum var skipa i 1936. Meininga var at det skulle byggast opp eit folkemuseum ved Mosvatnet i Stavanger med bygningar frå Jæren, Ryfylke og Stavanger. Men grunnleggarane av museet lukkast ikkje med å gjennomføre denne planen, og dei bygningane som museet etterkvart fekk hand om blei ståande på sine opphavlege tufter. På den måten blei Rogaland Folkemuseum etterkvart eit unikt museum med dei fleste av samlingane ståande på «rot».

Etter omgjeringa til regionmuseum for Ryfylke blei samlingane på Jæren, som m.a. omfatta Grødalands-tunet, overført til Hå bygdemuseum og den nye museumseininga, Jærmuseet. Dei samlingane som museet hadde i Hjelmeland og Suldal gjekk inn i regionmuseet.

Etter å ha arbeidd med innsamling av song-, musikk- og dansetradisjonar frå Rogaland i 10 år, blei Folkemusikkarkivet for Rogaland etablert som ein integrert del av Ryfylkemuseet i 1992.

Likeeins blei det i 2002 etablert eit Senter for bygningsvern som ei avdeling ved museet, etter at museet sidan 1995 hadde arbeidd med dokumentasjon, vern og vidareføring av tradisjonshandverk.

Etterkvart som museet har fått fleire stillingar har engasjementet i andre delar av regionen auka. I samband med starten på den nasjonale museumsreforma blei det i 2001 inngått avtalar med kommunane om etablering av Ryfylke som ei såkalla konsolidert museumseining. Alle dei kommunale samlingane er nå underlagt Ryfylkemuseet.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Ryfylkemuseet har følgjande avdelingar:

Suldal[endre | endre wikiteksten]

Sauda[endre | endre wikiteksten]

Stølsbua i Slettedalen.
  • Hustveit - gardstun, kvernhus, sag og støl
  • Industriarbeidarmuseet i Sauda - fire-familiehus i Åbø-byen med fotoutstilling og husvære innreidd som på 20-talet og 60-talet
  • Sauda museum - museumssamling i eige bygg ved Sauda rådhus
  • Slettedalen - ei stølsbu i Slettedalen

Hjelmeland[endre | endre wikiteksten]

Forsand[endre | endre wikiteksten]

Rennesøy[endre | endre wikiteksten]

Finnøy[endre | endre wikiteksten]

Kvitsøy[endre | endre wikiteksten]

Flytande fartøy[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]