Sjøhuset i Bergevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøhuset i Bergevik i 2008

Sjøhuset i Bergevik er i dag eit museum i Forsand kommune og er del av Ryfylkemuseet sitt verksemdsområdet. Originalt var det eit sjøhus som blei brukt til salting av sild og krydring av brisling frå fisket i Lysefjorden. I ei tid, då dei eksporterte o-skjel, jobba det truleg opp mot 50 menneske i huset. Det var derfor sentralt i historia til Forsand, og av den grunn blei huset restaurert i 1996. Det held årleg ope tre veker om sommaren, og ved særskilde hendingar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Huset blei bygd i 1850 av Ivar Halvarson Berge. Initialane hans, IH, er måla ved døra i 1. etasje. Han dreiv frå før trevarefabrikk i Kvernavika, litt lenger inne i Lysefjorden.

Etter kvart kom det i gang salting av sild og krydring av haustbrisling til ansjos. Dette var typisk kvinnearbeid.

I 1880-åra opphøyrde krydring av brisling. På den tid kom det hermetikkfabrikkar til Stavanger. Hermetikkfabrikkane gav betre betaling. Men salting av fisk heldt fram i sjøhuset i Bergevik.

I 1891 fekk Forsand ein koppe-epidemi. Det var då viktig å unngå mykje folk samla på same stad, for å hindra spreiing av epidemien. Dei som var smitta fekk heller ikkje vera borti fiskereiskap og garn.

Hos handelsmannen og bakaren Stangeland, måtte folk frå smitta familiar stå utanfor butikken og rope inn ærendet sitt. Varene fekk dei i ein hov, betaling for varene la dei oppi ein kjele med desinfeksjonsmiddel. Dåverande eigar og son til han som bygde sjøhuset, Halvar Ivarson, døydde av koppar i november månad. Far hans Ivar Halvarson Berge døydde året etter.

Rundt 1900 tok dei til med fangst og salting av agnskjel i sjøhuset. Dei hadde då oppdaga store førekomstar med o-skjel i Lysefjorden /Vika/Bergsholmen). På grunt vatn blei det hausta med rive. På djupt vatn med skjelplog. Skjela blei lagt på tønner og seinare nytta til agn på krokfiske i Lofoten.

Museet er ope tre veker om sommaren

David Stangeland stod for sal av ein del av tønnene med agnskjel. I høgsesongen (seinhaustes) kunne opptil 40-50 mann stå for arbeidet med fangst og salting. Tilreisande agnskjelfiskarar leigde innkvartering på gardane rundt Vika, Kallali, Kallastein og Håheller.

På denne tida blei det drive handel i 1. etasje. Handelsmannen var David Stangeland. I sjøhuset budde det folk i begge etasjane, totalt ni menneske. Det var usle kår dei levde under, med lukt av salt og fisk. Og ikkje minst vind og kulde som gjekk rett inn gjennom veggene.

Rett etter hundreårsskiftet (1907 - 18) tok det slutt på dei store skjelførekomstane, og det blei starta opp med salting og krydring av sild igjen. Det kom fartøy frå vinter- og vårsildfisket. Silda blei gana, konservert med salt, lagt i tønner, påført saltlake og tetta med lokk.

Ein utanbygds mann, Thor Egeland, stod for varetransport pr båt til Austersjølanda (byane Gøteborg, Stockholm, Riga, St. Petersburg).

Etter 1918 brukte dåverande eigar Marselius Berge nedre delen av sjøhuset til naust. Dei innreidde romma blei brukt til buplass for vanskelegstilte eller folk som trong husvære. Sjøhusloftet var overnattingsstad for folk frå Lysefjorden.

På veggene i sjøhuset kan ein lesa mange namnetrekk og årstal. Nokre av dei er frå arbeidsfolk som budde i huset, medan andre er frå «kyrkjefolk frå Lysefjorden» som overnatta i sjøhuset når dei skulle til gudsteneste/barnedåp/konfirmasjon i Forsandkyrkja som er bygd i 1854.

Som museum[endre | endre wikiteksten]

På starten av 1990-talet stod huset i svært dårleg stand. Forsand Kommune fekk sett i gang restaurering av huset, som var ferdig i 1996. Då var det kome på plass ei utstilling, med bilete, gamle fiskereiskap og båtar. I dag disponerer Forsand Kommune huset, som eigentleg er privateigd, og held det ope tre veker om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sjøhuset i Bergevik av Kristian Berge