Husmannsplassen Bakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husmannsplassen Bakken på Rennesøy.

Husmannsplassen Bakken under Dalaker på Rennesøy er bygd kring 1800. Her er bustaddelen og uthuset bygd i eitt. Bygningen er nyleg restaurert og er i dag ei museumsavdeling under Ryfylkemuseet. Bakken er open for publikum i sommarsesongen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På Bakken har det vore husmannsplass under Dalaker sidan Elling Olson Sørbø og Mari Jakobsdotter slo seg ned i 1758. Det var husmenn på plassen fram til 1847, då enka etter den siste husmannen tok ungane med seg og reiste til Amerika.

Men i 1867 flytta Berta Karina og Knut Torsen Dalaker til Bakken. Berta Karina var fødd i 1846, og var dotter til bonden på Dalaker, Jørgen Eriksen, og andre kona hans, Vendel Olsdotter frå Høye i Avaldsnes. Knut var fødd i 1828 på husmannsplassen Ladberget under Austbø på Rennesøy. Dei fekk plassen av far hennar, og var sjølveigarar, og ikkje husmenn. Dei hadde ikkje plikt på garden. Knut var sjømann, og døydde i 1895. Dei rakk å få fem ungar, tre søner som alle reiste til Amerika som unge, og ein son og ei dotter som busette seg i Stavanger som vaksne.

På Bakken hadde dei 3-4 sauer som Berta Karina hadde ansvaret for. Då ho vart åleine, fekk ho låna ei ku frå Dalaker.

Dei hadde litt jord nedanom huset, og hage med nokre bærbuskar og plommetre, Omboplommer. Oppi bakkane, ovanom vegen, kan ein framleis sjå steingardane og nabbane der dei slo gras og hadde beite.

Brønnen låg like bortanom hagen, og nede i bakken kan me endå sjå eplekjellaren, der dei hadde jordeple.

Berta Karina levde til 1926. Dei siste åra budde ho hjå sonen Erik i Stavanger, og var berre på Bakken om sommaren. Det var barnebarnet Knut som overtok plassen, og brukte han som feriestad.

Rennesøy Bygdemuseum fekk bygningen i gåve av enka etter Knut i 1964. I 1973/74 fekk museet midlar frå Norsk Kulturråd, og gjorde ein del utbetringsarbeid på huset.

Dei siste åra har det vore gjort meir omfattande vedlikehaldsarbeid på huset. Huset vart måla oker, som var den eldste målinga ein fann. Truleg har huset stått umåla fram til det vart museumshus, og raudt etter at det vart museumshus.

Bygningane[endre | endre wikiteksten]

Stovehuset[endre | endre wikiteksten]

Det heiter seg at dei flytta med seg ei lafta stove frå heimegarden til mor til Berta Karina, og ei stove frå Austbøsjøen på Rennesøy. Begge desse stovene er lafta med sinklaft, og er av kløyvde stokkar. Det er ein type laft som det ser ut som vart tatt i bruk i Ryfylke frå midten av 1800-talet. Dvs. at dei truleg er bygd ikkje så lenge før dei vart flytta til Dalakerkleiva. Desse stovene vart sett inntil kvarandre. Bak eine stova er det eit lite kammers. Før ein kjem inn til stova, kjem ein inn i kjøken. Dette er sett opp i enkelt bindingsverk, og har grue på veggen mot stova.

I følgje museet sine informantar, var det seng i det inste kammerset, ei kommode, kister og klede. Det var og ei symaskin, men ikkje den som står i dag. I kammerset bak stova låg legdekona. Det var slik at Berta Karina hadde plikt på seg til å ha ei legdakone buande. Så i det vesle, gisne kammerset stod det ei seng.

Stova hadde både ei seng mot kammersveggen, og ein benk og bord ved glaset. Omnen som står i stova er den gamle. Berta Karina hadde rokk, men ikkje den som står her no. I tillegg er det sett inn nokre bruksting frå bygdasamlinga som kunne ha vore i ei slik enkel stove.

Informantane meiner ungane sov på lemmen, i det inste rommet. Korleis lemmen elles vart nytta, veit ein ikkje. Truleg var det oppbevaringsplass for mat og klede.

Kokinga gjekk føre seg i grua på kjøken. Informantane hugsar at det gule bordet stod borte ved grua, og at det hang ei tallerkenhylle over.

Løa[endre | endre wikiteksten]

I forlenging av stovehuset, er det bygd på løe på andre sida av kjøken. Det går dør frå kjøken og inn i løa. Det er ikkje mange slike samanbygde hus att i Rogaland, der folk og dyr bur under same tak.

Løa er sett opp i grindkonstruksjon, med stavar, slinder og stavleggjer, kroband, og neglingar som feste for bordkledningen. Her ser me at dei har kutta ut dei bakste stavane, og lagt slindra rett på steinmuren. På denne måten har dei spart noko tømmer. Stein var her nok av, mens tømmer måtte importerast.

Det er bygd steinmur i bakkant av løa, og i endeveggen. Rennesøy er velsigna med god byggestein, ein skiferaktig fyllitt, og dei har ein særeigen byggemåte, der steinen vert lagt med fall ut frå veggen, og stavlegjer som blir lagt på inste delen av muren, slik at taket sluttar godt innpå muren. Dette kan ha med klima å gjer, og vêr og vind.

Inn av låvedøra finn ein eit kraftig tregolv. Dette var trøskjegolvet, kor dei trøska kornet med tust. Truleg har det vore ei brikje, ein halvvegg, som stod ned i spora i bjelken under golvet, slik at det blei som ein karm rundt kornet. Ein veit ikkje korleis den har sett ut, og har difor vald å ikkje gjera forsøk på noko rekonstruksjon.

Det er ein sleppvegg mot hevdaskuten, der sauen stod. Over denne hadde ein høyet. Korleis resten av løa vart nytta, veit ein ikkje.

Vedaskuten[endre | endre wikiteksten]

I andre enden av bygningen finn me ei skut, der det har vore do og brensel, det vil seie ved og torv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]